Nok ein siger i siste kamp

Søndag 15. oktober kom Buøy til Fogn, for å kjempa om sesongens siste poeng. Førre kamp på Fogn Stadion endte i 3-0 siger. Mange håpa på ein "reprise" frå kampen mot Tjensvoll. Tilskodarane som hadde møtt opp, fekk kaker, vafler og fekk sjå ein særs underhaldane fotballkamp.

Tidleg i kampen scora Lars Olav. Fogn fortsatte presset, Jakob Bø scora nummer to. Like etter reduserte Buøy, 2-1. Så fekk Buøy eit straffespark, dei scora og dermed var ein like langt.

Ørjan Bø nikka ballen i nettet til 3-2. Buøy utligna igjen, og laga gjekk til pause med resultatet 3-3.

Eit stykke ut i 2. omgang fekk Buøy ein mann utvist, etter krangel med dommaren. Etter dette gjekk det lettere for dei blåkledde. Det vart vill jubel når Malvin Skartveit sørga for 4-3 leiing. 

Like før slutt vart Jørgen Bø jr. felt like utenfor 16-meteren. Faren skaut knallhardt rett i mål. Fogn vann kampen 5-3. 

Søndagsskule og søndagsring på skulen

Fra  og med søndag 15. oktober blir søndagsskulen og søndagsringen flytta til skulen, grunna rehabilitering av kjellaren på bedehuset. Kjellaren på bedehuset vart hardt ramma av den store nedbørsmengda natt til torsdag. Det er uvisst når kjellaren på bedehuset er klar for bruk att.

I morgon blir det altså søndagsskule og søndagsring på skulen frå klokka 11, alle er velkommen!

Bilete og video frå kyrkjekonserten

22197454_10203978059928367_1653011603_o.jpg

Laurdag 30. september vart det arrangert konsert til inntekt for flygelet i kyrkja. Her deltok mange artistar med lokal tilknytning, og Wictor Juul leia kvelden med stø hand. I tillegg var det mange som bidrog på andre måtar, mellom anna gjennom lyd og lys (Bjørn Runestad), flott plakat (Bernt Sunde og Liu Yang) pynting (Bjørn Esperås) og matlaging! 

Omlag 100 personar hadde møtt opp, og fekk servert ein flott musikalsk aften med stor variasjon i stilartane! Else Jorunn Løland Vold både filma og knipsa bilete frå kvelden, og de kan sjå nokre glimt frå begge deler under.

Endeleg kom sigeren

DSC_0204.JPG

Det var fine rammer rundt laurdagens a-lagskamp mot Tjensvoll. Mange hadde møtt opp for å heidre Jakob Bø, sidan han har spelt flest kampar for Fogn a-lag gjennom alle tider. Allereie frå start styrte Fogn kampen inn i sitt spor, med høgt press. I løpet av fyrste omgang var det knytta store diskusjonar til eit offsidedømt mål. Mange meinte også at Fogn skulle hatt eit straffespark denne omgangen. Til pause var stillinga 0-0.

 

I det 68. spilleminutt sørga Ørjan Bø for 1-0 leiing. To minutt seinare scora Jørgen Bø jr. sitt fyrste mål for a-lage, 2-0. Like før slutt punkterte Ørjan kampen med sitt andre mål, 3-0.

Etter kampen feira tilskodarar og spelarar Jakob med kake.

 

Under kan du sjå nokre bilete frå kampen:

To spennande arrangement idag!

Klokka 14.00 setter Jakob Bø ny rekord i antall kampar spelt for A-laget. Dette markeres med kake. Fogn spelar kamp mot Tjensvoll 2 på Fogn Stadion. Kom å sjå!

Klokka 19.00 blir det konsert i kyrkja. Mange songarar med tilknytting til Fogn kjem for å halde konsert. Det koster 150,- pr. person. Maks 300,- pr familie.  Inntektene går til det nye flygelet i kyrkja. Det blir også noko å bite i, etter konserten.

Skjermbilde 2017-09-30 kl. 10.20.56.png

Samanslåing på bedehuset

Fil 28.09.2017, 08 27 56.jpeg

I førre veke var det felles årsmøte på bedehuset, og i etterkant av møtet vart pressemeldinga under sendt ut:

Fogn Misjonssamling er stifta
Etter å ha arbeidd med saka over fleire år, var medlemmene i Fogn Bedehusforening og Fogn Misjonslag (NLM) kalla inn til ekstraordinært årsmøte på Fogn Bedehus 21 september. Temaet for kvelden var eit forslag om å etablera Fogn Misjonsforsamling ved i praksis å slå saman Fogn Bedehusforening og Fogn Misjonslag til eit felles lag. Mange hadde ordet under årsmøta og ordskiftet var sakleg og godt. Då røystene var talde opp synte det seg at det var eit solid fleirtal for å etablera Fogn Misjonsforsamling. Denne forsamlinga vert også knytt til NLM, fordi me trur det er godt å ha ein godt fundament og ein klår struktur for arbeidet. Samstundes har andre organisjonar, lag og einskildpersonar i praksis høve til å nytta Fogn Bedehus slik som før.

Intensjonen er at Fogn Misjonsforsamling skal gi eit komplett kristent tilbod til sine medlemmer. Alle er velkomne til våre møter og samlingar – uavhengig av medlemskap i NLM eller andre organisasjonar eller kyrkjesamfunn.

Det er vald eit interimstyre for Fogn Misjonsforsamling som vert sitjande fram til første ordinære årsmøte tidleg i 2018. Interimstyret er samansett slik:

Paul Aano
Kristel Borgemyr
Kjersti Sandanger
Håvard Østhus
Jon Olav Østhus