Søndagstur på torsdag...

TDF 3.jpg

Søndagstur

på ein torsdag...

På Kristi himmelfartsdag, torsdag 25. mai, vert det arrangert felles "søndagstur" til Skinnvigå. Folk kan anten koma sjøveien, eller parkera ved drivhuset til Mari-Anne og Jon Olav. Oppmøtetid på parkeringsplassen er klokka 14.00. 

Det vert laga til eit lite bål til grilling, og alle som ynskjer det er hjarteleg velkomne til å vere med på tur!

Arr: Turgruppa med repr. frå Fogn IL, helselaget og speidaren.

Bilete og filmar frå 17. maifeiringa!

DSC_0018.jpg

17. Mai

Fogn 2017

Sjølv om dagen starta med tåke, så sette ikkje det nokon dempar på feiringa av nasjonaldagen på Fogn! Og når det i tillegg lysna opp etterkvart, så vart 17. mai 2017 ein heilt topp dag! Her var alt det ein er vane med, mellom anna barne- og folketog, samling i kyrkja, matøkt utanfor oppvekstsenteret, og mange leiker og aktivteter for små og store. Men det var også nyvinningar som øksekast og VIPPS-betaling, så 17. mai på Fogn er i stadig utvikling!

Under er ein serie med bilete som Kristian Sandanger Iversen har knipsa frå den flotte dagen:

Under folkefesten om kvelden vart det som vanleg vist fleire filmar, produsert for anledningen. Desse filmane er no lagt inn på Fogn TV, men de kan og sjå dei under:

Program for 17. mai på Fogn

17. mai

Fogn 2017

Klokka 09.30: Samling ved flagget på oppvekstsenteret. Deretter går toget.

Klokka 10.30: Samling i kyrkja. Toget returnerer til oppvekstsenteret når samlinga er over.

Klokka 11.30: Matøkt. Ta med stolar og bord slik me pleier å gjere. Kiosk med bla. kaffi, brus, pølser og is!

Klokka 12.30: Leiker for små og store

Klokka 14.30: Premieutdeling

Klokka 19.30: Folkefest for dei ifrå 8. klasse og oppover. Magnhild Meltveit Kleppa er festtalar i år. Dørene opnar klokka 18.45. 

Inngongspengar til festen er kr 250,- per person, max 750 kr per fam (barn t.o.m. 19 år)

Vel møtt til ein festdag!

Turstigruppe og dugnad

Under styremøte i grendalaget 9. mai 2017, var det oppe ei sak om turstiane på Fogn. Det vart gjort ein stor innsats knytta til rydding og merking av stiar for nokre år sidan, og no trengs det vedlikehald. Grendalaget vil settje ned ei gruppe som har eit spesielt ansvar for dette med vedlikehald av turstiane. Frå grendalagsstyret vil Ingeborg Bø Rolfsen og Solfrid Torgersen vera med i gruppa, men dei vil gjerne ha med seg fleire som er glade i turstiane våre! Dersom du ynskjer å vere med i gruppa, er det berre å kontakte Ingeborg (482 86 387) eller Solfrid (415 10 003)

Vi vil samstundes oppmoda dei som nyttar turstiane til å gjerne ta med ei ryddesaks eller ein hammar på enkelte turar, og gjera ein liten dugnad med å klippe greiner som er i vegen, og slå ned merkepinnane langs stien. 

Når det gjeld stien ned til Skinnvika, og stranda der nede, så vil grendalaget gjennomføra ein eigen dugnad laurdag 20. mai frå klokka 10.00-13.00. Her er både store og små velkomne til å vere med, og ta gjerne med ei saks, ei rive, ei motorsag eller anna utstyr du tenkjer kan vere tenleg på ein slik dugnad! Har du spørsmål om dugnaden, kan Heidi Bø Sangedal kontaktast på 470 10 909.

Konfirmantane 2017

Søndag 7. mai var det konfirmasjonsgudsteneste i Fogn kyrkje. Ramma rundt festdagen var flott med både sol og ein temperatur som må vera bortimot optimal for dei som har investert i bunad! Dei fire konfirmantane var Ellen Hole Runestad, Silje Nordvik Akselberg, Ida Selvåg Sunde og Jørgen Bø.

Det var "offisiell" fotografering av konfirmantane like før gudstenesten byrja, og under er eit par andre bilete av konfirmantane.

Påmeldinga til Tour of Norway for kids er open!

Som vi tidlegare har informert om, så kjem sykkelrittet Tour of Norway for kids til Fogn måndag 10. juli. I Rogaland er det Stavanger, Sauda, Egersund, Bryne og Fogn som er så heldige å få besøk av dette "sirkuset", så Fogn er så absolutt i godt selskap!

Ivar Opsal, som er rittansvarleg på Fogn, melder frå om at det no er mogleg å melda seg på sykkelrittet. Det kan du gjere ved å klikka HER.

Elles kan det nemnast at rundløypa som skal nyttast på Fogn, vert lagt til Runestad, der det er både idylliske forhold rundt løypa, og gode moglegheiter til parkering. Meir informasjon kjem etterkvart.