Elevbedrift sel mat på Fogn i veke 47!

I veke 47 skal elevane på biletet, i tillegg til to elevar frå Talgje, ha sal av mat frå eiga kantine på Fogn oppvekstsenter. Elevane går til dagleg i 9. klasse på Finnøy sentralskule, men i veke 47 skal dei altså byte blyant og skrivebøker med sleiv og bakebolle! Elevbedrifta, som har fått namnet "Jørgen og damene", har dette tilbodet til elevar og tilsette ved Fogn oppvekstsenter i matfriminuttet neste veke:

Måndag 21. november

Skulebolle: 20 kr. 
Kakao med krem: 10 kr.

Tysdag 22. november

Fruktsalat med vaniljesaus: 20 kr.

Onsdag 23. november

Pizzabolle: 20 kr.
1 glas saft er gratis ved kjøp av pizzabolle. Berre saft kostar 5 kr.

Torsdag 24. november

Skulebolle: 20 kr. 
Kakao med krem: 10 kr.

Fredag 25. november

Pizzabolle: 20 kr.
1 glas saft er gratis ved kjøp av pizzabolle. Berre saft kostar 5 kr.

"Jørgen og damene" tek imot bestilling på pizzabollar frå alle som ynskjer det. Det kostar 150 kroner for ein pose med 10 pizzabollar. Bestillinga må skje før klokka 14.00 dagen før du vil ha varene, og så kan dei hentast på oppvekstsenteret mellom klokka 12.00-14.30. Dersom du ynskjer å få levert pizzabollene på døra mellom klokka 12.00 - 16.30, så kostar dette 50 kroner ekstra per bestilling. 

Bestilling skjer til marknadssjef Ida på telefon 916 57 391.

Vi ynskjer bedrifta lukke til!

Fleire Dorperar på veg!

Tysdag 8. november og onsdag 9. november vart det til saman lagt inn 200 embryo av saureasen Dorper på garden til John Runestad. 130 av desse var vanlig Dorper (svart hovud), medan dei siste 70 var kvit Dorper. Embryoa vart lagt inn i sauene til John Runestad og Rune Opsal.
 
Dette er ei fortsetting av avlsarbeidet frå i fjor med nye gener frå Australia slik at vidare avl på eigne dyr kan fortsette neste år.
Innlegget av embryo vart gjort av veterinær frå Australia (Michylla Seal) med assistent. Dyra var klargjort for embryooverføring av Dag Aasland.
Fleire personer var innom fjoset og observerte innlegget av embryo, blant desse var dei to nyinnflytta fognabuane og dyrlegane Marita Sandanger og Sondre Sørheim som fekk tips og informasjon frå den australske dyrlegen.

Nå er det berre å  vente i spenning til våren og lemminga for å se kor mange lam som blir født!

Tekst og bilete: Ivar Opsal

Kurt Hjemdal taler på Fogn i helga

Det har nærmast vorte ein tradisjon at Kurt Hjemdal kjem til Fogn ei helg i året for å ha møter på bedehus og i kyrkja. I år kjem Kurt helga 11.-13. november, og han skal tale over ulike emne frå Johannesevangeliet, med overskrifta "Å se Guds herlighet". Møteplanen for helga ser slik ut:

Fredag kl. 19.30 på bedehuset - "Kom og se"

Laurdag kl. 18.00 på bedehuset - "Veien til frelse"

Det vert servert kaffi og kaffimat mellom møta på laurdagen

Laurdag kl. 19.30 på bedehuset - "Brødet fra himmelen"

Søndag kl. 11.00 i kyrkja - Gudsteneste med fokus på dagens tekst frå Lukas 13, 10-17.

Alle er hjarteleg velkomne!

Arr: Normisjon v/ Joar Sandanger

Mange fann "gull" på solidaritetsaksjonen!

Det var nok ikkje alle som studerte "loppene" så grundig som Dag Olav Sæbøvåg (biletet), men likevel var det mange som fann noko dei ville ha både på loppemarknaden, og elles på dei ulike stasjonane under årets solidaritetsaksjon på Fogn oppvekstsenter!

I år samla elevane inn pengar til born i Laos, slik at desse skal få kunne gå på skule, akkurat slik som borna i Noreg får lov til. Og det sto ikkje på kreativiteten til elevane når det gjaldt måtar å samla inn pengar på! Nytt av året var både spøkelseshus og "bottleflip", i tillegg til at dei hadde leita fram lykkehjulet som vanlegvis berre vert brukt på 17. mai. I tillegg var det "gamle slagarar" som "Hud og hår", loppemarknad, sal av ymse ting, loddsal og sal av mat, kaker og kaffi. Barnehagen var òg på butikken tidlegare torsdag, og solgte lappar i anledning aksjonen. Til saman kom det inn 20 166 kroner til borna i Laos, ny innsamlingsrekord for aksjonen, og første gong over 20 000 kroner!

Stemningen var særs god i både førebuingar og under sjølve aksjonen, noko som best kan beskrivast gjennom bileta i serien under:

Søndagstur til helga

På Søndag 30. oktober blir det ny Søndagstur.
Turen går denne gong til Finnøy, og Teigen. Der e det mange flotte turstiar, og fine ting og sjå. Det blir og mulighet for grilling. Det blir og litt aktivitetar/konkurransar. Ta med bilen, eller avtal med andre å kjør ilag. Ferja går 11.40 frå Fogn. Heim igjen er det fleire mulighetar utover ettermiddagen.
Håpar mange blir med!

Arr: Helselaget, Idrettslaget og Speidaren