Flott feiring av kyrkja vår!

I og med at kyrkja på Fogn vart innvia hausten 1991, var det i helga tid for å feire 25-åringen, noko som vart gjort til gagns! 

Laurdag kveld hadde sjølvaste Rune Larsen konsert med tittelen "Frå rockens konge til Kongenes konge". Larsen baud, saman med to musikarar, på både kjende og kjære songar, men også nokre nyare låter. Alt verka til å falla i smak hjå dei omlag 130 frammøtte, som i tillegg til konsert fekk med seg ein imponerande kveldsmat "med noko attåt" i kyrkjekjellaren til langt ut på kvelden!

På søndag var det tid for gudsteneste, der ikkje mindre enn fire noverande og tidlegare prestar i Talgje sokn deltok. Både Anders Kvalevåg, Terje Engstrøm, Gunnar Frøyland og Erik Rørtveit hadde tatt turen til kyrkja, saman med omlag 150 andre. Under sjølve gudstenesta var det song av både barnekoret TøfFOGNådig, og Fognakoret, i tillegg til at "bursdagsfesten" vart markert med ballongar under preika til Gunnar Frøyland! 

Også på søndagen gjekk turen ned i kyrkjekjellaren etter samlinga oppe. Her vart det servert lapskaus, kaffi, kaker og dessertar, medan mange var framme ved mikrofonen for å koma med helsingar til "jubilanten"! Under kan de sjå bilete frå både konserten på laurdag og samlinga på søndagen:

Klart for jubileumshelg i kyrkja!

Fogn kyrkje er 25 år (vigsling 17. november 1991)

Velkommen til jubileumshelg på Fogn!

Laurdag 22. oktober kl. 18.30 - Konsert med Rune Larsen
"Frå rockens konge til kongenes konge"
Inngongsbillett kr 200,-

Born under 16 år: kr 100,-


Etter konserten blir det drøs og mat i kyrkjekjellaren.


Jubileumsgudsteneste 23. oktober kl. 12.00
V/prestane Terje Engstrøm, Gunnar Frøyland, Anders Kvalevåg og Eirik Rørtveit.
Song ved Fognakoret og TøfFOGNådig
Nattverd
Takkoffer: Fogn kyrkje
Lapskaus, kaffi og kaker i kyrkjekjellaren etter gudstenesten.

Nytt tilbod om formiddagstreff for damer!

Wenche Runestad vil starta opp eit nytt tilbod om formiddagstreff for damer, og ynskjer å få videreformidla dette på Fogn.org:

Hallo damer! 

Jeg har lyst til å starte opp med formiddagstreff på eldresenteret onsdager i oddetalsuker fra kl. 11.00-13.30. Dersom dette høres interessant ut, møt opp onsdag 2. november, med eller uten strikketøy! Det blir servert kaffi og noe å bite i.

Vi betaler kr 25,- hver per gang, som skal dekke kaffi og leie. 

Gleder meg til å komme sammen til god drøs!

Wenche Runestad

 

Veldig fortent medalje!

Tysdag 18. oktober skjedde det noko som i fylgje "lokalhistorikarane" Reidunn Østhus og Ottar Sandanger ikkje har skjedd før, nemleg at ein Fognbu fekk kongens fortenestemedalje! Anne Marie Bøe mottok medaljen av ordførar Henrik Halleland under ein seremoni i foajeen på Fogn oppvekstsenter. Anne Marie fekk medaljen for hennar store engasjement og innsats i lokalmiljøet på Fogn! Ho har i mange år vore aktiv og primus motor i helselaget og ikkje minst på eldresenteret, i tillegg til at ho stiller opp når det er noko ho kan bidra med! 

Ordførar Halleland, som aldri hadde delt ut ein slik medalje før, tok seg tid til å skryta over Anne Marie sitt engasjement, og festa til slutt medaljen på henne, slik at alle kan sjå at ho har gjort seg fortent til den. Vi vil stilla oss i køen av gratulantar, og gratulera Anne Marie med ein særs fortent fortenestemedalje!

Under er nokre fleire bilete frå samlinga:

Etterlyst: Bøssebærarar!

Merete er på jakt etter fleire bøssebærarar!

Merete er på jakt etter fleire bøssebærarar!

Sundag 23. oktober er det tv-aksjon, og då plar det å vera bøssebærarar som tar ein tur rundt Fogn med bøsser. Merete Meling Kindingstad, som koordinerer innsamlinga, har kun fått to frivillege til aksjonen, noko som er for lite til å koma rundt til alle. Difor ynskjer ho å få med fleire! Viss nokon kan tenkje seg å bli med, eller veit om nokon andre som kan ha lyst å gå med bøsse, så kan dei anten kontakta Merete på 957 78 277, eller registrera seg på blimed.no.

Bli med!

Oppvekstsenteret på tur!

Nokre av deltakarane på turen tek seg ein kvilepause på eit velta tre på veg ned mot Holevågen.

Nokre av deltakarane på turen tek seg ein kvilepause på eit velta tre på veg ned mot Holevågen.

Fredag 30. september var Fogn oppvekstsenter på sin årlege hausttur. Det var ikkje veldig gode vèrmeldingar, men tur skulle det uansett verta, det var berre ikkje heilt klart kvar turen skulle gå! Planen var nemleg å reise til Rossøy med privatbåtar, men då det blès som mest på torsdag, var det ikkje mogleg å komme rundt øya for å leggje båtane klare til turen som skulle starte fredag morgon. Difor vart det alternativ plan. Oppmøte på Hovda, og så gjekk vegen over dei tre toppane Eikhaug, Borgaråsen og Himråsen, før ferda gjekk vidare til uteplassen bak drivhusa til Rasmus. Her vart det både grilling og leiker, og både barnehageborn og skuleelevar virka til å kosa seg ein heil del! At vi opplevde det aller meste av vèr denne dagen, sette heller ingen dempar på stemningen. Borna var godt kledde, og hadde det heilt topp!

Klikk HER for å sjå mange fleire bilete på oppvekstsenteret sine nettsider.

- Håvard Østhus