Felles oppstart på måndag 12. sept!

Måndag 12. september klokka 17.30 vert det felles oppstart for gutte- og jentelaget på Fogn. Oppstarten vert på bedehuset, og det vert andakt av Ola Aasland Vold, i tillegg til mat og leiker. Samlinga varer til klokka 18.45, og er open for gutar og jenter frå 2. klasse og oppover (yngre born er velkomne til Hobby og tru i kyrkja på same tidspunkt). 

Velkommen!

Fogn gutte- og jentelag

Strålande løp og meisterskap!

Smila kjempa om kapp med sola om å stråla mest, då årets Fognaløp og Fognameisterskap i friidrett gjekk av stabelen, søndag 4. september! I Fognaløpet stilte totalt ca. 25 deltakarar i dei ulike klassane, og det må ha vore bortimot deltakarrekord i Fognameisterskapet, kor over 40 store og små gav alt! Og når vi snakkar om store og små: tre av fire klassar i Fognaløpet vart vunne av deltakarar frå 8. klasse og nedover, imponerande innsats av Thea, Gaute og Kristian! Under er resultatliste (topp 3) for dei ulike løpsklassane, i tillegg til ein stor serie med bilete knipsa av Ingunn og Øyvind Sandanger, Arnstein Bøe og Håvard Østhus.

5 KM - DAMEKLASSEN
1. Thea Hovda Rørheim - 26.10
2. Anne Sunde - 29.18
3. Anne Martha Straumstein - 29.40

5 KM - HERREKLASSEN
1. Gaute Emil Semb - 24.59
2. James Alexander Kvamsøe Stensnes - 25.10
3. Arne Straumstein - 25.14

10 KM - DAMEKLASSEN
1. Janne Grethe Hovda Rørheim - 51.52
2. Solfrid Torgersen - 57.18
3. Anna Iversen - 1.08.16

10 KM - HERREKLASSEN
1. Kristian Iversen - 41.34
2. Håvard Østhus - 42.23
3. Martin Østhus - 44.00

Dramatisk siger då Sigve tangerte klubbrekorden!

Fogn - Hognestad: 5-4 (3-1). Fogn gjorde det nesten unødvendig spanande då dei tok tre poeng i kampen kor Sigve Bø tangerte klubbrekorden i talet på kampar, med 329!

I mange år er det Berge Sandanger som har regjert åleine på trona på A-laget sin adelskalender, med sine 329 kampar. Men fredag 2. september tangerte Sigve Bø rekorden i ein særs dramatisk heimekamp! 

Men det byrja på ingen måte dramatisk, heller nærmare koseleg, då spelande trenar, Jakob Bø, tok mikrofonen før kampstart, for å seie nokre fine ord til Sigve. Sistnemnde fekk ikkje berre fine ord, men også blomar og to drakter det sto "Sigve Bø - 25 sesonger" på. Ei drakt til seg sjølv, og ei til dottera! Sigve var ikkje snauare enn at han ikledde seg tok på seg drakta med ein gong, og spelte heile kampen i den.

På den blaute og tunge banen fekk Fogn ein sjelden pangstart med eit tidleg mål etter berre tre minutter. Jakob Bø chippa ballen gjennom til lynraske Sergej Kononov, som ikkje gjorde nokon feil åleine med keeper, 1-0!

Etter dette heldt Fogn fram med å pressa, men Hognestad var også farleg frampå ved nokre anledningar. Det var også dei som skulle få det neste målet, etter at bortelaget sin spiss fekk vende opp inne i 16-meteren, og plassere ballen lågt i mål, 1-1.

Men resten av omgangen handla det meste om Fogn, som fekk både sjansar og mål i fleiral før dommaren bles av til pause. Først var det litt klabb og babb i feltet, før Malvin Skartveit fekk lagt ballen til rette for Håvard Østhus, som sendte Fogn opp i leiinga med venstrefoten, 2-1!

Ikkje lenge etter kasta ein Hognestadforsvarar tilbake til eigen keeper, som plukka ballen opp med hendene. Regelen som seier at dette ikkje er lov, er gammal, men det verka ikkje som om Hognestadspelarane kjente til den. Dommaren gjorde det einaste rette, og dømte indirekte frispark til Fogn, omlag 7 meter frå mål. Det kunne nesten sjå ut som om Fogn hadde trent på denne typen frispark, for måten Jakob Bø finta pasning framover, før han brukte sålen til å trille ballen til Johannes Hovda jr, som dundra ballen i nettaket, såg rett og slett vakker og innøvd ut, 3-1!

I pausen var det som vanleg fokus på at "denne kampen er ikkje avgjort enno", og utover i andreomgang skulle det vise seg at den kommentaren var heilt på sin plass. Men det starta særs godt for Fogn, også i denne omgangen. Etter ca. 10 minutter slo Kristoffer Runestad eit flott innlegg over forsvaret og til Håvard Østhus, som styrte inn 4-1 leiinga til Fogn!

Men Hognestad gav seg ikkje. Eit innlegg frå deira venstreside vart kontant heada i mål til 4-2. Men ikkje lenge etter trudde nok dei fleste at kampen var avgjort, ein gong for alle. Sergej Kononov sette fart på venstresida, og la inn til spissmakker Håvard Østhus, som hadde ein nokså enkel jobb med å sette inn sitt tredje mål for dagen, 5-2! 

Så kan ein seie mykje om syting og klaging frå bortelaget sine spelarar og trenar, men kampmoralen skal dei så definitivt ha for. Sjølv på stillinga 5-2 var det 100% innsats, noko som raskt gav resultater. Først då ein retur frå keeper Trond Egil Sivertsen vart heada i mål, og deretter på eit frispark som nemnde Trond Egil berre fekk fingertuppane på, slik at ballen gjekk på innsida av nettveggen. Plutseleg sto det 5-4, og det var framleis nokre minutter igjen av kampen... Fogn hadde gjort fleire bytter, slik at mellom anna debutanten Olav Magnus Måland fekk sine første minutter på A-laget. Olav Magnus, med si fart og sitt gode venstrebein, var ein av faktorane som gjorde at Fogn likevel kunne jubla for tre poeng då dommar Osvald Høyland endeleg bles av kampen, etter eit sterkt press frå bortelaget mot slutten! 

Etter kampslutt vart Sigve igjen feira, denne gongen gjennom ei innkjøpt kake med påskrifta: "Sigve Bø - Klubblegende - 25 Sesonger - 329 Kamper". Kaka metta både spelarar og publikum, som hadde god tid til å "drøsa" om den spanande kampen medan haustmørket sakte la seg over Fogn stadion!

Denne viktige sigeren mot tabellnabo Hognestad, sender Fogn opp på 3. plass på tabellen, i alle fall i skrivande stund. No er det slik at dei to topplaga, Voll 2 og Lura 2, er i ein klasse for seg, så 3. plass må vere det realistiske målet for Fogn denne sesongen!

Jørgen Bø knipsa bilete både før, under og etter kampen. Sjå serien med bilete under kampfakta.

KAMPFAKTA

Fogn sine mål: Håvard (3), Sergej, Johannes

Fogn sine assists: Jakob (2), Malvin, Kristoffer, Sergej

Gule kort: Sigve og Johannes

Fogn sitt lag:
Trond Egil Sivertsen
Andreas Hagenes Bøe
Ivar Opsal
Sigve Bø
Martin Østhus
Ole Jakob Kjølvik
Jakob Bø
Johannes Hovda jr
Malvin Skartveit
Sergej Kononov
Håvard Østhus

Benytta reservar:
Kristoffer Runestad
Olav Magnus Måland
Vadim Rukmans
Ørjan Klev Ladstein

Ekstrabåt til Frukt og laksefestivalen

Nå førstkommande lørdag den 3. september er det på ny Frukt og Laksefestival på Hjelmeland. I den anledning setter Helgøy Skyssbåt A/S opp ekstrabåt.
Fogn ferje/hurtigbåtkai: 09.25
Judaberg ferje/hurtigbåtkai: 09.30
 Retur frå Hjelmeland kl 16.00
 Pris: Vanlig hurtigbåttakst

I tillegg til alt det kjekke som er å sjå og gjer på festivalen så skalHelgøy Skyssbåt ha guida turar på Jøsenfjorden den dagen.

Velkommen

Fognameisterskap til helga, Fogn IL informerer

Søndag 4. september går årets Fognaløp og -meisterskap av stabelen. Klokka 13.00 går startskotet for 5 og 10 km løpa, og idrettslaget oppfordrer alle (uansett alder) som liker å springe eller gå fort til å bli med. Det er også mulighet for å stille med stafett-lag dersom dette er ønskelig. Startavgift for dei over 16 år er 100,-. Det vert premiering til vinnarar i dame- og herreklasse i begge distansar.

I målområdet vert det som alltid god stemning, frukt og grønt! Dei som ynskjer kan grille pølser på bålpanne ved skulen, Det tradisjonsrike Fognameisterskapet for born i alle aldrar startar kl. 14.30, og her får alle premiar umiddelbart etter meisterskapet.

Velkommen til store og små, og hugs, det er meldt fint vèr!

Fogn IL

Storfint besøk på finfin visningsdag!

Når ein inviterer folk på fest, og planlegg å ha heile festen utandørs, set ein gjerne pris på fint vèr. Det var også tilfelle då Fogn grendalag inviterte alle som ville på visning av Fogn, laurdag 27. august, og vèret leverte så til de grader! Men det var ikkje berre vèret som leverte denne dagen! Omlag 60 personar hadde meldt seg på som deltakarar på visninga, og dei fleste av desse kom med den innleigde Helgøybåten frå Stavanger klokka 10.00. På båten møtte dei lokale folk frå Fogn, fekk informasjon gjennom både samtale og film, og kunne elles få høyre mange muntre kommentarar frå skipper Jon Arne Helgøy! I tillegg var det jo mykje å sjå på innover fjorden, så den drøye timen som sightseeingen varte, føltes kort, fortalte fleire av dei besøkjande!

På Fogn venta tre bussar som først tok alle med på ein guida tur rundt øya, før bussane gjekk i rute mellom dei ulike stasjonane som folk kunne velgje mellom denne dagen. I tillegg til å sjå på ledige tomter og hus/hytter, kunne dei frammøtte ta turen innom tomatpakkeriet, familiegarden på Bø, Erås museum, Galleri Bjørn, Lars Selvåg sitt gartneri, Fogn oppvekstsenter, guida tur til Peråsen og Joker Fogn med gratis lappar, kaffi og saft. Alle stasjonane var godt besøkte, som de kan sjå i serien med bilete under!

Det heile vart avslutta med ein flott matfest i Eidsvåg. Her var det tomatsuppe og grillmat til alle, og maten vart eten akkompagnert til lyden av glade barnestemmer som leika i strandkanten! På matfesten var det helsing frå ordførar Henrik Halleland, som hadde teke turen til Fogn denne laurdagen, i tillegg til ein quiz og eit lite intervju med ein av dei fastbuande på Fogn. 

Då klokka vart 17.00, var det tid for å seie takk for no, og til lyden av The Monroes med "Cheerio", køyrde Helgøybåten roleg ut av Eidsvåg, medan Fognbuen sto igjen og vinka til besøket etter ein flott dag! Og blant dei som kom til Fogn denne dagen var det fleire som gjekk og vurderte å anten skaffa seg hytte, eller flytta inn til øya. Og med ein dag som dette, så fekk dei nok ikkje mindre lyst til å bli enno betre kjent med Fogn!

Les kva Stavanger Aftenblad skreiv om dagen, ved å klikke HER (krev innlogging).

Bileta i serien like under er knipsa av Jørgen Bø og Håvard Østhus. Bileta i serien under dette igjen er knipsa av Karianne Nordbø Østhus.