Jørgen vann EM-konken, og var 5. best i landet!

Søndag 10. juli vart europmeisterskapet i fotball avslutta, med finalekampen mellom heimenasjonen Frankrike og utfordrarane frå Portugal. Etter ein dramatisk finale der Christiano Ronaldo måtte ut med skade, og sigersmålet kom i andre ekstraomgang, kunne til slutt dei raudkledde portugisarane løfta trofeet over hovudet, og kallast europameistarar 2016! 

Her på Fogn.org har vi hatt ein eigen tippekonkurranse, der deltakarane har tippa utfallet av alle kampar i gruppespelet, kva for lag som kom vidare til dei ulike rundane i sluttspelet, og sjølvsagt kven som sto igjen som vinnar til slutt. Når rekneskapen no er gjort opp, står Jørgen Bø jr igjen som vinnar, med den imponerande poengsummen på 95 poeng! Dette er ein så sterk poengsum at han vart nummer 5 av over 26 000 deltakarar i VG sitt opplegg "EM-profeten", som Fogn.org nytta til årets tippekonk. Denne sterke, nasjonale plasseringa, gjer at VG gir Jørgen to billettar til VM-kvalifiseringskampen mellom Noreg og Tyskland på Ullevål til hausten. Frå Fogn.org får han det same som alle vinnarar av våre tippekonkurransar får, nemleg ei innramma resultatliste som han kan ha som synleg bevis på at han slo alle saman!

Då vi snakka med Jørgen dagen etter finalen, var han framleis særs godt nøgd med eigen innsats. Særleg at han slo både far Jakob, bror Josef og søskenbarn Marius trakk Jørgen fram som eit høgdepunkt frå dette EM-et. Det var faktisk slik at dei tre som sat og såg finalen saman på Trevland søndag kveld, Jørgen, Josef og Marius, tok dei tre øvste plassane blant dei 24 som deltok i Fogn.org sin tippekonk. Jørgen kunne fortelja at Marius, som hadde vunne konkurransen dersom Frankrike hadde vunne EM-finalen, tok tapet med fatning. Jørgen understreka likevel at dersom Frankrike hadde vunne, og Marius då hadde vunne over Jørgen, ville det ikkje vore aktuelt at Marius overnatta hjå Jørgen etter finalen, slik han nå gjorde. På spørsmål om kva som gjorde at nettopp Jørgen hadde levert det beste tipset, kom svaret nokså kontant: "Eg har mest kunnskap". 

Kunnskap eller flaks, Jørgen leverte i alle fall eit imponerande godt tips, og vi vil gratulere både med siger i Fogn.org sin konkurranse, og 5. plassen på landsplan!

Under er den komplette resultatlista i vår tippekonk:

  1. Jørgen Bø jr - 95
  2. Josef Bø - 91
  3. Marius Svellingen - 69
  4. Eirik Runestad - 61
  5. Håvard Østhus - 61
  6. Karl Magne Frafjord - 61
  7. Jakob Bø - 59
  8. Helge Magnar Iversen - 58
  9. Bjørnar Svellingen - 56
  10. Leif Thorsen - 54
  11. Kristian Sandanger Iversen - 54
  12. Anders Sandanger - 52
  13. Gudrun Mella - 52
  14. Tor Kristian Kjølvik - 51
  15. Kristel Borgemyr - 51
  16. Anne Strøm Østhus - 50
  17. Christian Tyssøy - 50
  18. Trond Arne Borgemyr - 50
  19. Ivar Opsal - 49
  20. Stig Morten Sangedal - 49
  21. Kjell Jomar Aune - 47
  22. Anders Halgunset - 46
  23. Gary Gary - 45
  24. Ørjan Klev Ladstein - 44

 

 

Dugnad på ferjekaien, tysdag 5. juli kl. 19.00

Området på ferjekaien treng ein liten "sommerpuss", med litt maling av skilt, slåing av gras, nedsaging av greiner og diverse rydding. Difor vert det arrangert dugnad tysdag 5. juli kl. 19.00. Alle er hjarteleg velkomne til å delta, og dersom nokon har høve til å ha med seg eit eller fleire hagereidskap (t.d. spade, rive, greinsaks, kantklippar o.l.), så er det glimrande!

Er det nokon som har spørsmål knytta til dugnaden, er det berre å ta kontakt med primus motor Heidi Bø Sangedal på telefon 47010909!

Tour de Fogn 2016 - no med video!

Den sjette utgåva av sykkelrittet Tour de Fogn er over og vi har oppdatert kvar dag med bilete, resultatliste, rapport og no også video frå dei ulike dagane!

FOR KOMPLETT RESULTATLISTE, KLIKK HER.

Fredag 24. juni - Prolog
Alt frå klokka 17.00 byrja dei første syklistane å varma opp til startskotet for årets Tour de Fogn, og det vart tettare mellom tohjulingane dess nærare ein kom starttidspunktet klokka 18.30. Då klokka "var der", sto heile 25 syklistar klare til å delta, noko som er ny deltakarrekord i Tour de Fogn! Rittet føl altså ikkje trenden om færre syklistar for kvart år, slik dei store turritta rundt om i landet opplever for tida.

Prologen er ein kort etappe, men det gjer den ikkje enkel og grei. Her er det syklist mot klokka i nærmare 4 kilometer, og mange fekk kjenne på mjølkesyra då deira etappe gjekk mot slutten! Forholda var nokså gode, med ein asfalt som var så godt som tørr etter regnet tidlegare på dagen, og ein vind som neppe var mykje sterkare enn 3-4 sekundmeter. Og for nokre tider vi fekk! 

I dameklassen tangerte Ragnhild Thorsen Janne Aano Bø sin løyperekord på 7 minutter og 23 sekunder, medan mennene sin gamle løyperekord vart skikkeleg "smadra". Sigurd Aanestad, som hadde den gamle rekorden på 6.00, imponerte med å sykle på sterke 5.51, men det holdt ikkje til seier, for før han hadde Inge Holla sykla på ei så sterk tid som 5.42, altså 18 sekunder før den gamle rekorden! Holla, som var først over målstreken i årets utgåve av Nordsjørittet, og kom på tredjeplass i eliteklassen året før, leier med det herreklassen før landeveisrittet på laurdag. Anders Eike kom på tredjeplass på prologen, med tida 6.08. 

I dameklassen fulgte Heidi Bø Sangedal (7.44) og Tora Sandanger (7.45) på plassane bak vinnaren Ragnhild Thorsen, medan prologen i klassen 60+ vart vunne av Njål Hetlelid (7.42), framfor Dirk Pillen (7.44) og Egil Jostein Sæverud (7.48). 

Under er nokre bilete etter fredagens etappe, og under det igjen er ein videoreportasje laga av Kristian Sandanger, som har fått med seg Gerd Sandanger som ekspertkommentator!

Laurdag 25. juni - Landeveisritt
Sol, sommervarme og masse folk i både målområde og løyper skapte ei flott ramme rundt dag 2 av Tour de Fogn 2016! Det rekordstore feltet på heile 29 syklistar fekk først litt informasjon og nokre oppfordringar frå rittgeneral Ivar Opsal, før startskotet gjekk og landeveisrittet var i gong. 

Inge Holla sette opp stor fart frå start, og alt i Bøbakkane hadde han rista av seg resten av syklistane. Holla sykla åleine resten av etappen, og fullførte på smått utrulege 33.20, omlag to og eit halvt minutt framføre løyperekorden! Bak Holla, i herreklassen, fulgte eit spurtoppgjer mellom Anders Eike og Sigurd Aanestad, der førstnemnde trakk det lengste strået, og kom i mål på 35.36, med Aanestad eit sekund bak.

Som i herreklassen, var det også i dameklassen dei same tre syklistane som sto på pallen på laurdag, som etter prologen å fredag. Ragnhild Thorsen auka si leiing i samandraget ved å vinna på 46.16, omlag eit og eit halvt minutt føre Tora Sandanger som kom i mål på 47.47. Heidi Bø Sangedal sikra seg tredjeplassen på tida 53.00.

I klassen 60+ vart det derimot litt meir "vei i vellinga". Her slo gårsdagens femtemann Knut Hermann Semb til, og vann på 45.25. Tida var så sterk at han også overtok leiinga i samandraget, i og med at Njål Hetlelid måtte ta til takke med andreplass og tida 46.21. Egil Jostein Sæverud sikra seg ein ny tredjeplass på tida 47.43. 

Etter premieutdeling på laurdagen, var det klart for barneritt med mange spente deltakarar. Borna opp til tredje klasse sykla ei løype inne på skuleplassen, medan dei frå fjerde klasse og oppover fekk prøve seg på vegen frå skulen, til Misjonshumpen, og attende til skulen. Alle vart premierte med kvar si drikkeflaske. 

Det var, som vanleg, veldig god stemning i målområdet etter endt etappe. Mange folk hadde møtt fram, og servering av Fognatomater og diverse frukt og godsaker, gjorde det heile til ein aldri så liten folkefest! Denne festen vert avslutta ved kyrkja i morgon, då dette er målområdet for den tredje og avsluttande etappen av Tour de Fogn, nemleg klatreetappen. 

Under er nokre bilete frå laurdagen, og under det igjen er ein ny videoreportasje frå Kristian Sandanger Iversen og Gerd Sandanger.

Søndag 26. juni - Klatreetappe
Søndag og siste dag av Tour de Fogn, no skulle alt avgjerast! Det store feltet stilte opp ved startstreken i eit lett regnvèr, som heldigvis viste seg å vere forbigåande. Rittarane som leda dei ulike klassane stilte som vanleg fremst, og det var Inge Holla som også på søndagen tok føringa over sletta mot Bøbakken. Holla sykla fort frå resten, som ikkje såg han igjen før han sat utkvilt i målområdet etter målgang. 

Det virka tidleg klart at både nemnde Holla, Ragnhild Thorsen og Knut Herman Semb ville koma til å forsvara sine ledartrøyer, då ingen vart frasykla av sine næraste konkurrentar. Den største spenninga knytta seg difor etterkvart til kven som ville knipe dei resterande plassane på pallen etter dagens etappe. I dameklassen tok Sigrid Pillen Holla steget opp på pallen, etter å ha sykla klatreetappen på 55.47 og slik sikra seg ein tredjeplass. Tora Sandanger fekk ein ny andreplass med tida 50.56, omlag tre minutter bak vinnaren Ragnhild Thorsen som sykla på 47.43. 

Blant mennene over 60 år, var styrkeforholdet omlag likt som det var på laurdagen, sjølv om Dirk Pillen var berre 21 sekunder frå å knipa tredjeplassen frå Egil Jostein Sæverud, som kom inn på 52.03. Ennå jevnare var det mellom første og andreplass, der Njål Hetlelid måtte se seg slått med fire sekunder av Knut Herman Semb, på dei henholdsvise tidene 47.10 og 47.06. 

Inge Holla sykla som nemnd i einsam majestet i herreklassen, og kom i mål på tida 34.51. Omlag tre minutter etter at Holla kom i mål, vart det ein skikkeleg spurt om andre og tredjeplassen, mellom Sigurd Aanestad, Anders Eike, Jakob Bø og Håvard Østhus. Dei to fognbuane Jakob og Håvard trakk dei lengste stråa opp dei siste metrane, og fullførte på 37.48 (Jakob) og 37.49 (Håvard). 

I målområdet var det som vanleg god stemning med kaker, saft, pølser og anna godt til både syklistar og andre frammøtte! Fellesbilde vart knipsa og premiering vart gjennomført i dei ulike klassane. Regnet holdt seg vekke, noko som også var med og skape ei verdig ramme rundt avslutninga av det største Tour de Fogn i historia!

Samanlagt etter tre etappar, vart pallplasseringane fordelt slik i dei ulike klassane:

Dameklassen
1. Ragnhild Thorsen - 1.41.22
2. Tora Sandanger - 1.46.30
3. Heidi Bø Sangedal - 1.57.22

Menn 60+
1. Knut Hermann Semb - 1.40.36
2. Njål Hetlelid - 1.41.13
3. Egil Jostein Sæverud - 1.47.34

Menn
1. Inge Holla - 1.13.53
2. Sigurd Aanestad - 1.19.20
3. Anders Eike - 1.19.41

FOR KOMPLETT RESULTATLISTE, KLIKK HER.

Under er bilete frå feiringa etter den siste etappen, og under det er ein video laga av Kristian Sandanger Iversen:

Visning på Fogn, 28. august 2016!

På årsmøte i Fogn grendalag blei det fremma eit forslag om å ha ein visningsdag på Fogn . Jobben med å auke folketalet er no konkret i gang og dette handlar om å gjere nokosaman for bulyst og folkeauke. 

Ein gjeng har vore samla for å stake ut kursen vidare. Mange gode forslag kom fram og konkret er tanken å setje av søndag 28.august til ein visningsdag på Fogn. Visningsdagen er tenkt for folk i omegn som kan tenke seg å sjå Fogn. Me vil vise fram samhald og engasjement, me vil vise fram det beste me har og her er alle innbyggjerane ressursar. Saman er me best! Tanken er og å vise fram det me har av ledige hus og tomter, enten til leige eller for sal.  Program for denne dagen kjem etter kvart. Det er kjekt viss så mange som mogleg set av dagen og er med på eit flott program rundt omkring på øya. 

Me treng alle gode krefter og har du lyst til å bidra denne dagen eller vere med i planlegginga, mellom anna på eit planleggingsmøte måndag 27. juni kl. 20.00, så ta kontakt med leiar i grendalaget Kristoffer Østhus på tlf: 97090902. 

(Tekst: Heidi Bø Sangedal)

Flott St.Hansfeiring på Fogn!

Nærmare 100 personar møtte fram då St.Hans skulle feirast, torsdag 23. juni, i Bøvågen. Vèret viste seg frå ei glimrande side med god sommertemperatur og ei sol som viste seg både titt og ofte!

Arrangementet starta med andakt av Norene Frafjord, før mange av dei frammøtte var med på ein skattejakt der laga skulle prøve å finne/gjere så mange ting som mogleg frå ei liste, og det laget med flest utførte "oppdrag" på 20 minutter sto att som vinnarar. 

Etterkvart som kvelden skreid fram, trakk folk opp frå drøs, kaffi, pølser og krabbejakt i sjølve Bøvågen, og opp til bålet som låg litt lenger vekke frå sjøen. Bålet brann flott (og fort) ned, og då berre glørne låg att byrja folk å vende nasen heimover, alle skjønt einige om at det hadde vore ei flott feiring!

Arrangementet var eit samarbeid mellom Fogn IL og Fogn Kr. Ungdomslag. Fleire bilete ser de i serien under: