Solid heimesiger!

Fogn - Sviland: 4-2 (1-0). Sviland låg på tredjeplass på tabellen då dei kom til Fogn laurdag 4. juni. Etter kampen var det det blåkledde heimelaget som hadde overteke denne plasseringa!

Sviland kom til denne bortekampen med berre 11 spaelarar, noko som etterkvart skulle visa seg å verta skjebnesvangert i sommarvarmen, der dommaren kommanderte spelarane til å ta drikkepause kvart kvarter. 

Kampen starta i og for seg nokså jamnt, men det vart tidleg klart at Fogn var det sterkaste laget på banen. Etterkvart kom også sjansane, og det var på ingen måte ufortent då Fogn gjekk opp i leiinga like før pause. Martin Østhus kom seg fint fri på sin venstrekant, og sette fart inn mot 16-meteren. Martin såg opp og oppdaga Trond Arne Borgemyr inne i feltet. Ein fin pasning og ein klinisk avslutning seinare var det jubel på Fogn stadion, 1-0!

Utover i andreomgang gjekk Sviland nokså tomme for krefter. Fogn produserte fleire sjansar, og etter å ha bomma på eindel av dei kom den berømte "ketchupeffekten" frå omlag 60-75 minutter.  Først var det Jakob Bø som la inn med venstrefoten frå høgrekanten. Ballen gjekk gjennom heile feltet, og skrudde rett i mål, 2-0! Deretter spela Ole Jakob Kjølvik ein fin gjennombrotspasning til Håvard Østhus som runda keeper og sette ballen i det tomme målet, 3-0! Til slutt var det back Pål Rune Grønås som sette fart framover på ei kontring. Han spela ut til Ørjan Klev Ladstein på venstrekanten. Pasningen frå Ørjan vart møtt av Pål Rune som avslutta i ein Svilandspelar, via stolpen, og så i beina på Martin Østhus, som fekk æren av å settje inn 4-0 til Fogn!

Mot slutten av kampen fekk Sviland to trøstemål, utan at det tok bort gleda til heimelaget over å ha vunne ein viktig kamp, og å ha klatra opp på tredjeplass på tabellen!

Kampfakta:

Fogn sitt lag:

Trond Egil Sivertsen
Pål Rune Grønås
Ivar Opsal
Trond Arne Borgemyr
Kristoffer Runestad
Lars Olav Bøe
Martin Østhus
Ole Jakob Kjølvik
Jakob Bø
Malvin Skartveit
Håvard Østhus

Benytta reservar:
Sigve Bøe
Ørjan Klev Ladstein
Andreas Hagenes Bøe

Fogn sine mål: Trond Arne, Jakob, Håvard og Martin
Assist: Martin, Ole Jakob, Pål Rune

Gule kort: Sigve, Kristoffer

Under er fleire bilete frå kampen, alle knipsa av fotograf Kristian S Iversen!
 

Kjapp rapport frå turen til Skinnvika

Søndag 29. mai var arrangerte Fogn IL, Speidaren og Helselaget søndagstur til den flotte Skinnvika! Folk kom seg til Skinnvika ved hjelp av både bil, sykkel, båt og til fots, slik at det etterkvart vart ein god gjeng som var samla under det spredte skydekket. Dei tøffaste (altså borna) våga seg også uti vatnet, som ifølge usikre kjelder "ikkje var såååå kaldt". 

Bål vart tent, pølser og marshmallows grilla, og praten gjekk lenge og vel, slik at alle var einige om at det nok ein gong hadde vore ein kjekk søndagstur!

Under er nokre få bilete frå turen:

A-lagskamp før laurdagsgrauten!

Laurdag 4. juni klokka 11.30 (merk tidspunktet) får Fogn IL sitt A-lag besøk av tabellnabo Sviland til eit tett oppgjer i 7. divisjon. Som de ser er graset grønt, himmelen blå, og forholda fine for fotball på Fogn for tida, så her er det berre å møte opp!

A-laget har berre spelt ein heimekamp i år. Då endte det 2-2 mot Kvitsøy, etter at gjestene utlikna på straffe i kampens siste minutt. Deretter har Fogn spelt tre bortekampar mot topplaga Lura 2 og Voll 2, i tillegg til ein kamp mot Hognestad. Desse kampane har totalt gitt 3 poeng, etter at Hognestad vart slått 3-0 på den forblåste heimebanen sin. Kampen mot Voll 2 vart tapt med 2-0, medan resultatet i Lurakampen ikkje eignar seg på trykk...

Men no er det altså tid for heimekamp igjen, og denne gongen startar altså kampen såpass tidleg at ein kan rekka å få med seg denne før laurdagsgrauten skal svelgjast unna! Under kampen kjem det til å vere open kiosk, med sal av mellom anna kald brus frå den siste nyvinninga i kiosken; eit kjøleskåp...

Velkommen på kamp i godvèret!

Felles søndagstur til Skinnvikå

Søndag 29. mai er siste søndagen i mai, og då er det igjen tid for Fogn IL, Speidaren og Helselaget sin månadlege fellestur. Denne gongen går turen til Skinnvikå klokka 14.00. Det er høve til å parkera ved drivhuset til Mari-Anne og Jon Olav Runestad. 

Ta med deg det du synes passer til ein strandtur i slutten av mai. Det vert tent opp eit bål med moglegheit for grilling.

Elles kan det nemnast at det ryktest om eindel tang og tare på stranda i Skinnvika akkurat no. Det er lov å ha med ei rive og bidra til å gjere stranda enno finare.

Arr: Fogn IL, Speidaren og Helselaget

Heilt topp folkehelsedag!

Tysdag 24. juni var det fagdag om folkehelse på Fogn oppvekstsenter. Her var det fokus på ulike ting som er bra for oss som menneske, og tema som kosthold, nettvett, vennskap og fysisk aktivitet var i fokus. Folkehelsekoordinator Oddny Kjølvik, helsesøster Margretha Kjølvik Berge, frivilligkoordinator Ragnhild Valand og trusopplærar Heidi Bø Sangedal bidrog på ulike vis denne dagen. Elevane kutta grønnsaker og laks som dei hadde på grillen i kvar sin lille pakke laga av aluminiumsfolie, og maten vart sjølvsagt spist utandørs i det flotte vèret! Barnehagen var invitert med på lunsjen, og det såg ut til at også dei yngre borna sette pris på den gode maten!

Mot slutten av dagen gjekk alle elevane til Peråsen, der Margretha venta med is til alle saman. For det er lov å kosa seg litt og... På vegen opp mot Peråsen var det tre stasjonar der elevane måtte gjere nokre styrkeøvingar. Elevane fullførte "med glans", og det virka som om alle hadde det heilt topp på denne flotte folkehelsedagen! 

Hallelujamøte!

Etterkvart som møtet skreid fram, vart det hevda at dei omlag 85 personane som hadde funne vegen til Fogn oppvekstsenter denne måndagskvelden, hadde hamna på eit "Hallelujamøte". Dei fleste hadde nok likevel møtt opp for å få informasjon, og stille spørsmål om dei ulike alternativa knytta til folkerøystinga om ny kommunereform, onsdag 8. juni. Bør Finnøy stå åleine, eller er det eit betre alternativ å slå seg saman med ein eller fleire av nabokommunane? Og kva er moglege konsekvensar av ei samanslåing? Det var dette rådmann Helene Ohm greia ut om i den første delen av møtet, og ho fekk velfortent applaus frå både Fognbu og andre tilreisande for ei ryddig og klar framlegging av saka. Ei av sidene i PowerPoint-presentasjonen hennar, som syner moglege konsekvensar knytta til dei ulike alternativa, kan de sjå under.

Deretter var det tid for paneldebatt, der dei fem gruppeleiarane for dei politiske partia som er representerte i kommunestyret, deltok. I tillegg var Grethe Kolbjørnsen og Bernhard Sunde utfordra til å sittje i panelet som representantar frå Fogn. 

Alle i panelet fekk byrje med å seie kva for eit alternativ dei ville gå for. Her var det slik at alle, berre med unnatak av Odd Bleie frå SP som ville stemme nei til kommunesamanslåing og Grethe Kolbjørnsen som ville stemme ja, men ikkje var sikker på kva for eit alternativ ho ville gå for, fortalte at dei i utgangspunktet ville gå for kommunesamanslåing med Stavanger. Nokon hadde eit lite atterhald om kva som ville verta resultatet i ulike folkerøystingar før den i Finnøy 8. juni, men det var tydeleg at Stavanger virka som mest aktuelt for dei fleste. Når i tillegg fleire av dei som tok ordet i salen tala varmt for nettopp dette alternativet, var det Lars Rørtveit som reiste seg og karakteriserte møtet litt som eit "Hallelujamøte". Hallelujamøte eller ei, det var mange som ville ha ordet denne kvelden. Debattleiar Jon Asgaut Flesjå måtte nokså raskt finne fram stoppeklokka si, og han måtte også nytte denne ved fleire anledningar, då folk vart nokså ivrige!

Heilt til slutt i møtet kom det ei klar oppfordring frå både ordførar og debattleiar om at folk må nytte stemmeretten sin den 8. juni. Det vil gi eit mykje betre grunnlag å arbeida vidare på. Denne oppfordringa sender vi vidare: bruk stemmen!

Under er nokre fleire bilete frå kvelden: