Ein fantastisk møteplass!

I ei bygd og på ei øy som denne er det viktig med gode sosiale møteplasser. Ved å lage dette nærmiljøanlegget får vi styrka den møteplassen som bingen og skuleområdet har blitt! 

Slik ordla leiar i Fogn IL, Jakob Bø, seg under opningsfesten for det nye nærmiljøanlegget ved Fogn oppvekstsenter. Og det var nettopp ein god møteplass nærmiljøanlegget var denne søndags ettermiddagen, då omlag 100 personar hadde møtt opp for å vera med når anlegget skulle takast i bruk for første gong. I tillegg til apell frå Jakob Bø, holdt Pål Rune Grønås, på veigne av ansvarsgruppa som har jobba med nærmiljøanlegget, ein takketale der han også fortalte eindel om prosessen som har leia fram til det flotte resultatet ein kunne sjå og prøve i dag. Det er Fogn IL som har vore "primus motor" bak det nye anlegget, og dei har fått støtte frå både Sparebankstiftelsen SR-bank, Gjensidigestiftelsen, forhåndsgodkjenning av tippemidler, fleire lokale bedrifter og enkeltpersonar, i tillegg til villige dugnadshender! Pål avslutta med å slå fast at: "Når vi løftar saman, så får vi til akkurat det vi vil", og nettopp denne haldninga trakk Ordførar Henrik Halleland fram då han fekk ordet like etterpå. Halleland var imponert over det Fognbuen hadde fått til, og han var glad for å kunna erklæra det nye nærmiljøanlegget for opna, og klippa snora, slik at borna kunne sleppe til! På det omlag 160 kvadratmeter store området kan dei boltra seg i eit klatrenett, ein "Supernova" (roterande hjul dei kan sittje, stå, gå og springe på), ei svingstang, to ballanseliner og seks ballar som kan både rotera og svinga frå side til side!

Dei første 10 minutta var det berre borna frå 0 år og opp til og med 3. klasse som fekk bruke leikeplassen, saman med Vidar Skavland frå Talgjefirmaet Rampline, som har levert mykje utstyr, og designa heile leikeplassen. Skavland presenterte og demonstrerte dei ulike apparata, og etter kun kort tid var også eldre born, vaksne og ordførarar med i leiken!

I tillegg til dei ulike programpostane var det servering av marsipankake, frukt, kaffi og brus. Og når vèret etterkvart letta, og sola stakk fram, førte det til at festen varte og rakk i fleire timar!

No står anlegget der, klart til å takast i bruk av både fastbuande og ferierande på Fogn! Under kan de sjå bilete frå anlegget og opningsfesten!

Høyring om ny elbilfordel

(For dei som evt. ikkje har skjønt det; dette var årets aprilsnarr på Fogn.org)

I Finnøy kommune er det tett mellom elbilane, og mange hevder at dette skuldast dei mange elbilfordelene som blant anna billig årsavgift og gratis bom-passeringar. Særleg dette siste er særs aktuelt i vår kommune grunna dyr Finnfastbom, men no kan det koma ein ny fordel, som også vil gjera seg gjeldande her på Fogn. Det har seg nemleg slik at elbilane ligg langt framme på teknologi, og seinast i dag såg vi dette på lanseringa av Tesla Model 3, som kjem med såkalla "autopilot". Denne funksjonen gjer at bilen i praksis køyrer seg sjølv, gjennom kamerateknologi som gir computeren det den treng for å svinga, gassa og bremsa betre enn kva som er tilfelle for dei fleste menneske. 

Nettopp funksjonen "autopilot" står sentralt i høyringa, som no er sendt ut frå Samferdselsdepartementet. I høyringa kan vi lese at:

"Elbilene har lenge hatt fri ferje og fri bom, men nå kan de også få fri fart. Gjennom datastyrt teknologi vil bilene kunne kjøre langt over dagens fartsgrenser, og samtidig være mindre trafikkfarlige enn vanlige biler som holder de gjeldende fartsgrensene."

I og med at vi nettopp har fått ei ny, og nokså omdiskutert 30-sone på Fogn, vil nok denne elbilfordelen for somme Fognbuar vere det som gjer at dei kvittar seg med den gamle bilen, og går over til å køyre på strøm. Men sidan dette berre er ei høyring, så er det ikkje sikkert at denne siste elbilfordelen vil verta ein realitet. Høyringsfristen er sett til 15. mai, og grendalaget vil senda inn ei oppsummering av dei svara som har kome inn her på Fogn.org innan denne datoen.

Sei di meining om elbilfordelen "fri fart" under:

Opningsfest på søndag!

Søndag 3. april klokka 15.30 vert det opning av det nye nærmiljøanlegget ved Fogn oppvekstsenter. I desse dagar vert det lagt falldekke under leikeapparata, og på laurdag vil dei siste apparata verta monterte. På søndag klokka 15.30 kjem ordførar Henrik Halleland for å klippe snora, det vert musikk og servering av kaffi og kake, i tillegg til at ein sjølvsagt får prøve det nye nærmiljøanlegget vårt!

Legg søndagskaffien til det nye nærmiljøanlegget 3. april!

Påskeglimt frå Fogn

Sjølv om det ikkje akkurat har vore strålande vèr, så har det vore ein strålande påske på Fogn! Under kjem litt tekst og bilete frå noko av det som har skjedd!

Skjærtorsdag
Etter at over 50 personar kom på nattverdmøtet på bedehuset, møtte også over 50 personar fram på "eggkokingsturen" til Domfjelldalen seinare same dag. Sjølv om regnet tidvis hølja ned koste dei frammøtte seg med grilling, eggkoking, quiz og frukt! Sjå nokre glimt frå turen i serien under:

 

Langfredag
Tradisjon tru var det pasjonsgudsteneste i kyrkja på Langfredag. Også i år var det mange som deltok på denne samlinga. Seinare same dag var det historisk fotballtrening for Fogn IL. Historisk fordi så mange som 34 personar møtte opp! Løysinga vart tre lag inne i gymsalen og tre lag ute i fotballbingen. Eit glimt frå både inne- og utedelen av treninga ser de under!

 

Påskeafta
Fogn IL sin påskebasar veks framleis i omsetning. I år kom det inn over 77 000 kroner, ny rekord trass nokså kraftig vind under både loddsal og trekning på laurdag. Og det var ikkje berre idrettslaget som sette ny omsetningsrekord på påskeafta, også butikksjef Ivar Opsal kunne melde om rekordomsetning. 119 000 kroner omsette butikken for, omlag 10 000 kroner meir enn den førre rekorden, som vart sett så seint som onsdag i påskeveka... På laurdag var det også sal av pølser, brus og kaffi frå "buå" ved drivstoffsalet. Dette var med og bidrog til den gode stemningen som var utafor butikken, som de kan sjå under!

 

1. Påskedag
På høgtidsmøtet om formiddagen på bedehuset kom det så mykje folk at ein måtte opne opp bak til "litlesalen". Og det var ikkje berre på bedehuset ein måtte opne opp foldedørene for at alle skulle få ein sitjeplass! Til gudstenesta i kyrkja om kvelden måtte ein gjere det same på grunn av stor pågang. Nokre bilete frå gudstenesta ser de under:

Det skjer på Fogn i påska!

Vi er godt inne i påskeferien, og det er alt fleire arrangement og aktivitetar som har gått av stabelen på Fogn! Dei neste dagane skjer dette:

Skjærtorsdag kl. 11.00
Nattverdmøte på bedehuset. Song, andakt, vitnesbyrd og nattverd. Arr: Fogn bedehusforening.

Skjærtorsdag kl. 14.00
Eggkoking i Domfjelldalen. Parkering ved Erås Museum, eller gå frå der du vil, så møtes me ved bekken. Ta med eigen mat. Det blir quiz og frukt. Arr: Fogn Helselag, Speidaren og Fogn IL.

Langfredag kl. 10.30
Pasjonsgudsteneste v/ Anders Kvalevåg. Song ved June Joanna Hovda.

Påskeafta kl. 09.00-15.00
Påskebasar ved butikken. Loddsal skjer ved butikken frå klokka 09.00. Det vert servering av lappar, kake, saft og kaffi. Trekningen startar kl. 14.00. Arr: Fogn IL

1. Påskedag kl. 11.00
Høgtidsmøte på bedehuset. Håkon Helgøy talar. Kollekt til NLM. Arr: Fogn misjonslag (NLM)

1. Påskedag kl. 18.30
Familiegudsteneste v/ Terje Engstrøm. Song ved TøfFOGNådig og Fognakoret. Dåp. Nattverd. Takkoffer til Åpne Dører.