Flott feiring for Fogn IL!
/Då leiar Heidi Bø Sangedal ynskja velkomen til årsfest i Fogn IL, fredag 26. februar, var nesten 100 personar samla i foajeen ved Fogn oppvekstsenter! Heidi kunne fortelja at det i kveld ikkje vart delt ut noko til dei som hadde vore med og bidrege i Idrettslaget det siste året, men at heile festen var til for å feire både deltakarar, trenarar, instruktørar og alle andre som bidreg på ulike måtar for å gjere Fogn IL til det flotte idrettslaget det er! Og det var ein flott fest dei frammøtte fekk vera med på!
Ole Jakob Kjølvik hadde eit inspirerande foredrag der han var innom mellom anna trening, målsetjing og glimt frå sin siste tur, til fjellet Denali (tidlegare Mount McKinley) i Alaska. Dette fjellet er det fjellet i verda der høgdeforskjellen frå startpunkt til toppen er størst, og Ole Jakob gjennomførte turen på 11 dagar!
Etter at Ole Jakob hadde svart på eindel spørsmål frå salen, og før maten vart servert, viste Kristian Iversen ein flott bildefilm frå det som har skjedd i Fogn IL det siste året! Vi vil prøve å få lagt denne filmen ut på Fogn.org så fort som råd er!
I matpausen vart det servert pizza, brus, is og kaffi. I og med at eit slikt kosthold ikkje harmonerer så godt med rein stillesitjing, vart heile forsamlinga med og bevega seg til ei lita økt med "Juztmove", leia av Oddny Kjølvik.
Deretter gjekk det slag i slag med presentasjon av nærmiljøanlegget som skal stå klart i løpet av eit par månadar, loddsal med påfølgande trekning, informasjon frå dei ulike aktivitetene i idrettslaget, og elles vanlege årsmøtesaker som rekneskap, årsmelding og val. Heidi Bø Sangedal takka for seg som leiar av idrettslaget, og overlet dette vervet til lillebror Jakob Bø, som vart valt ved akklamasjon. Styret i Fogn IL ser slik ut for det komande året:
Leiar: Jakob Bø
Nestleiar: Pål Rune Grønås
Styremedlemmer: Ottar Sandanger, Helene Bø, Kristel Borgemyr, Helge Magnar Iversen
Varamedlemmer: Janne Grethe H Rørheim og Rasmus Bø
Elles må det nemnast at kasserar Ottar Sandanger var storleg nøgd med det økonomiske resultatet for idrettslaget det siste året. Inntekter på nesten ein kvart million må sjåast på som historisk, konkluderte Ottar, utan at nokon hadde innvendingar mot denne påstanden.
Då festen vart avslutta, og folk skulle gå kvar til sitt, fekk alle borna med seg kvar sin fotball heim. Dette var ei sponsorgåve frå Grieg Seafood, som dei unge såg ut til å setja stor pris på!
Sjå fleire bilete frå festen i serien under: