God stemning på årets topptur!

Mange hadde stilt opp i Auglendsdalen klokka 12.00, sundag formiddag. Det var godt turvér, sola skein og mange blide ansikt var å sjå. Fyrste klippestasjon var Eikhaug, her kan ein sjå innover Fogn der løypa går opp og ned til ein er i mål på Varhaug. Alt regnet som var komt ned i løpet av veka gjorde at løypa var våt og sleip. Neste klippestasjon var Borgaråsen. Her delte Stavanger Instalasjon ut kvikklunsj og Felleskjøpet buffar, før turen gjekk til Himråsen. Det var heile 54 deltakere som gjekk denne lengste delen av toppturen.

På skulen var 34 deltakere klare klokka 13,  til 4-toppstur. Saman med 7-toppsturen gjekk turen opp til Peråsen, her sat Ole Johan med sjokolade fra Joker Fogn. På Erås var det saftstasjon. Gul og raud saft vart utdelt av Opsalnyhende, som også hadde laga ein kviss. Turen gjekk så opp til Domfjellet, for mange den tyngste og brattaste delen av løypa. På Ørnakula, høgaste punktet i løypa, fekk ein tomater fra Ståle Runestad og kvikklunsj fra Coopekstra. Målet var på Varhaug der Nordengros delte ut regnkåper, kulepennar, refleksbånd mm. Gåvekortet fra Kiwi Finnøy blei vunne av Ellen Runestad.

Fogn IL seier tusen takk til alle sponsorar og til dei som gjekk turen.

Tekst: Mallin Sandanger Iversen

Tid for 4- og 7-toppstur

Foto frå toppturane i 2014, knipsa av Kristian Sandanger Iversen.

Foto frå toppturane i 2014, knipsa av Kristian Sandanger Iversen.

Sundag 27.september er det klart for turdag på Fogn. For tredje året på rad arrangerer idrettslaget tur til sju utsiktspunkt på øya. 

Turen går over dei same toppane som tidlegare år, men rekkefølgjen av toppane er noko endra. Start på 7-toppsturen skjer på Hovda (Auglendsdalen) og ein går så til Eikhaugen, Borgaråsen og Himråsen. Vidare går turen til skulen og her er det óg start for dei som vel den kortare varianten med fire toppar. Frå butikken går ein så over Peråsen, Domfjellet, Ørnakulå og Varhaug.

Start 7-toppstur: kl.12.00-12.15 –  i Auglendsdalen

Start 4-toppstur: kl.13.00-13.15 – på skulen

I løpet av turen får du oppleve mykje flott natur og praktfull utsikt over heile Ryfylke, i alle himmelretningar. Den lengste turen er ca 10 km lang og går i flott kulturlandskap, gjennom skog, over beitemark og gjennom noe myrlendt terreng. 

Også i år har vi fått gåver, som vert utdelt i løpet av turen. I år er det Joker Fogn, Kiwi Finnøy, Coop Extra Finnøy, Stavanger Installasjon, Nor Engros, Felleskjøpet, Opsalnyhende og Ståle Runestad Tomatgartneri som gir ei lita overrasking til dei som deltek.

Tekst: Helge Magnar Iversen. Foto: Kristian Sandanger Iversen.

Stor fotballhelg for Fogn!

Dei aller fleste av dei aktive fotballspelarane frå Fogn var i aksjon denne helga. På laurdag var det nemleg ikkje mindre enn fire alderbestemte lag som deltok på ASAP-cup på Jørpeland, medan A-laget spelte heimekamp mot Riska 4 på søndag!

På laurdagen hadde idrettslaget leid inn båt frå Helgøy Skyssbåt, som frakta over 50 store og små Fognbuar frå Sørvåg til Jørpeland om morgonen, og attende om ettermiddagen. På ASAP cup var det over 120 påmeldte lag, og Fogn stilte altså med fire av desse. Laga var Fogn G6 (3-er fotball), Fogn G8, Fogn G9 og Fogn J9. Alle laga skåra mange mål, og spelarane såg ut til å vera godt nøgde. Stemninga vart ekstra god då kvar enkelt spelar vart lest opp og heidra på premieutdelinga like etter at siste kamp var spelt. Her vanka både medalje og fotballpumpe til kvar spelar, noko som såg ut til å falla i smak! På vegen heimover var alle einige om at det hadde vore ein flott dag... Kristian Sandanger Iversen var med mellom anna som fotograf. Han har knipsa mange bilete frå cup-en, som de kan sjå ved å klikke HER. Kristian laga også ein video frå premieutdelinga, som de kan sjå under.

Fogn IL - Riska 4: 4-2 (3-1). På søndag kom dei gulkledte Riskaspelarane på besøk til Fogn for å spele bortekamp i 7. divisjon. Riska 4 er eit av laga som låg nokså jamnt med Fogn før oppgjeret, så dette var ein typisk "sekspoengskamp". 

Fogn styrte kampen frå start, og tok tidleg leiinga då Malvin stakk gjennom til Håvard som kom først på ballen, som sneik seg inn høgt oppe i mål, 1-0!

Ikkje lenge etter vart leiinga dobla. Denne gongen var det Sergej som vart spelt fri og nesten åleine med keeper. Sergej var uegoistisk og spela ballen ut til Håvard som fekk ein enkel jobb med å breiside inn 2-0!

Og omgangen var berre omlag halvspelt då Fogn skulle få nok eit mål. Ole Jakob stal eit dårleg utspel på Riska si venstreside. Venstrebacken vart nytt som rundingsbøye før Ole Jakob skar inn foran midtstopparen og plasserte ballen lett i mål bak ein nokså passiv keeper, 3-0!

Hadde dette vært fotball på høgt nivå, kunne ein gjerne sagt at kampen langt på veg var avgjort på dette tidspunktet. Men i 7. divisjon er alt mogleg, så det var nok ingen som tenkte at "dette går lett no!". Riska var nemleg farleg frampå fleire gonger, og like før pause kom reduseringa etter eit fint langskot, 3-1!

I pausen var Fogn stort sett godt nøgde, både med spelet, skåringane og at det i all hovudsak berre var Riskaspelarane som klaga og kjefta på dommaren. Slik ville ein også halde fram, men det er nok uvisst om dommaren merka så mykje til at Fogn hadde vorte einige i pausen om å ikkje klaga på han. Etter pause vart det nemleg ein heil del temperatur på banen, men ikkje før Fogn hadde gått opp til tremåleseiing. Sigve slo eit frisparkinnlegg frå venstresida. Ballen vart stussa vidare av Jakob, og fann Ole Jakob på løp. Ole Jakob var roleg åleine med keeper, runda han, og sette ballen i nota frå skrå vinkel, 4-1!

Etter dette tok kampen fyr på skikkeleg, og dommaren måtte fleire gonger fram med det gule kortet for å straffe både munnbruk og harde taklingar. Til slutt kom også eit raudt kort til Fogn, etter at Sigve Bø si "rullegardin" gjekk ned i møte med ein sannsynlegvis nokså provoserande Riskaspelar. 

Med 11 mot 10 var det, naturleg nok, Riska 4 som tok over styringa i kampen. Dette gav også resultater i form av eit nytt flott langskot som fann nettmaskene, 4-2! Men sjølv om dei styrte kampen sleit dei med å koma til dei største sjansane. Kampen ebba difor ut med 4-2, eit resultat som gir eit nokså godt bilete av kampen!

No er Riska 4 så godt som distanserte på årets tabell, men Fogn må gjerne ha nokre poeng i dei to siste kampane denne sesongen for å behalde plassen. Kampane går mot Riska 3 på bortebane og Finnøy 2 på heimebane.

KAMPFAKTA:

Fogn sitt lag:
Trond Egil Sivertsen
Kristoffer Runestad
Sigve Bø
Martin Østhus
Pål Rune Grønås
Malvin Skartveit
Jakob Bø
Johannes Hovda jr
Ole Jakob Kjølvik
Sergej Kononov
Håvard Østhus

Benytta reserve:
Andreas Hagenes Bøe

Mål: Håvard (2), Ole Jakob (2)

Assists: Malvin, Sergej, Jakob

Gule kort: Sigve, Jakob, Pål

Rødt kort: Sigve

Har du vore på Galleri Bjørn?

I bakken mellom Sørvåg og Runastad kan dei som passerer somme gonger sjå eit skilt. Eller rettare sagt, dei kan alltid sjå eit skilt, men somme gonger er det to skilt å sjå ved innkjørsla til Bjørn Edvin Eriksen og Kirsti Esperås. På det eine skiltet, det som alltid er å sjå, står det "Galleri Bjørn", medan det på det andre skiltet står "ope". På laurdag lyste "ope" imot dei som passerte langs vegen, og Fogn.org sin utsendte medarbeidar tok difor ein tur innom galleriet. 

Kunstnaren sjølv, Bjørn, tek imot meg når eg kjem, og han kan fortelja at galleriet som oftast er ope når ekteparet er heime, men at dei ikkje alltid er skiltet "ope" heng heilt med på opningstidene... Bjørn fortel vidare at galleriet eigentleg er ein ombygd garasje for ein bil som sjeldan fekk plass i nettopp denne garasjen. Difor ville ekteparet gjere noko annleis med dette rommet, og starta "operasjon forvandling" hausten 2013. Seinsommaren 2014 var galleriet klart, med varme og teppe på golvet, nye vegger og belysning eit galleri verdig! I dag heng det 10-15 flotte målerier på veggene, mange av majestetiske fjell, men her er også andre motiv, som t.d. ei steintrapp ut, eller inn i lyset, alt etter som ein ser det. Bjørn fortel entusiastisk om dei ulike måleria, og når underteikna kjem med godord om nettopp dette "trappebiletet", er kunstnaren sjølv raskt frampå med ein kritisk bemerkning. "Ja, det er fint, men dersom det verkeleg er så lyst som det ser ut her i midten, så burde lyset spreidd seg enno meir, no kan det nesten sjå ut som om ein må bøye seg ned for å kome ut i lyset...". 

Etter kvart viser Bjørn meg inn i "det aller heilagste", nemleg verkstaden der han maler. Her inne er det minst like mange måleri som ute i galleriet, men Bjørn er mest oppteken av å snakke om det gode arbeidslyset han har fått tak i, eit industrilys frå Glamox. Og det er forståeleg at godt arbeidslys er viktig for ein kunstnar, som gjerne sit time ut og time inn og arbeider med penselen. Bjørn veit ikkje kor lang tid han bruker på dei ulike bileta, og han er heller ikkje alltid heilt sikker på når han er ferdig. I galleriet heng fleire bilete utan signatur, for han er ikkje sikker på om han er "heilt i mål" med måleria enno. 

I galleriet til Bjørn kjenner ein ikkje på eit snev av kjøpepress. Han står og fortel historia til dei ulike bileta, kva han har gjort for å få fram særpreget i motivet og fleire andre interessante aspekter ved det å måla eit motiv, framfor å "berre" fotografera det. Dette er ein mann som er lidenskapeleg oppteken av måleria sine, og det er underteikna som sjølv må spørje forsiktig om dette med sal av bilete, prisar og slikt. Bjørn fortel at han har selde nokre bilete etter å ha stilt dei ut i Bluebird kaffebar i Stavanger i fjor. Det har også hendt at besøkande i galleriet har kjøpt eit av bileta som heng der, sjølv om dette ikkje akkurat er ei kvardagsleg hending. Andre kjem gjerne med konkrete målerioppdrag, og slike tek Bjørn gjerne. Når det gjeld pris, så reknar han ikkje den ut frå kor lang tid han brukar på bileta, det har han jo ikkje heile kontrollen på. Utgangspunktet hans er ein kvadratmeterpris på omlag 10 000 kroner, så her er det mogleg å få tak i skikkeleg flott kunst utan å verte heilt blakk etterpå!

Galleri Bjørn er som nemnd ope når ekteparet er heime, så det er berre å ta turen opp grusbakken for å få seg ei flott oppleving! Under er nokre bilete frå mitt besøk hjå Galleri Bjørn.


Trassa vèret på Fognameisterskapet!

Søndag 13. september var det duka for både Fognaløp og Fognameisterskap i friidrett. Sjølv om vèret, som lenge har vore svært så bra, ikkje viste seg frå si beste side denne dagen, så møtte Fognbuen opp til både løp og meisterskap!

I år var det 7. klassingen Kristian Sandanger Iversen som på imponerande vis vann herreklassen i det lange løpet (10 km) rundt øya. Han spurtslo sin far, Helge Magnar Iversen, og vann på tida 42,16. Jakob Bø slo Ivar Opsal i spurten om tredjeplassen.

I dameklassen var det Margretha Kjølvik Berge som vant på 52,54. Ho henviste Birgitte Bø til andreplass og Gunhild Hovda Grønås og Isabelle Kvamsøe til delt tredjeplass.

Dame- og herreklassane i løpet over 5 km vart vunne av Anne Martha Straumstein og Josef Bø. Filip Sandanger Iversen tok andreplassen i herreklassen.

Nytt av året var moglegheita til å stille stafettlag. Det gjorde seks politiske listekandidatar, som fullførte kvar sin etappe som til saman vart 5 km. I og med at dei var det einaste laget som deltok, tok dei også ein soleklar siger!

Deretter var det tid for Fognameisterskap med 60-meter, lengdehopp og kast med liten ball. Og sjølv om regnet bøtta ned heile tida, var stemningen god gjennom heile meisterskapet!

Fogn IL gav både deltakarkontingent og inntekter frå kakesal til UNICEF sitt arbeid blant flyktningane i Europa. I tillegg sponsa idrettslaget med ein god sum pengar, slik at det vart sendt 7 200 kroner til dette viktige arbeidet!

Sjå ein fyldig serie med bilete under:

Positiv debatt - på alle vis!

Torsdag 10. september inviterte Fogn Grendalag til politisk debatt på Fogn oppvekstsenter. Partitoppane frå alle dei seks partia i kommunen stilte opp, og det gjorde også over 50 ivrige Fognbuar som både ville høyre kva politikarane hadde å seie, og spørje om det dei lura på. Debatten vart leia på ein kyndig og god måte av Harald Bø og Joar Sandanger, og desse måtte begge vere strenge med klokka slik at alle skulle få seie det dei hadde på hjartet denne kvelden! Likevel var ikkje debatten, som starta klokka 18.30, ferdig då hurtigbåten gjekk klokka 20.40. Her måtte ein ha nokre minutter til, men då er det godt at det finnest privatbåtar nok her på øya!

I løpet av dei nærmare to og ein halv timane debatten foregjekk, var ein innom fleire sentrale tema. Det som gjerne gjekk mest igjen var samferdsel med båtruter og Øyfast i spissen, framtida til oppvekstsenteret, og dette med kommunen sin tomtepolitikk. Her var mange spørsmål frå salen, og politikarane svara så godt dei kunne. Tonen var gjennomgåande god, og lovnadar om både stabilitet rundt skulesituasjonen, "full gass" på Øyfast og enklare veg til byggjeklare tomter kom mellom anna fram i debatten.

Avslutningsvis fekk kvar politikar eit minutt kvar til å forklare kvifor folk skulle stemme på nettopp deira parti. Korleis det endelege resultatet vert veit vi ikkje før på måndag, men at dette var ein positiv debatt med godt og engasjert oppmøte, det er det ingen tvil om!

Sjå fleire bilete frå debatten under.