Spanande årsmøte i grendalaget...

Då grendalaget arrangerte sitt årsmøte på oppvekstsenteret måndag 20. april, var det nok mange av dei 40-50 frammøtte som hadde kome for å høyre kva Karl Stefan Afradi hadde å seie om moglegheiten for å binde Fogn til fastlandet med tunnel og bruer vidare inn mot Fisterøyane og Halsnøy. Den 24 år gamle Høgrepolitikaren Afradi la fram bacheloroppgåva si på ein god måte, og fekk mange spørsmål frå salen. Hans råd til Fognbuen som ville bli knytta til fastlandet var klar: Lag mykje støy i rett retning for å få gjennom det de ynskjer. I tillegg bør de kommunisera at de er innstilte på å betala bompengar for å realisera dette prosjektet...

Men det var ikkje berre Karl Stefan Afradi som hadde spanande ting å kome med denne kvelden. Like etter at Afradi hadde snakka og svart på spørsmål, fekk nemleg Øyvind Sandanger ordet, som talsmann for Fogn Handel denne kvelden. Han kunne melde om at Fogn Handel kom til å overta butikken på Fogn, og at Ivar Opsal ville verta ny butikksjef. Butikken skal få ei oppussing, og så er planen å starte opp att omlag 1. juni, med ein "nyopningsfest". Årsmøtet klappa lenge og vel for desse nyheitene, og Fogn.org vil også vere med og ynskja Fogn Handel, og spesielt Ivar Opsal lukke til med butikkprosjektet!

Etter dette var det tid for matøkt og ei lita utlodning, før ein gjekk laus på sjølve årsmøtesakene. Det meste foregjekk utan den heilt store dramatikken, men det vart ein liten diskusjon kring dette som går på oppnemning av valnemnd (vedtektsendring), deira ansvarsområde, og kor mange kandidatar dei skal leggje fram for årsmøtet som skal velgje styre. Vala vert uansett gjennomført og vi fekk dette Grendalagsstyret for det komande året:

Kristoffer Østhus (1 år att, vart valt som leiar på årsmøtet)
Joar Sandanger (1 år att, var ikkje på val på årsmøtet)
Arnstein Bøe (1 år att, var ikkje på val på årsmøtet)
Janne Aano Bøe (1 år att, var ikkje på val på årsmøtet)
Harald Bøe (2 år att, vart valt inn på årsmøtet) 
Merethe Kindingstad (2 år att, vart valt inn på årsmøtet) 
Kathrine Flesjå (2 år att, vart valt inn på årsmøtet) 
Varamedlem: Johannes Hovda jr (1 år att, var ikkje på val på årsmøtet)
Varamedlem: Arne Straumstein (2 år att, vart valt inn på årsmøtet) 

Den nye valnemnda ser slik ut:

Tone Østebø (1 år att)
Oddny Kjølvik (2 år att)
Jakob Bø (3 år att)

Ottar Sandanger vart attvalt til revisor.

Årsmeldinga frå Grendalaget og referat frå årsmøtet vil verta lagt ut på Fogn.org når desse vert oversendt.
 

Strålande søndagsskulesamling!

Det var ikkje berre vinnarlaget på sporleiken (biletet) som hadde grunn til å smila då det vart arrangert felles søndagsskulesamling for heile kommunen på Fogn oppvekstsenter søndag 19. april. Ramma rundt arrangementet var nemleg fantastisk med 15 grader og sol frå ein himmel som må kunne kallast så godt som skyfri. Omlag 130 store og små møtte opp og fekk sjå (og bidra til) ei dramatisering av søndagens tekst om sauene og gjetaren, og ein ulv spelt av Tor Øyvind Skeiseid i villsvinkostyme... Etter denne første samling, som foregjekk inne på oppvekstsenteret, var det tid for å gå ut og ha sporleik, grille og slappe av i vårsola. Stemningen var svært god, og både lokale og besøkjande nemnde på at samlingar som denne gjerne kunne verta ein tradisjon blant søndagsskulane i kommunen!

Under er nokre fleire glimt frå arrangementet.

Daglegvarer på døra?

Etter at butikken på Fogn er under avvikling/har stengt dørene, er det fleire som lurar på korleis dei skal få tak i daglegvarer framover. Dei fleste har nok fått med seg at det vert arbeida med ei permanent butikkløysing på sikt, men denne vil sansynlegvis ikkje vere "oppe og gå" i løpet av dei første vekene. Difor er det behov for ei kortsiktig løysing, og det er her Coop Finnøy ved Idar Rosland kjem inn i biletet. Rosland har nemleg sendt ein mail til Fogn grendalag der han informerer om fylgjande:
------
Coop Finnøy kjem til å tilby daglegvarer for levering på dørene på Fogn kvar veke. Varene kjem til Fogn med ferja som er på øya klokka 10.25 kvar torsdag, og varer må vera bestilte før midnatt, måndag kveld.

Coop Finnøy har diverre ikkje kapasitet til å ta imot bestilling per telefon, så bestillingar må sendast på mail: finnoy@finnoy.coop.no. 

Alle kundar vil få rekning på varene. Dei som ikkje ligg inne i Coop sitt system vil verta lagt inn. Prisen på frakt er 100 kr per kunde. 

NB! 14. mai er Kristi himmelfartsdag, så då vert køyreruta flytta til onsdag 13. mai.
------

Fogn.org vil oppfordra folk til å tilby hjelp til dei som vil handla, men tykkjer det kan vere vanskeleg å bestilla daglegvarer på mail.