Innhaldsrik og folksom årsfest i Fogn IL!

Over 80 personar fann vegen til oppvekstsenteret, då Fogn IL kalla inn til årsfest/årsmøte fredag 13. mars 2015. Dei mange frammøtte fekk høyre Jon Asgaut Flesjå sitt foredrag om "Eit skråblikk på Finnøy-idretten gjennom 40 år", der Øypostenredaktøren fortalte om eiga erfaring, og tankar om vegen vidare for idrettslivet i kommunen vår.

Eit anna høgdepunkt på årsfesten, var den imponerande biletserien/filmen som 6. klassingen Kristian Sandanger Iversen hadde laga. Her fekk vi verkeleg sjå kor mykje forskjellig Fogn IL arrangerer, pakka inn i ein flott kombinasjon av musikk, effekter og overgongar! Vi skal prøve å få lagt denne serien ut på Fogn.org så snart som råd er!

Elles var det mykje som sto på programmet:

  • Zumbainnslag ved borna
  • Utdeling av vandrepokalar (Årets vinnarar var andreklassingane Sarah Sandanger og Henrik Bøe Sevheim for flotte prestasjonar i lengde)
  • Pizza, is og brus
  • Rapportar frå dei ulike aktivitetane
  • Informasjon om arbeid med nærmiljøanlegg/leikeplass
  • Vanlege årsmøtesaker som årsmelding, rekneskap og val
  • Utlodning

Festen varte frå 18.30 til nærare 21.30, noko som gjorde at enkelte born vart heller søvnige etterkvart... Dette, og meir kan du sjå i serien med bilete under.

Imponerande KOM-prosjekt!

KOM 201514.jpg

Kvar vår arrangerer kultur og musikkskulen i FInnøy, i samarbeid med dei ulike skulane, KOM-prosjekt. Prosjektet går ut på at alle 7. klassingane i kommunen går saman om å lage ein musikal og framføre denne for ei smekkfull kulturstove, ikkje mindre enn tre gonger. Det var premiere for familiane til skodespelarane på torsdag kveld. På fredag fekk alle elevane i grunnskulen i Finnøy sjå førestillinga, då denne vart synt fram både frå klokka 10.00 og 12.15. Elevane i 1.-6. klasse frå Fogn reiste over og fekk med seg den siste førestillinga, og etterpå var lovorda mange!

Årets KOM-prosjekt hadde fått namnet "Ferskenflight", og var basert på boka "Verdens største fersken" av Roald Dahl. Det handla om ein ung gut frå England, som fekk vere med på ei spanande reise ombord i ein gigantisk fersken, og reisa gjekk over heile Atlanterhavet, og enda til slutt opp i New York. Elevane imponerte med både kulissar, musikk, song, dans, skodespel, teknisk styring og mykje meir! Her var det mange gode prestasjonar, og det er ingen tvil om at neste års 8. klasse er full av lovande talenter innan ulike område!

Elevane frå Fogn bidrog i høgaste grad til å gjere førestillinga så god som ho vart. No er det også slik at elevar frå alle øyane har vorte ganske så godt kjende, i god tid før dei alle saman startar på ungdomsskulen til neste år.

Under er nokre bilete frå årets KOM-prosjekt. (Kulturstova ser ikkje akkurat smekkfull ut på det første biletet. Dette handlar rett og slett om at elevane frå Fogn var ute i god tid, og sit og ser på "bakomfilm" frå prosjektet, før sjølve førestillinga...)


Velkomen til konsert i kyrkja!

Onsdag 18. mars kjem, som vi tidlegare har skrive om, Angela Primm og pianist Elsa Harris til Fogn for å ha konsert saman med Fognakoret. 

Konserten startar kl. 18.30, og tilreisande som kjem med ferja frå Judaberg 18.00, vert henta på kaien før konserten, og får skyss attende når det heile er over. 

Billettprisane er også klare. Det kostar 200 kroner for vaksne, 100 kroner for born, og maks 500 kroner for ein famile. 

Velkomen til ei sjeldan konsertoppleving i Fogn kyrkje!

Tid for årsfest i Fogn IL!

Bilete frå zumbagjengen sitt innslag under årsfesten i 2014.

Bilete frå zumbagjengen sitt innslag under årsfesten i 2014.

Fredag 13. mars kl. 18.30 arrangerer Fogn IL årsfest med val og årsmøtedel på Fogn oppvekstsenter. Her skjer det mykje:

  • Utdeling av vandrepokalar for Fognameisterskapet 2014
  • Leiar i Finnøy idrettsråd, Jon Asgaut Flesjå, har innlegg
  • Innslag frå dei ulike aktivitetane
  • Val og årsmøte. Info om planar om oppgradering av nærmiljøanlegget.
  • Servering av pizza, brus, is og kaffi.
  • Utlodning kr 10 per lodd. Me set pris på gevinstar

VELKOMMEN TIL SMÅ OG STORE!

Sjå det vèret!

Etter ein snøfattig og regntung vinter, har vi ikkje akkurat fått sett for mykje til sola dei siste månadane. Difor var onsdag 11. mars ein flott opptur med sol og nærmast vindstille vèr. Og godvèret ser ut til å fortsetje! Berre sjå på langtidsvarselet under, henta frå yr.no:

No skal det jo seiast at slike meldingar ikkje alltid er til å stole på, men det ser i alle fall lyst ut når ein samanliknar med det gråe veret vi har hatt dei siste par vekene! 

Kurt Hjemdal kjem for 5. år på rad!

Kommande helg, 06-08 mars, har me igjen gleda av å ønske velkommen til
Bibelhelg med Kurt Hjemdal her på Fogn! Dette er 5. året på rad den tidlegare rektoren på bibelskulen i Grimstad kjem til Fogn.

Tema og tekstar for helga er alle henta frå Efeserbrevet,- også kalt
Kyrkjebrevet og som i si samtid truleg var tiltenkt alle kyrkjelydane
i Litleasia

Fredag.       kl 19.30    Ef 1 1-2,10 : Velsignelsen i Kristus.
                                    - Sang av Anne Østhus

Laurdag      Kl 18.00   Ef 2,11-3,1 : Han er vår fred.
                                   -Kaffepause
                   Kl 19.30   Ef 4, 1-6,9 : Der det nye livet lever.
                                   - Sang av June Hovda

Søndag.     Kl.10.30   Gudsteneste i kyrkja    Ef. 6,10-18 ( søndagens tekst )
                                  - sang av Kyrkjekoret
                                  - Kollekt til Normisjon

Så er du hjertelig velkommen til Bedehus og kyrkja denne helga!

Normisjon