Flott visekveld med Dag Olav!

"Stinn brakke", eller i alle fall det rimelig fullt på Ottohuset fredag kveld,
då Dag Olav gav oss frammøtte ein fantastisk flott kveld med
sine eigenkomponerte tekstar med tonefølge.
Frå sitt eige sanghefte " Livet braut seg inn og braut meg opp. Ikkje
ned" fekk me fylgja Dag Olav der han nærast sang seg gjennom store
deler av livshistoria si.
Med "fengslande" småprat mellom dei 24 sangene og visene han framførte,
så delte han opent og sårbart frå dei ulike livsfasane ,som
tekstar og melodiar var blitt til i, heilt frå 1980 og fram til i dag.
Han sang om ungdommens opprør, kjærleik og lengsel. Om manndomens tap,
sorg, håp og varme. Og om pur glede over livet som vert til i møte med
kverandre
Dag Olav fekk masse godord og velfortent ståande applaus etter konserten!
Takk for ein sterk og flott kveld!

Sjå eit par små smakebitar frå konserten i videoen under!

Tekst, foto og video: Joar Sandanger

Stor "happening" på gang!

Vi er snart i mars månad, og dette er månaden når vesle Fogn får besøk av dei amerikanske gospelartistane Angela Primm, og Elsa Harris (pianist). Konsertarrangørane vil kome med meir informasjon her på Fogn.org når konserten nærmar seg, men i første omgang må folk berre sette av onsdag 18. mars frå klokka 18.30 og utover, dersom dei vil få med seg ei sjeldan oppleving i Fogn kyrkje!

Sjå kva folk tippa, og korleis det går!

I dag starta VM på ski i Falun, og med det starta også tippekonkurransen på Fogn.org! 49 deltakarar har tippa kva som vert den beste norske plasseringa i alle konkurransane, og kva for ein utøvar som står for denne prestasjonen. I dag var det heile 16 deltakarar som hadde tippa gull til både Petter Northug og Marit Bjørgen, men etterkvart som vi kjem lengre inn i meisterskapet, vil det nok ikkje forbli 16-delt førsteplass... 

Du kan sjå kva alle har tippa, og korleis det ligg an ved å klikke på DENNE LENKA!

"Ut og eta" på Fogn i helga?

Ein gong i året er det mogleg å gå "ut og eta" på Fogn. Det er når helselaget arrangerer sundagskafè på Fogn oppvekstsenter, og årets "happening" går av stabelen sundag 22. februar frå 13.00-15.00. I år er det skinkesteik med surkål, kjøttkaker med ertestuing og pøler i brød som står på menyen. I tillegg melder Reidunn Østhus i Fogn helselag om at det vert eit variert dessertbord og kaffi.

Prisane vert:

150 kr per person for middag
50 kr for born under skulealder (middag)
20 kr for pølse i brød
500 kr er makspris per familie

Alle er hjarteleg velkomne til å gå ut og eta på sundag!
 

Tipp norske resultater i ski-VM 2015!

19. februar er det første konkurransedag under ski-VM 2015, som dette året vert arrangert i Falun i Sverige. At nordmennene kjem til å gjera det betre enn svenskane på deira heimebane er jo kjekt i seg sjølv, men all erfaring viser at VM vert enno kjekkare om du blir med på Fogn.org sin tippekonkurranse!

No er det ikkje dei store premiane som står på spel i tippekonkurransen, berre spør vinnar av fotball-vm-tippinga 2014, Olav Østhus. Her handlar det mykje om heider og ære, men heider og ære er jo ikkje til å kimsa av... 

På Fogn.org sin tippekonkurranse skal du tippe på alle øvelsane der Noreg har deltakarar. Du skal tippe kva som vert den beste norske plasseringa, og kva for norsk utøvar som gjer det best. Du får 3 poeng for rett utøvar, og 2 poeng om du tipper rett plassering (medalje, 4.-6. plass eller 7. plass el. dårligare). I tillegg får du 3 ekstrapoeng om du tipper nøyaktig rett medalje (gull, sølv eller bronse).

Alle som deltek vil få tilgong til alle innsendte svar, og resultatlista i tippekonkurransen vil verta oppdatert gjennom heile meisterskapet. Frist for innlevering er torsdag 19. februar klokka 12.59, men lever gjerne svar i god tid før dette...

Klikk HER for å kome til skjema der ein fyller inn svar!