"Ut og eta" på Fogn i helga?

Ein gong i året er det mogleg å gå "ut og eta" på Fogn. Det er når helselaget arrangerer sundagskafè på Fogn oppvekstsenter, og årets "happening" går av stabelen sundag 22. februar frå 13.00-15.00. I år er det skinkesteik med surkål, kjøttkaker med ertestuing og pøler i brød som står på menyen. I tillegg melder Reidunn Østhus i Fogn helselag om at det vert eit variert dessertbord og kaffi.

Prisane vert:

150 kr per person for middag
50 kr for born under skulealder (middag)
20 kr for pølse i brød
500 kr er makspris per familie

Alle er hjarteleg velkomne til å gå ut og eta på sundag!
 

Tipp norske resultater i ski-VM 2015!

19. februar er det første konkurransedag under ski-VM 2015, som dette året vert arrangert i Falun i Sverige. At nordmennene kjem til å gjera det betre enn svenskane på deira heimebane er jo kjekt i seg sjølv, men all erfaring viser at VM vert enno kjekkare om du blir med på Fogn.org sin tippekonkurranse!

No er det ikkje dei store premiane som står på spel i tippekonkurransen, berre spør vinnar av fotball-vm-tippinga 2014, Olav Østhus. Her handlar det mykje om heider og ære, men heider og ære er jo ikkje til å kimsa av... 

På Fogn.org sin tippekonkurranse skal du tippe på alle øvelsane der Noreg har deltakarar. Du skal tippe kva som vert den beste norske plasseringa, og kva for norsk utøvar som gjer det best. Du får 3 poeng for rett utøvar, og 2 poeng om du tipper rett plassering (medalje, 4.-6. plass eller 7. plass el. dårligare). I tillegg får du 3 ekstrapoeng om du tipper nøyaktig rett medalje (gull, sølv eller bronse).

Alle som deltek vil få tilgong til alle innsendte svar, og resultatlista i tippekonkurransen vil verta oppdatert gjennom heile meisterskapet. Frist for innlevering er torsdag 19. februar klokka 12.59, men lever gjerne svar i god tid før dette...

Klikk HER for å kome til skjema der ein fyller inn svar!

Fagdag om middelalderen på skulen

Onsdag 4. februar var det fagdag om middelalderen på skuledelen av Fogn oppvekstsenter. Elevane jobba med ulike oppgåver knytta til denne tidsepoken, og det vart produsert teikningar, våpenskjold, leirskåler, middelalderhorn, flotte presentasjonar og filmen "Middelaldernytt". I tillegg kom det storfint besøk frå Finnøy og Ryfylke Livsgnist, då tre av skodespelarane i spelet om Ogmund Finnson tok turen til Fogn! Desse bidrog ved å vere i miljøet under fagdagen, i tillegg til at dei kommenterte elevane sine framføringar og sjølv spelte eit lite skodespel mot slutten av dagen.

Sjå fleire bilete, og få linken til filmen "Middelaldernytt" på Fogn oppvekstsenter sine nettsider ved å klikka HER.

Posten skal ikkje berre fram...

Arnstein Bøe har på vegne av Fogn grendalag vore i kontakt med distribusjonsavdelingen for posten. Det har nemleg vore nokre tilbakemeldingar om mykje feillevering av post, i tillegg til at det har vore litt uklårt kva ein eigentleg kan forvente frå landposttenesta ut over berre det å levere post.

Arnstein kan fortelja at distribusjonsavdelinga skal ta tak i feilleveringsutfordringa, og kan elles fortelja at dette om landposttenesta:

  • Ein gong i veka (måndag-fredag) kan du få utført ulike posttenester heimefrå. Det einaste du må gjere er å feste den gule signalbrikka på postkassen din, slik at postbudet ser at du ynskjer å få noko utført. Om du ikkje har signalbrikka, får du denne ved å henvdende deg til postbudet eller postens kundeservice.
  • På laurdag kan du få utført inn- og utbetalingar ved oppmøte i postkassen.
  • Du kan kjøpa frimerke av postbudet. Per dato har ikkje landpostbudet kortlesar i bilen, så dette må betalast med kontanter. Det vert arbeida med å få tak i terminal/kortlesar til bilane.
  • Har du DNB-konto kan du gjere innskudd og uttak hjå landpostbudet.
  • Elles kan du få utlevert eller innlevert rekomanderte brev, verdibrev, oppkrav og alle typar pakkar og brev.

Arnstein vil, på vegne av grendalaget, ha tilbakemeldingar dersom det som står skrive ovanfor ikkje fungerer i praksis. Han kan nås på mail fogngrendalag@gmail.com eller telefon 45476251.

Berre for damer!

Torsdag 12. februar vert det inspirasjonssamling i kyrkjekjellaren, og det er ei samling berre for damer, fortel ein av intiativtakarane, Monika Stensland til Fogn.org. Monika fortel vidare at samlinga startar klokka 19.00, og at temaet er Tro = Relasjon.

Christiane Weiss Tornes, psykiatrisk sjukepleiar frå Ålgård, deltek på samlinga. I tillegg kjem Gunn Berit Soldal og les eigne dikt. Elles vert det song, musikk, salatbuffet, kaffi og drøs!

Samlinga er eit samarbeidsprosjekt mellom Normisjon og ei lokal gruppe beståande av Monika, Anne, Kjersti, Reidun og Unni, og damer i alle aldrar er hjarteleg velkomne til inspirerande kvinnefelleskap!