Film og bilete frå "Nina"

Etter at stormen Nina besøkte Fogn i helga, har vi fått tilsendt både film og bilete frå lesarar av Fogn.org. Det takkar vi for ved å leggje det ut på nettsida vår! Under er ein film frå Arnt Olav Dahl, og i botnen av denne saka er eit bildegalleri der mange har bidrege med blinkskot!

God stemning og flott oppmøte!

Omlag 40 born frå 2.-8. klasse møtte opp då jente- og guttelaget hadde felles oppstartsamling for vårsemesteret på måndag. Den store gjengen fekk med seg andakt, song, pølser, sjokoladekake, brus og leiker. Stemninga var god heile kvelden, og dei 10 leiarane frå dei to laga var særs godt nøgde med både oppmøte og samlinga elles, då dei sendte borna heim i sjutida!

I tillegg til jente- og guttelaget, som er frå born frå 2. klasse og oppover, starta også "Hobby og tru" opp i kyrkja i dag. Dette er eit tilbod for born opp til og med 1. klasse. Desse laga vil ha samlingar annankvar måndag framover. Måndagane "imellom" er det øving for barnekoret "TøfFOGNådig" i kyrkja, eit tilbod for born frå og med 1. klasse.

Under er nokre fleire bilete frå jente- og guttelaget på måndag:

Felles oppstart i jente- og guttelaget på måndag

Måndag 12. Januar klokka 17.30 startar jente- og guttelaget opp med felles barnemøte på bedehuset. Det er jentelagsleiar Margrete Frafjord som har kontakta Fogn.org og melder om at det kjem til å verta ein innhaldsrik kveld med:

  • Andakt av Håvard
  • Leik og moro
  • Pølser, sjokoladekake og brus

Dersom nokre foreldre vil vere med, er dei veldig velkomne til det. Vi har i så fall kaffien klar...

"Nina" på besøk på Fogn!

Laurdag 10. Januar kom stormen "Nina" på besøk til Fogn. Sjølv om vinden, som kom frå vest, var sterkast ute ved kysten, merka vi den godt også lenger inn i fjordane. I tillegg til vinden, førte stormen med seg ein uvanleg høg vannstand. 

I galleriet under ser de bilete knipsa på ulike stader og av ulike personar på Fogn i helga. Har du fleire bilete er det berre å senda dei til fogngrendalag@gmail.com, så vert dei lagt inn i serien under!

Søppeltømming 2015

Rymi.jpg

Kvart år får vi ein tømmekalender i posten, som syner når søppelbilen kjem og tømmer søppelbøttene på Fogn. Kalenderen for 2015 vart sendt ut i desember, men det er gjerne ikkje alltid vi har den foran oss når står der ein kveld og lurer på om det er søppeltømming morgonen etter. Difor la vi ut ei lenke til kalenderen for 2014 på Fogn.org i fjor, og "gjentek suksessen" også med årets tømmekalender.

I kalenderen finn du i tillegg nyttig informasjon som t.d. opningstidene for gjenvinningsstasjonen på Judaberg (onsdag 13.00-17.30 og laurdag 10.00-13.00). Og visste du at det var ei byttebu på gjenvinningsstasjonen, der du kan setje frå deg og ta med deg ting du og andre synest er for fint til å kaste, men som kan få skifte eigar? Dette kan du lese meir om i tømmekalenderen for 2015 som du finn nede til venstre på framsida av Fogn.org, eller ved å klikka HER.

Flott nyttårscup!

Årets nyttårscup, som tidlegare år har vore ein romjulscup, gjekk av stabelen fredag 2. januar i gymsalen på Fogn oppvekstsenter. Påmeldinga var rekordstor, og heile 10 meir eller mindre komplette lag var klare til å kjempe om vandrepokalen. Etter 27 kampar, mange fine ballvekslingar, ein heil del engasjement og mykje skrik og skrål, var det laget med det kreative namnet "Vinnarlaget frå i fjor" som sto att som sigerherrar i finalen mot "Team Kjølvik".

I tillegg til mange aktive spelarar på banen, var det mange som tok turen for å vere tilskodarar, og desse skapte ei ekstra fin ramme rundt arrangementet!

Nytt av året var at resultata vart fortløpande oppdatert på ein TV-skjerm i foajeen. Her var det eit rekneark med kampoppsett, resultater og puljetabellar. Dei ekstra interesserte kan sjå dette reknearket ved å klikke HER.

Under er ein fyldig bildeserie frå cupen. Der kan de sjå bilete frå mykje av det som skjedde under sjølve cupen, og ikkje minst den heftige mengden konfetti som vart skoten ut då vinnarlaget mottok pokalen sin. Bileta er knipsa av Jørgen Bø, Karl Magne Frafjord og Håvard Østhus.