Godt nytt år!

Årets siste kveld vart markert med eit flott fellesfyrverki på Fogn. Biletet over er knipsa mot slutten av fyrverkishowet, som vara i nokså nøyaktig 10 minutter frå klokka 18.30-18.40 på nyttårsaftan. Det var mange som hadde møtt opp, og leiar i grendalaget, Kristoffer Østhus, talte at det var nokså nøyaktig 100 personar tilstades. Mange trakk fram det positive med at oppskytinga starta såpass tidleg, slik at også dei yngste borna kunne få med seg denne delen av feiringa. Når vèret også var mykje betre klokka 18.30 enn rundt midnatt, må dette seiast å ha vore ein stor suksess! Det var grendalaget og idrettslaget som hadde gått saman for å finansiera fyrverkeriet, og Trond Egil Sivertsen var henta inn som "skytebas". 

Fogn.org vil med det ynskja alle lesarar eit veldig godt nytt år!

Klart for fyrverkeri, marsj og cup!

Romjula går mot slutten, og det er på tide å sjå framover mot nyttårsaften og dei første dagane i det nye året. Her kjem litt meir informasjon om dei ulike arrangementa.

Fyrverkeri - Nyttårsaften kl. 18.30 ved skulen
Fogn grendalag og Fogn IL har gått saman om å arrangera fellesfyrverkeri for heile familien. Ved å arrangere fyrverkeriet så tidleg som 18.30 treng ikkje dei yngste borna å vere vakne heilt til midnatt for å sjå glitter og eksplosjonar. Det er Trond Egil Sivertsen, som er rutinert rakettoppskytar, som fyrer opp rakettane ved skulen.

Nyttårsmarsj - 2. Januar kl. 17.00 frå skulen
Fogn IL sin nyttårsmarsj med start ved skulen. Løypa går over Bø - Høgaste - Erås og så tilbake til skulen. 50 kr per deltakar og maks 150 kr per familie. Gløgg og pepperkaker etterpå. Møt opp!

Nyttårscup - 2. Januar kl. 19.00 i gymsalen
Den tradisjonsrike romjulscupen i volleyball er dette året flytta til etter nyttår, men det er framleis volleyball som står på menyen. Gå saman med venner og kjente og  meld på eit lag: Aldersgrensa er 8. klasse. Laga skal bestå av seks eller fleire spelarar og vere ei blanding av damer og menn (min. to av kvart kjønn). Meld på lag til Pål (97040089) eller Jakob (99014338). Ein kan også melde på lag i Fogn IL si nyoppretta Facebookgruppe (søk på Fogn idrettslag på Facebook). Dersom nokon har lyst å vera med, men manglar lag, eller laget ditt mangalar spelarar, så gje oss beskjed om dette. Då kan vi gjere eit forsøk på å opprette kontakt med andre som er i same båt, slik at alle som ynskjer det får delta. Per 30. desember er det meldt på fire lag.

Det skjer på Fogn i jula!

Det har alt skjedd mange "juleting" på Fogn i desember, men etter at jula er sungen inn, og skulen har teke juleferie, går vi no inn i jula "på skikkeleg". Under er ein oversikt over mykje av det som skjer på Fogn i jula.

Julafta - kl. 13.00
Gudsteneste ved Anders Kvalevåg
Song ved Sarah og Leah Sandanger og Fognakoret
Takkoffer til Talgje sokn sitt misjonsprosjekt

1. Juledag - kl. 12.00
Høgtidsmøte på bedehuset
Andakt ved Jon Olav Østhus
Kollekt til Redeemed in Zion, og elles diverse innslag

2. Juledag - kl. 12.00
Gudsteneste ved Terje Engstrøm
Song ved Fognakoret m/solistar
Takkoffer til Opne dører

2. Juledag - kl. 20.30
Konsert med Silje Sandanger i kyrkja
Inngang kr. 100. 
Pengane går til Passport2Freedom

3. Juledag - kl. 18.00
Søndagsskulen sin juletrefest på bedehuset
Andakt av Renathe Aano Thingbø
Elles vert det gong rundt juletreet, og det som elles høyrer til på ein tradisjonell juletrefest

Nyttårsafta - kl. 18.30
Felles rakettoppskyting ved Fogn oppvekstsenter.
Arr: Fogn Grendalag og Fogn IL

2. Januar - kl. 17.00
Fogn IL sin nyttårsmarsj med start ved skulen.
Me går løypa Bø - Høgaste - Erås og så tilbake til skulen. 50 kr per deltakar, maks 150 kr per fam.
Gløgg og pepperkaker etterpå

2. Januar - kl. 19.00
Fogn IL sin volleyballcup i gymsalen. Påmelding av lag frå 8. klasse og oppover til Jakob (99014338) eller Pål (97040089). 
Sal av pizza, brus og sjokolade

Hjarteleg velkomne på alle arrangement!

Interesse for nytt motorsagkurs?

Som vi skreiv om i helga, så er det mange som veit å nytta ei motorsag på Fogn. Men i og med at det framleis er dei som ikkje kan det, og for å befesta vår plass på toppen av lista over motorsagkurs målt i innbyggjartal, er det aktuelt å arrangera eit nytt kurs på nyåret. Dato er ikkje fastsett, men dei som ynskjer kan melda interesse til Halvard Bøe (45414412) eller Erlend Harestad (98616118). Ein beskrivelse av det aktuelle kurset ser du ved å klikka HER.

Og så var jula sungen inn!

Regn og vind sette ingen dempar på Fognbuen, som strøyma inn i kyrkja før søndagens arrangement "Vi syng jula inn". Det kom så mange at Dag Olav Sæbøvåg måtte oppfordre folk om å sjå to og to i salmebøkene, noko som må vere eit teikn på at kyrkjerommet var nokså smekkfullt då samlinga starta!

Både kor og enkeltpersonar bidrog til at det vart ein flott kveld! Under ser du bilete frå det meste som skjedde i kyrkja, og nede til venstre på bileta ser du forklarande tekst.

No skal ungdomen saga!

På laurdag arrangerte Halvard og Gerd Johanne Bøe frå Fogn Bondelag eit motorsagkurs på Fogn. Instruktør var Tårn Sigve Schmidt, som har vore her og hatt kurs tidlegare. Tårn Sigve kunne fortelje at Fogn er den plassen (i landet?) som har flest personar med motorsagkurs i forhold til innbyggartal.

På dette kurset deltok Andreas H Bøe, Tobias Sunde, Celine Aske, Morten Haugstad, Halvard Bøe og Kristian Sunde. Alle var ivrige og instruktøren var godt nøgd med heile gjengen. At dette "ikkje er tull eingong" vert tydeleg gjennom at alle deltakarane har fått kursbevis på handtering og bruk av motorsag. 

Under er fleire bilete frå kurset. Tusen takk til Arnstein Bøe for tips, tekst og foto til denne saka!