Eldresenteret fekk koseleg besøk!

Måndag 8. desember fekk brukarane av eldresenteret på Fogn koseleg besøk av ungane i barnehagen! Borna hadde kledd seg ut og laga Lucia-tog, dei hadde med seg lussekattar til utdeling, og song både "Luciasongen" og "Eit barn er født i Betlehem". Før barnehageborna forlot eldresenteret, var det også viktig for mange av brukarane å få vite kven som var foreldra til dei ulike borna, og det var mange "åja" og "det kunne eg nesten sjå" då dei fekk høyre kvar den enkelte høyrde heime.

Dette besøket er ein lang tradisjon, og etter måndagens vellukka besøk spørs det om ikkje tradisjonen kjem til å halde fram i fleire år framover også!

Under er fleire bilete frå barnehagen sin tur og besøket på eldresenteret.

Juleverkstad på oppvekstsenteret

Årets juleverkstad på oppvekstsenteret vart gjennomført tidleg i desember, nærare bestemt tysdag 2. og onsdag 3. desember. Elevane var delt inn i fire grupper der dei bakte kaker og laga nissar av greiner, juletre av papir og lys av stearin! I tillegg åt både barnehageborn og skuleelevar felles julegraut på onsdagen. To kjekke dagar!

Sjå fleire bilete på nettsida til Fogn oppvekstsenter ved å klikka HER.

Er du klar over denne?

Styret i grendalaget har fått spørsmål om det finnest ein stad der dei som bur på Fogn kan kasta papp og papir til gjenvinning. Styremedlem Arnstein Bøe har kontakta driftssjef i RYMI, Tormod Rugland, som kan fortelja at det står ein grøn kontainer ved lagerbygget til Fogn Landhandel, og denne er berekna på papp og papir frå innbyggjarane. 

Det kan virka som om mange har trudd at denne kontaineren har tilhørt butikken, eller at det er dei som er på hytter som kan nytta den. Det er altså slik at denne kan nyttast av alle oss som bur på Fogn, så no veit du kvar du kan gjere av papp og papir i framtida!

NO kan du fylla drivstoff på Fogn!

Som vi skreiv om tidlegare i haust, har Kristoffer Østhus, Ivar Opsal, Øyvind Sandanger og Pål Rune Grønås gått saman og laga aksjeselskapet Fogn handel AS. Dei ville starte opp med sal av drivstoff på Fogn, og no er alt oppe og går! Ny pumpe med kortautomat har stått klar på butikken i lengre tid, men det har vore ei utfordring knytta til VISA-kort på automaten. Kristoffer Østhus melder i dag om at dette no er ordna, så no kan alle med VISA-kort koma og fylla drivstoff frå Fogn handel si pumpe ved butikken. Østhus melder om at det nok framleis går eit par dagar før kortautomaten fungerer for dei som nyttar MasterCard.

Ståle Runestad fekk fyllt bensin på kanna alt i helga, men då var det berre dei med firmakort som kunne få kjøpt drivstoff. No fungerer det for alle med VISA-kort.

Ståle Runestad fekk fyllt bensin på kanna alt i helga, men då var det berre dei med firmakort som kunne få kjøpt drivstoff. No fungerer det for alle med VISA-kort.

Sjeldan konsertoppleving i kyrkja!

Adventstida på Fogn fekk eit skikkeleg "kick off" då Hans Inge Fagervik med musikarar hadde førjulskonsert i kyrkja måndag 1. desember. Over 100 frammøtte, fin lyd- og lyssetting og ein mørk og klår kveld var med og lage ei flott ramme rundt det som vart ein minnerik kveld! 

Hans Inge Fagervik hadde med seg dei dyktige musikarane Trygve Hellesen og Rasmus Solem som spelte på 7-8 ulike instrumenter i løpet av kvelden. Men her var også lokal hjelp å få. Barnekoret TøfFOGNådig song flott med på tre songar, og Kjersti Sandanger framførte ein vakker song, akkompagnert av dei tre musikalske mennene. 

Stemningen var god konserten gjennom, som varte i omlag halvannan time. Det gjekk frå latter etter lun humor til tørking av tårer etter gripande historier frå Fagervik sine opplevingar knytta til ulike personar i rusmiljøet. Men mest av alt var dette ein førjulskonsert, med ulike julesongar av Fagervik sjølv. Det heile vart avrunda med fellessongen "Deilig er jorden", og då, ja då trur eg eit nokså kraftig snev av julestemning var å finne i mange av tilhøyrarane, som kunne gå fornøgde ned til kyrkjekaffi før folk gjekk kvar til sitt!

Under er eindel bilete og ein liten videosnutt frå den flotte kvelden!

Det skjer i helga på Fogn!

Bilete frå guttelagsbasaren i november 2012.

Bilete frå guttelagsbasaren i november 2012.

Det skjer stort sett alltid noko på Fogn. Sjølv om dette kanskje er ei sanning med modifikasjonar, så er det i alle fall tilfelle no i helga, for høyr berre her:

Fredag kl. 18.00 - Guttelagsbasar på bedehuset
Guttelaget sin tradisjonsrike basar på bedehuset med andakt av Aud Norunn Myklebust, gratisk kaffi, saft og bollar, og utlodning med mange kjekke gevinstar. 

Laurdag kl. 17.30 - Julegrantenning i kyrkja
Det er "første laurdag i advent" og julegrana i kyrkja må tennast! Dette er ein del av programmet under "Lys vaken", ei overnattingssamling i kyrkja for 6. klassingane i Finnøy kommune. 

Laurdag kl. 17.45 - Reflekstur med start ved kyrkja
Idrettslaget arrangerer refleksturen for andre år på rad, og denne gongen er starten ved kyrkja. Her gjeld det å lysa på refleksane i mørket, og på denne måten finna vegen gjennom løypa. Hugs lommelykt og gode sko.

Laurdag kl. 21.00 - Restaurantkveld på skulen
Ungdomslaget har samlingar på skulen annankvar laurdag, og denne gongen skal dei ha restaurantkveld med hamburger, pommes frites, lasagne og is på menyen! Her vert det levande lys og god stemning for alle ungdomar frå 8. klasse og oppover! I løpet av kvelden får dei frammøtte også høyre andakt av Håvard Østhus.

Søndag kl. 10.30 - "Lys Vaken"-gudsteneste i kyrkja
Gudsteneste ved Anders Kvalevåg. 6. klassingar som er med på "Lys Vaken" deltek. Takkoffer til trusopplæringsarbeidet. Kyrkjekaffi.

Og dette var faktisk berre nokre av dei arrangementa som går av stabelen denne helga! Sjå kalenderen på Fogn.org for full oversikt, god helg!