Dugnad på bålhuset

Laurdag 9. november, frå klokka 10.00 skjer det. Det er tid for dugnad på bålhuset igjen!

Byggmester Malvin ynskjer hjelp til å ferdigstille pipa på bålhuset. Etter denne laurdagen starter han med julekransar og slike saker.
Malvin håper at 4-5 snekkerinteresserte kan ha mulighet til å bli med. Det vert bål og servering i skogen. 

P.s. Alle må ikkje kunne like mykje om snekring for å bli med på denne kjekke dagen!!! Lurer du på noko om bygginga, ta kontakt med Malvin på telefon 93 42 21 91. Velkommen!

Tekst: Ingeborg Bø

Juleverkstaden opnar no!

November er over oss, og då må det vera lov å byrja å tenkja litt på jula som nærmar seg. Vi veit at gåver har blitt ei sentral del av julefeiringa, og kva skal ein igrunnen gi til den som har alt? Dette kan Thor Jansen hjelpa deg med! Thor har nemleg open juleverkstad i heile november og halve desember. Alle som vil kan koma til taubinderiet hans, få hjelp til å laga originale gåver, og så treng dei kun å betale for det tauet dei bruker. Thor har mange idear til ting som kan lagast, og med så mange års erfaring har han også ein heil del å læra vekk. 

Det er ein fordel om folk som vil nytte seg av juleverkstaden ringer Thor på førehand, for å avtala tidspunkt. Hans telefonnummer er 92 41 98 70.

Så kan vi kanskje håpe at nokon tek bilete av dei ferdige resultata og sender til Fogn.org? Vi treng sjølvsagt ikkje avsløre kven som har laga, eller kven som skal få gåva...

Flott U-landsaksjon!

U-landsaksjon 2014 23.jpg

Torsdag 23. oktober utgjorde barnehageborna og elevane ved Fogn oppvekstsenter ein forskjell for mange born i det asiatiske landet Laos. Då gjennomførte dei nemleg årets U-landsaksjon, og samla inn nesten 17 000 kroner som skal gå med til at born i Laos skal få gå på skule og få undervisning på deira eige språk!

Pengane kom inn på mange måtar, her er det berre å nemna i fleng:

  • Sal av middag, pølser, kake, lappar, kaffi og saft
  • Fiskedam
  • Sal av sjølvlagte ting
  • Sal av "Hei Verden"-produkter
  • Loppemarknad
  • Loddsal
  • Hud og Hårpleie
  • Fotoshoot
  • Wii-dans
  • Frisbeekast

Godt med folk møtte opp og la som nemnt igjen nesten 17 000 kroner som organisasjonen "Hei Verden" vil bruka på ein god måte blant borna i Laos. 

Under er ein serie med bilete frå aksjonen:

Grilltur i helga?

Siste søndag i månaden er turdag på Fogn, og no på søndag er det igjen tid for å finna fram gode klede og koma seg ut i haustnaturen! Oppmøte er klokka 14.00 ved kyrkja, før turen går til Stavnes, om Bøvågen (via Janne Grethe og Arve). 

I Stavnes er det sett opp bålpanne, slik at dei som ynskjer kan ta med grillmat. Dei som ynskjer kan ta med anna godt også...

Turen er arrangert av Speidarane, Fogn IL og Fogn helselag. Speidarane vil underholda med informasjon om Norden generelt og Sverige spesielt.

God tur på søndag!

Støtt ei god sak på torsdag!

Torsdag 23. oktober klokka 11.00 åpner skulen dørene for årets solidaritetsaksjon, eller U-landsaksjon, som den årelange tradisjonen gjerne vert kalla. Då kan alle som har høve til det kome til skulen for å kjøpe middag, pølser og kaker i foajeen, i tillegg til ymse aktiviteter og sal av ting og tang i gymsalen. Som om ikkje det var nok er det sal av lappar og fisking i "fiskedam" i barnehagen. 

Nytt av året er at det vil vera ein liten loppemarknad på torget i gymsalen. Her har elevane alt byrja å ta med seg ulike ting dei vil selge, og det er liten tvil om at det er fullt mogleg å gjere gode kupp her! 

Aksjonen sluttar kl. 13.00, og like før aksjonsslutt vert det gjennomført trekning av ulike gevinstar som elevane har tatt med seg. Inntektene frå årets aksjon går til organisasjonen "Hei Verden" sitt arbeid for å bidra til skulegong for born i Laos. Les meir om dette arbeidet ved å klikka HER.

Velkommen til U-landsaksjon!