Støtt ei god sak på torsdag!

Torsdag 23. oktober klokka 11.00 åpner skulen dørene for årets solidaritetsaksjon, eller U-landsaksjon, som den årelange tradisjonen gjerne vert kalla. Då kan alle som har høve til det kome til skulen for å kjøpe middag, pølser og kaker i foajeen, i tillegg til ymse aktiviteter og sal av ting og tang i gymsalen. Som om ikkje det var nok er det sal av lappar og fisking i "fiskedam" i barnehagen. 

Nytt av året er at det vil vera ein liten loppemarknad på torget i gymsalen. Her har elevane alt byrja å ta med seg ulike ting dei vil selge, og det er liten tvil om at det er fullt mogleg å gjere gode kupp her! 

Aksjonen sluttar kl. 13.00, og like før aksjonsslutt vert det gjennomført trekning av ulike gevinstar som elevane har tatt med seg. Inntektene frå årets aksjon går til organisasjonen "Hei Verden" sitt arbeid for å bidra til skulegong for born i Laos. Les meir om dette arbeidet ved å klikka HER.

Velkommen til U-landsaksjon!

Reparasjon av moloen i Sæbøvåg

Skadene etter stormen i november var store på moloen i Sæbøvåg, og

etter omfattande vurderingar av skadeomfang og måtar å få satt moloen
i god stand på, så er nå dette arbeidet godt i gang .
Våre lokale entreprenørar: Kristoffer Østhus og Sandanger Maskin er
engasjert av Båtforeningen, og har så langt gjort eit imponerande godt
og solid arbeid både under og over vatn. I samarbeid med
dugnadsinnsats frå medlemma, er det nå god von om at moloen betre enn
nokon gong skal stå seg mot kommande haust og vinterstormar!

Takk til Joar Sandanger som har sendt inn både tekst, bilete og video til denne saka!

Utstilling på årets julemesse

Lørdag 22. november blir det julemesse i museet på Erås, som det har vore dei siste åra.
Og som tidlegare år vil vi også ha ein liten utstilling. Temaet i år er BÅT : trebåt - papirbåt - tøybåt - strikka båt - hekla båt - lakrisbåt - ? - ?
Kom og still ut din MODELLBÅT saman med elevar frå oppvekstsenteret.
Vil du vera med så kontakt Kristine på tlf. 41 33 84 04, pga. plassbehov. 

Det er Mallin S Iversen frå skulen og Kristine Bø frå kulturgruppa i grendalaget som er ansvarlege for årets utstilling.

Avslutningsfest for Øydis!

Fredag 3. oktober hadde Øydis Antun sin siste dag som rektor ved Fogn oppvekstsenter. Ho har vore rektor sidan sommaren 2012, og skal frå og med 1. november jobba som ny flyktningekonsulent i Finnøy Kommune. 

Øydis sin siste dag som rektor måtte sjølvsagt markerast på oppvekstsenteret, og det var stelt i stand pizzafest i lunsjen. Føresette hadde bidrege med knallgod pizza, elevar leia samlinga og hadde laga ei minnebok frå ungane, og den avtroppande rektoren fekk gåver og godord frå både personalet og foreldregruppa. På toppen av det heile hadde Øydis sjølv bakt ein imponerande mengde skillingsbollar, som fungerte ypperleg som dessert etter pizzafesten!

Før ho tek til i jobben som flyktningekonsulent kjem Øydis til å reisa på ein to vekers ferie til Bolivia, i tillegg til at ho vil vera tilgjengeleg for den nye rektoren, Håvard Østhus, ei drøy veke mot slutten av oktober.

Ørjan berga uavgjort i siste kamp!

Sunde 2 - Fogn: 1-1 (0-0). Alt før søndagens kamp i Kvernevik var det klart at dette vart eit slag mellom nr. 1 og 2 i serien denne sesongen. Sunde 2 leda nemleg med fire poeng på Fogn, som igjen hadde god klaring ned til laget på tredjeplass. Likevel var det knytta ei viss spenning til kampen, då Fogn ved å unngå tap ville klare å gå ubesigra gjennom heile haustsesongen. Og så er det jo alltid kjekt å avslutte med stil!

1. omgang var ingen stor førestilling av nokon av laga, og det var i grunnen ikkje veldig mykje å hverken skrive heim om, eller å skrive om i det heile, frå dei første 45 minuttene som enda 0-0. 

Kampen tok seg opp i 2. omgang, og begge lag byrja å produsera store sjansar. Heimelaget traff etterkvart tverrliggaren, og då ville ikkje bortelaget, representert ved Sondre Trå Sørheim, vere noko dårlegare. Sondre skaut via ein Sundeforsvarar og i tverrliggaren. Ballen gjekk rett opp, og så i tverrliggaren igjen, før det vart corner...

Om dette vart ein vekkar for dei gulkledde frå Sunde, er uvisst, men dei fekk nokså fort nettsus etter Sondre si avslutning. Først heada Sunde sin spiss inn det mange trudde var ledarmålet, men skåringa vart annulert for det som må ha vore ein hårfin offside. Ikkje lenge etter stal ein Sundespelar ballen nede ved dødlinja, og gjekk innover i feltet. Skotet hans vart redda, men returen hamna ute på omlag 15 meter, der ein av dei gulkledde fekk godt treff med høyrefoten, og ballen smalt inn i det venstre hjørnet bak Olav Østhus i Fognmålet, 1-0.

Heimelaget si skåring kom så seint som etter 80 minutter, og Fogn måtte difor satse framover for å ha håp om å få med seg eit poeng frå denne vanskelege bortekampen. Sondre vart flytta fram til dei nyinnbytta spissane, Tobias Sunde og Ørjan Bø Måkestad, og det var nettopp denne trioen som skulle sørge for jubel i den blå leiren! På ei kontring fekk Tobias sendt ballen vidare til Sondre, som kriga seg forbi eit par spelarar, før han spelte gjennom til Ørjan som kom på løp. Keeper nøla, og vart ståande på streken akkurat så lenge at Ørjan nådde ballen først, var iskald, og plasserte ballen høgt i mål til 1-1! 

Uavgjort vart også slutresultatet, noko som gjer at Fogn ikkje tapte ein einaste kamp gjennom heile hausten. I tillegg tapte dei berre ein bortekamp dette året, nemleg serieopninga borte mot Finnøy.

No er det framleis nokre lag som ikkje har spelt sin siste kamp i serien enno, men Fogn ender uansett på ein sterk 2. plass med 24 poeng. I tillegg tyder alt på at Finnøy ender på 5. plass, eller tredje sist som det også heiter, med sine 14 poeng. Fogn har altså all grunn til å vere godt nøgde med sesongen 2014!

Kampfakta

Mål: Ørjan Bø Måkestad
Assist: Sondre Trå Sørheim

Gult kort: Martin Østhus

Fogn sitt lag:

Olav Østhus
Martin Østhus
Sigve Bø
Ivar Opsal
Ørjan Klev Ladstein
Ole Jakob Kjølvik
Jakob Bø
Lars Olav Bøe
Sondre Trå Sørheim
Håvard Østhus
Sergejs Kononov

Innbyttarar (alle benytta):

Johannes Hovda
Kristoffer Runestad
Ørjan Bø Måkestad
Vadim
Tobias Sunde