Takka av etter 47 år i tenesta!

Søndag 14. september var det tid for søndagsskulefrukost på bedehuset. Spesielt invitert i år, var Johannes Hovda, som no gir seg som søndagsskulelærar etter ikkje mindre enn 47 års karriere. Johannes fekk blomar, ein trefigur og gode ord som takk for innsatsen, før han sa nokre velvalde ord til dei omlag 60 frammøtte. Han kunne fortelje at det hadde gitt han mykje å vera leiar i søndagsskulen, og at det viktigaste var at både born og vaksne ville fylgja Jesus.

Elles vart det servert god frukost i tillegg til at det var song, andakt og ein leik for borna. Søndagsskulen på Fogn er delt i to grupper. Borna opp til og med 3. klasse går på Søndagsskulen, medan dei som går i 4. klasse og oppover høyrer til i Søndagsringen. Dei møtes stort sett alltid klokka 11 på bedehuset, dei søndagane det ikkje er føremiddagsgudsteneste i kyrkja. Oversikt for hausten vil bli lagt ut på Fogn.org når denne er klar.

Under er nokre bilete frå søndagsskulefrukosten:

Klar for ein skikkeleg TOPP tur?

Arkivfoto frå toppturane i 2013. Her er ein del av deltakarane på Peråsen.

Arkivfoto frå toppturane i 2013. Her er ein del av deltakarane på Peråsen.

Sundag 21.september arrangerer Fogn IL ein skikkeleg TOPP sundagstur. Dette året kan ein velje mellom 4-toppstur eller 7-toppstur over den flotte øya vår! 

7-toppsturen startar klokka 12:00 i Auglendsdalen på Hovda. Turen går over desse toppane; Eikhaug, Borgaråsen, Himaråsen, Peråsen, Varhaug, Ørnekulå og Domfjedle. Det er ikkje så mange stader ein kan parkera i Auglendsdalen, så det er fint om ein kan gå ut til start eller få nokon til å køyre seg ut.

4-toppsturen startar klokka 12:30 på skulen. Derfrå går turen over dei 4 siste toppane i 7-toppsturen; Peråsen, Varhaug, Ørnakulå og Domfjedle. 

I år har Windoornet, Stavanger Installasjon, Coop Finnøy, Kiwi Finnøy, Ståle Runestad, Bryne Landbruksservice og Joker Fogn sagt seg viljuge til gje ei lita overrasking på toppane. Me takkar for støtta.

Det vert trekt ut eit gåvekort, i år som i fjor, blant dei som fullfører anten 4- eller 7-toppsturen. Gavekortet er på 500 kroner.

Me ynskjer god tur til alle som møter opp!

Har ein spørsmål om turen, kontakt Helge/Mallin på 41 08 55 24.

Har du tankar om hurtigbåt- og ferjeruter?

Ferje.jpg

Fogn Grendalag skal sende ei uttale til Finnøy kommune og Rogaland Fylkeskommune knytta til ferje- og hurtigbåtrutene våre. Dei har laga eit forslag til ei uttale, men ynskjer at alle kan kome med innspel som Grendalaget vil gå gjennom, og eventuelt korrigera skrivet som skal vidare "opp i systemet". 

Har du tankar om hurtigbåt- og ferjeruter, er altså dette ein god moglegheit for å få desse tankane vidare. Innspel må ha kome til Grendalaget innan torsdag 18. september. Du kan t.d. nytte "kontakt oss" her på Fogn.org, mailadressa fogngrendalag(a)gmail.com eller kontakte Arnstein Bøe på 45 47 62 51.

Klikk HER for å lese uttala frå Grendalaget, slik den ligg føre no.

Søndagsskulefrukost til helga

På søndag startar søndagsskulen opp igjen etter sommarferien. Dei startar hausten med søndagsskulefrukost på bedehuset, og har i dette høvet sendt inn både bilete og tekst til Fogn.org:

Velkommen til søndagsskulefrukost søndag 14. sept. kl. 10.00 på bedehuset.
Kom heile familien, med eller utan besteforeldre, til en GOD frukost. Etterpå blir det sang og andakt med og for dei minste.
Velkommen store og små!

Vått, men vellukka

Fognaløp og meisterskap vart arrangert i varierande vèr søndag 7. september. Men dei etterkvart nokså dryge regnbygene hindra ikkje eit flott arrangement med god stemning og mange gode idrettsprestasjonar! 

Først ut var Fognaløpet, der det også i år var to distansar, 5 og 10 km. Seks deltakarar sprang 5 km, medan ti personar sprang dei 10 kilometrane rundt øya. Resultata frå desse løpa ser de under:

5 km for damer
1. Heidi Bø Sangedal - 26.52
2. Gunhild Grønås - 28.40
3. Elisabeth Rygg - 33.24
3. Anne Martha Straumstein - 33.24

5 km for menn/gutar
1. Jørgen Bø jr - 24.17
2. Filip S Iversen - 29.25

10 km for damer
1. Ingvild Bø - 43.06
2. Marianne Skregelid - 45.36
3. Anne Sunde - 1.02.53

10 km for menn/gutar
1. Helge M Iversen - 42.52
2. Håvard Østhus - 43.03
3. Jakob Bø - 43.25
4. Pål Rune Grønås - 46.55
5. Kristian Iversen - 47.35
6. Martin Østhus - 58.00
7. Trond Arne Borgemyr - 1.02.57

Deretter var det tid for Fognameisterskapet for born i alle aldrar. Etter heftig zumbaoppvarming, var det klart for sprint, lengde, kulestøt og kast med liten ball. Det vart sjølvsagt nokre pausar i løpet av meisterskapet, men kva gjer vel det når Bama hadde sponsa frukt og grønt i lange banar?

Den gode innsats frå alle deltakarar kjem betre fram på bilete enn i tekst, så under er ein fyldig serie med bilete frå det som skjedde denne dagen! (Bla mot venstre for å få det i kronologisk rekkefylgje...)






Klart for Fognaløp og -meisterskap

Bilete frå Fognaløpet 2013

Bilete frå Fognaløpet 2013

Søndag 7. september går årets Fognaløp og -meisterskap av stabelen. Klokka 13.00 går startskotet for 5 og 10 km løpa, og idrettslaget oppfordrer alle (uansett alder) som liker å springe eller gå fort til å bli med. Startavgift for dei over 18 år er 100,-. Det vert premiering til vinnarar i dame- og herreklasse i begge distansar, i tillegg til at eit gåvekort vert trukke blant alle som deltek.

I målområdet vert det som alltid god stemning, frukt og grønt! Dei som ynskjer kan grille pølser på bålpanne ved skulen, Det tradisjonsrike Fognameisterskapet for born i alle aldrar startar kl. 14.30, og her får alle premiar umiddelbart etter meisterskapet.

Velkommen til store og små, og hugs, det er meldt fint vèr!