Gjekk frå Oslo til Fogn!

26. Juli gjekk Marita Sandanger og Sondre Trå Sørheim ut av ein leilighet på Lambertseter i Oslo. Med seg hadde dei kvar sin hund, og hadde det ikkje vore for dei store sekkane dei bar, kunne ein gjerne tru at dei berre var ute og lufta desse to hundane. Men turen skulle ikkje vere over før dei snaut tre veker seinare gjekk inn gjennom døra på garden til Marita sine foreldre, Reidun og Trygve Sandanger på Sæbø!

Fogn.org møter to, nesten uforskamma opplagte, ungdomar i stova til fam. Sandanger. Marita og Sondre har avslutta turen med å ro i trebåt frå Hjelmeland til Fogn berre timar tidlegare, men verkar ikkje særleg slitne der dei sit og ser gjennom bilete frå ekspedisjonen. Det har blitt ein heil del bilete i løpet av den 564 km lange turen, der dei overnatta omtrent like mykje i telt som i turistforeningen sine hytter langs vegen. Og når ein i tillegg veit at begge hadde tunge sekkar, der Sondre sin i periodar vog omlag 40 kg, kan ein jo lure på korleis i all verda dei hadde klart seg på turen.

- Det gjekk eigentleg veldig greit, seier Marita og legg til at det faktisk var tyngst i starten av turen, men at kroppen etterkvart trong mindre og mindre tid på å restituere seg og lade batteria til neste etappe.
Sondre, som mellom anna har gått Noreg på langs åleine, fortel at ein merker humørsvingningane betre når ein går saman med andre, men han har gode råd for å unngå dette:
- Skal du gå på lange turar, må du både ete og kvile godt. Stopp heller ein halvtime for tidleg enn ein halvtime for seint, då går alt så mykje betre. Vi har passa på å spise gode måltider, med havregrøt til frukost, "REAL turmat" til middag, og pannekaker eller suppe til kvelds.
- Og masse sjokolade, legg Marita smilande til.

Turen har gått over fjell og ned i dalar, og gjennom både skogar og byar. - Då har me prøvd å få i oss ein burger når me har hatt sjansen til det, seier Sondre, før han humoristisk legg til: - Det er eigentleg eit nokså godt tips det. Neste gong du vil ha burger og cola, så gå ei veka i fjellet med ein 30 kg sekk først, så smaker maten mykje betre!

- Kva var det vanskeligaste i løpet av turen, utfordrande vèrforhold kanskje?
Vi har jo hatt mykje vèr, men har eigentleg ikkje gått og vore kalde og våte, så det har i grunnen gått greit, fortel Marita, før ho fortset. - Det vanskeligaste var nok innsjøen Bandak, då vi padla Telemarkskanalen frå Lunde til DalenHer var det dårleg vèr som gjorde at me måtte padla til seint på kvelden, og til det var heilt mørkt. Det var ikkje noko særleg. 

- Ja, men vi hadde jo planlagt å bruke fire dagar på Telemarkskanalen, og brukte i underkant av to, så det var nok grunnen til at vi kom til Fogn ein dag før skjema, smiler Sondre, som legg til at han likte dette godt, for då får han med seg fredagens fotballtrening på Fogn!

- Til slutt, korleis var følelsen då du såg heimen din, og målet for turen, Marita?
- Det var kjekt, men for å vere ærleg så var det litt vemodig og... Vi hadde sett fram til denne turen lenge, og no var den over liksom. Men for alt i verda, det var godt å nå mål!

Fogn.org gratulerer Marita og Sondre med ei imponerande bragd, som det nok er lenge til andre fognbuar kjem til å kopiere, dersom det nokon gong skjer...

Sjå fleire av parets eigne bilete frå turen i serien under:

Første skuledag med nye førsteklassingar!

1. klasse 2014.jpg

Skulestart kom sjeldan tidleg i år, då 14. august var datoen for oppstart i år. På Fogn oppvekstsenter går det no 43 elevar og fire av desse høyrer til i første klasse og fekk difor sin første skuledag i dag! 

Første skuledag gjekk med til å fortelja frå sommarferien, teikna, få nokre bøker, leika, læra og sjølvsagt ein obligatorisk liten "fotosession"...

Årets førsteklassingar ser de på biletet til venstre, og dei er (f.v): Mantas, Johannes, Martha Elen og Birk.

Marsjera i helga?

Foto frå Fognamarsjen 2012

Foto frå Fognamarsjen 2012

Søndag 17. august vert Fognamarsjen arrangert for 26. gong på rad! Marsjen vert gjennomført på tradisjonelt vis med start/mål ved skulen, og turen går dei omlag 10 kilometrane rundt øya. Starten går mellom klokka 15.00 og 16.00 og startkontingenten er på 75,- per deltakar og maks 225,- per familie. 

Det vert høve til kjøp av brus/sjokolade ved Selvåg. 

Det er berre to personar, Anders Sandanger og Jakob Bø, som har gått alle dei 25 tidlegare fognamarsjane. Sjølv om du kanskje ikkje kan måla deg med desse, skal du vite at premiering er innan rekkevidde for alle, noko premieringsoversikta under syner:

 

 

 

1. gong: Bronsemedalje

5. gong: Sølvmedalje

10. gong: Gullmedalje

15. gong: Elitestaup

20. gong: Endå eit staup

25. gong: ???

For å sjå kor mange gonger du og alle andre har gått marsjen kan du klikka HER for å få ei fullstendig oversikt.

Fogn IL ynskjer nye og tidlegare deltakarar velkommen til ein vonleg fin søndagstur rundt øya!

Innspel til kommuneplanen?

Skjermbilde 2014-07-30 kl. 22.05.21.png

Finnøy Kommune rullerer i desse dagar samfunnsdelen av kommuneplanen. Det er denne delen av planen som legg føringar for samferdsel, arealforvaltning, oppvekst, kultur og andre viktige aspekter i kommunen. Kommunen inviterer no til 2. gongshøyring på planen, som skal gjelde frå 2014-2026. 

Sjå planutkastet ved å klikke HER, og sjå kva kommunen sjølv skriv ved å klikke HER.

Alle som ynskjer kan kontakte kommunen direkte og kome med sine tilbakemeldingar. Samstundes er Fogn grendalag invitert til å kome med tilbakemeldingar, og det er mogleg å gå via dei for å få gitt sine innspel til kommunen. Grendalaget skal utforme eit skriv til kommunen, på bakgrunn av tilbakemeldingar dei har fått. Frist for å gi innspel til grendalaget er 6. august og desse kan spelast inn til leiar Kristoffer Østhus på telefon 970 90 902 eller mail kristoffer@osthus.as.

Fognfast?

Tysdag kveld var det litt av eit hovudoppslag på Stavanger Aftenblad sine nettsider. Vi kunne lese tittelen: «Slik kan Fogn bli landfast», under eit kart som synte ulike trasear som kunne gjere dette mogleg. Det heile dreier seg om ei bacheloroppgåve skrive av Stefan Afradi, der han meiner at det skal vere mogleg å kople både Fogn og resten av Fisterøyane opp til fastlandet (via Finnøy) for under 2,2 milliardar kroner. 

Les saka på Aftenbladet.no ved å klikke HER, eller les heile oppgåva til Afradi ved å klikke HER.

Olsokbål i Skinnvigå, tysdag 29. juli

St.hans 2013 13.jpg

I og med at St. Hansfeiringa i 2013 vart av det våte slaget, vart det aldri skikkeleg fyr i bålet som var dratt saman i Skinnvigå. Heldigvis kjem bålet no til sin rett, då det er bestemt at dette vert årets Olsokbål, som vert tent ca. kl. 19.30 tysdag 29. juli. Det er formann i Fogn IL, Heidi Bø Sangedal som melder dette til Fogn.org. Det er, etter det underteikna kjenner til, ikkje lang tradisjon for Olsokbål på Fogn. Markeringa av denne dagen, som skal vere dødsdagen til Olav den Heilage som fall i strid på Stiklestad i 1030, sto sterkast i Middelalderen, men er i ferd med å verta ei populær feiring att i våre dagar. Les meir om Olsokfeiring ved å klikke HER.