Sjå korleis det går i VM-tippinga!

VM i fotball er godt i gong, og det er også tippekonkurransen her på Fogn.org. 40 deltakarar har meldt seg på, og alt no byrjar det å verta litt "vatn mellom båtane". Det er rett nok seinare i VM, når ein nærmar seg finalen at dei fleste poenga i konkurransen vert fordelt, men det er likevel viktig med ein god start skal ein henga med i toppen! I skrivande stund er det Kristel Borgemyr og Victor Jensen som deler leiinga, men her skiftar det fort, så berre følg med framover!

Klikk HER for å sjå korleis det ligg an i konkurransen, og for å sjå kva den enkelte har tippa. Resultata vert i all hovudsak oppdatert dagleg...

Gira på kultur?

Merete og Malvin snakkar om kultur medan dei et is og varme bjørnebær på Erås museum.

Merete og Malvin snakkar om kultur medan dei et is og varme bjørnebær på Erås museum.

I Fogn grendalag har det alltid vore ei undergruppe med fokus på kulturaktiviteter. Gruppa arrangerer kvart år ein kulturbasar til inntekt for eit godt føremål, og har elles vore med og gjennomført andre kulturarrangement som t.d. konsertar i "løå" på Erås museum. Fogn.org sorterer også inn under kulturgruppa i grendalaget. Gruppa består no av:

Merete Meling Kindingstad (leiar og styret sin representant)
Malvin Sandanger
Kristine Bø
Kirsti Esperås
Håvard Østhus
Mallin Iversen (vara)

Det er styret i grendalaget som formelt sett har peika ut denne gruppa, men i laget sine vedtekter står det at "interesserte medlemmer kan melda seg til arbeid i slike grupper". Dette ynskjer leiaren i gruppa, Merete, å minne sambygdingane om. "Dersom det er nokon som ynskjer å bli med i gruppa, kan dei berre ta kontakt med meg. Og dersom dei ikkje fyrst og fremst ynskjer å vere med i gruppa, men har ein god idè til oss, så vil eg gjerne høyre den også", fortel Merete til Fogn.org.

Merete kan nås på mail (merete.meling.kindingstad(a)finnoy.kommune.no) eller mobil (95778277). Så no er oppfordinga gjeven!

Finn fram sykkelen!

Siste helga i juni går historias fjerde Tour de Fogn av stabelen. Sykkelrittet har vorte meir og meir populært, og inkluderte i fjor også eit eige opplegg for borna på laurdagen. Dette vert vidareført i år, men også fleire ting er endra frå dei foregåande konkurransane...

"Hovudrittet" består framleis av tre etappar. Det er ein prolog på ca. 4 km på fredag, to rundar rundt øya på laurdag og ein klatreetappe på søndag. Nytt av året er at det vil bli gjort litt ekstra stas på den beste syklisten over 60 år, i tillegg til at vinnarane av hovudklassane (dame- og herreklassen) sjølvsagt vil verta premierte. Elles er det lagt om litt på søndagens klatreetappe, slik at denne har målgang ved kyrkja. Les meir om dette under presentasjonen av dei ulike etappane.

På laurdagen, etter at dei to rundane er gjennomførte (omlag kl. 15.30), vil det bli eit lite sykkelritt for borna. Nytt av året er at det også vil verta eit opplegg for alle som høyrer til i klassen "Vi som kanskje skal sykle til neste år", for dei plar det vera mange av nettopp under Tour de Fogn-helga... Møt opp med sykkel, hjelm og eit smil, og sjå kva som skjer:)

Når det gjeld "hovudrittet", har vi desse reglane:

  • Alle over 16 år er velkomne til å delta
  • Alle skal sykla med hjelm
  • Det er ikkje lov med racersykkel
  • Syklinga foregår på open veg og på eigen risiko. Trafikkreglane gjeld
  • Startkontingent på 100 kr vert betalt ved oppmøte på 1. etappe

Då er det berre å melde seg på, og rittgeneral Ivar Opsal understreker til Fogn.org at Tour de Fogn er for ALLE, uansett om dei har trent mykje, lite eller ingenting i forkant av rittet. Bruk påmeldingsskjemaet under, og les meir om dei ulike etappane nedst i denne saka,

Etappe 1 - Prolog med individuell start

TID: Fredag 27. juni kl. 18.30
START OG MÅL: Pakkeriet

Etappen går frå pakkeriet, over flata til misjonshumpen, og tilbake. Syklistane startar ein og ein, med to minutters mellomrom. Den som fullfører på kortast tid, vinn etappen og leiar rittet.

 

Etappe 2 - Landeveisritt med fellesstart

TID: Laurdag 28. juni kl. 14.30
START OG MÅL: Skulen

Etappen går to rundar rundt Fogn, og feltet køyrer i retning Varland. Alle starter samla, og den som kjem først i mål (skulen) etter to rundar, har vunne etappen. Den som samla sett har best tid etter dei to første etappane, leiar rittet.

 

Etappe 3 - Klatreetappe med fellesstart

TID: Søndag 29. juni kl. 12.30
START: Skulen
MÅL: Kyrkja

Den siste etappen er kanskje den hardaste av dei alle. Starten går frå skulen, og retningen er mot Hovda. På Runastad går løypa til venstre og over Høgaste, før ferda går vidare over Varland og mot østsida av Fogn, når dei kjem til Bø. Når syklistane igjen kjem til Runastad køyrer dei no tilbake forbi skulen, via Eide (nytt av året). Innspurten går oppover Bøbakkane mot mål ved kyrkja på Varland. 

Den som har best totaltid etter desse tre etappane, er vinnar av Tour de Fogn 2014!
 

VM-tipping - FRIST torsdag 12. juni kl. 22.00!

Det er berre ei drøy veke til fotball VM i Brasil vert sparka igong, og vi vil sjølvsagt arrangere tippekonkurranse for alle som vil vere med! Premien vert igjen mest av det symbolske slaget (ei innramma resultatliste, med vinnaren sitt namn på toppen), i tillegg til ein god dose heider og ære!

Konkurransen er nokså enkel. Du skal tippa kven som vinn (evt. speler uavgjort) og kva resultatet vert i alle gruppespelskampane. Deretter skal du tippa kva for nokre lag som går vidare til åttendedelsfinalar, kvartfinalar, semifinalar, finale, kven som vinn bronsefinalen og kven som vinn finalen. I tillegg skal du tippa kva for ein spelar som skårer flest mål i VM.

Poengssystemet fungerer slik:

Rett vinnar av gruppespelskamp: 1 poeng
Rett resultat i gruppespelskamp: 2 poeng
Rett lag til åttendedelsfinale: 3 poeng
Rett lag til kvartfinale: 5 poeng
Rett lag til semifinale: 8 poeng
Rett lag til finale: 10 poeng
Rett bronsevinnar: 10 poeng
Rett VM-vinnar: 15 poeng
Rett toppskårar: 10 poeng

Mange som har vore med på våre konkurransar tidlegare, fortel at VM, OL, EM eller kva for eit meisterskap det måtte vere snakk om, har vorte mykje kjekkare å fylgje med på, fordi dei valde å fylle ut eit tippeskjema i forkant. Alt skjer digitalt, og det treng på ingen måte å ta veldig lang tid.

FRIST FOR UTFYLLING ER TORSDAG 12. JUNI KL. 22.00!

BERRE KLIKK HER FOR Å KOME TIL TIPPESKJEMA, fyll ut, og så er du med på moroa!

Fin søndagsskuleavslutning!

Søndag 1. juni, den første sommardagen, var ein passande dag å arrangera sommaravslutning i søndagsskule og søndagsring på Fogn. Det har etterkvart vorte ein tradisjon å ha denne avslutningen ved naustet til Helga og Ståle Østhus på Selvåg. I fjor var det rett nok ikkje vèr til å ha avslutningen ute, men i år baud ikkje vèret på dei store utfordringane. Det var rett nok nokså overskya klokka 11, då arrangementet tok til, men heldigvis slo sola gjennom etterkvart. På programmet sto det song, andakt ved Anne Martha Straumstein, grilling av pølser, leiker for store og små, og elles drøs og god stemning!

I serien under kan du sjå litt av det som føregjekk denne dagen.