VM-tipping - FRIST torsdag 12. juni kl. 22.00!

Det er berre ei drøy veke til fotball VM i Brasil vert sparka igong, og vi vil sjølvsagt arrangere tippekonkurranse for alle som vil vere med! Premien vert igjen mest av det symbolske slaget (ei innramma resultatliste, med vinnaren sitt namn på toppen), i tillegg til ein god dose heider og ære!

Konkurransen er nokså enkel. Du skal tippa kven som vinn (evt. speler uavgjort) og kva resultatet vert i alle gruppespelskampane. Deretter skal du tippa kva for nokre lag som går vidare til åttendedelsfinalar, kvartfinalar, semifinalar, finale, kven som vinn bronsefinalen og kven som vinn finalen. I tillegg skal du tippa kva for ein spelar som skårer flest mål i VM.

Poengssystemet fungerer slik:

Rett vinnar av gruppespelskamp: 1 poeng
Rett resultat i gruppespelskamp: 2 poeng
Rett lag til åttendedelsfinale: 3 poeng
Rett lag til kvartfinale: 5 poeng
Rett lag til semifinale: 8 poeng
Rett lag til finale: 10 poeng
Rett bronsevinnar: 10 poeng
Rett VM-vinnar: 15 poeng
Rett toppskårar: 10 poeng

Mange som har vore med på våre konkurransar tidlegare, fortel at VM, OL, EM eller kva for eit meisterskap det måtte vere snakk om, har vorte mykje kjekkare å fylgje med på, fordi dei valde å fylle ut eit tippeskjema i forkant. Alt skjer digitalt, og det treng på ingen måte å ta veldig lang tid.

FRIST FOR UTFYLLING ER TORSDAG 12. JUNI KL. 22.00!

BERRE KLIKK HER FOR Å KOME TIL TIPPESKJEMA, fyll ut, og så er du med på moroa!

Fin søndagsskuleavslutning!

Søndag 1. juni, den første sommardagen, var ein passande dag å arrangera sommaravslutning i søndagsskule og søndagsring på Fogn. Det har etterkvart vorte ein tradisjon å ha denne avslutningen ved naustet til Helga og Ståle Østhus på Selvåg. I fjor var det rett nok ikkje vèr til å ha avslutningen ute, men i år baud ikkje vèret på dei store utfordringane. Det var rett nok nokså overskya klokka 11, då arrangementet tok til, men heldigvis slo sola gjennom etterkvart. På programmet sto det song, andakt ved Anne Martha Straumstein, grilling av pølser, leiker for store og små, og elles drøs og god stemning!

I serien under kan du sjå litt av det som føregjekk denne dagen.

Ny sterk bortesiger for Fogn!

Sergej Kononov var sentral då Fogn imponerte med bortesiger over Stavanger Titan.

Sergej Kononov var sentral då Fogn imponerte med bortesiger over Stavanger Titan.

Stavanger Titan - Fogn IL: 0-3 (0-0). Før førre bortekamp hadde det gått nesten fire år sidan dei mørkeblå hadde vunne ein bortekamp. Etter fredagens sterke bortesiger mot Stavanger Titan står dei no med to på rad og befesta sin posisjon på toppen av tabellen!

Det var duka for ein skikkeleg toppkamp på Vardeneset, då Fogn og Titan låg som henholdsvis nummer ein og to på tabellen før avspark. Diverre for Fogn sin del hadde laget eindel forfall slik at dei kom med kun 13 "speleføre" menn til den vanskelege bortekampen. Når heimelaget i tillegg vann myntkastet før kampstart, og fekk velge sida med sterk medvind i første omgang, var det nok nokre av bortelagets spelarar som vart litt nervøse. Det var det ingen grunn til.

Første omgang vart spelt utan at nokon av laga kom til dei store sjansane. Den nøytrale tilskodar (som det nok ikkje var mange av) ville nok sagt at Titan var det beste laget, men takka være godt forsvarsspel frå Fogn si side, kom heimelaget berre til eit par halvfarlege skot som keepervikar Olav Østhus i Fognburet hadde god kontroll på. Dermed var det 0-0 til pause og trenar Jakob Bø mante spelarane til å halde fram i det same sporet også i den andre omgangen. 

Spelarane verka til å respondera godt på det Jakob hadde sagt, og når ein i tillegg nemner at vinden ikkje hadde løya mykje, vippa kampen meir og meir over i Fogns favør. Eit par halvfarlege sjansar vart også produserte etter bra spel, men det første målet skulle eigentleg kome meir eller mindre ut av ingenting...

Sigve Bø slo ein pasning frå forsvaret og opp mot Jakob på midten. Han forsøkte å flikka vidare til Håvard Østhus, men verken Jakob eller Håvard var nær ballen, slik at den såg ut til å rulla inn til heimelagets keeper. Men Sergej Kononov hadde andre planar. Han la på sprang og rakk ballen rett før keeper fekk tak i den, og prikka ballen direkte i nettet med ein touch, 0-1!

Etter dette fortsatte Fogn å male på med god struktur i forsvarsspelet, og gode forsøk på oppspel og kontringar. Dette skule gi nye resultater, då nok ein ball vart spelt fram frå forsvaret. Kven som slo denne ballen er eit lite mysterium (ingen meldte seg i garderoben etter kampslutt i alle fall), men pasningen viste seg etterkvart å verta av den målgivande sorten. Igjen sette Sergej, som viste gryande målform på skottrening tidlegare i veka, på turboen og sprang frå det som var av forsvararar hjå heimelaget. Også denne gongen rakk han ballen like før keeper, og fekk tuppa denne forbi både keeper og ein midtstoppar som kom inn frå sida. Då var det berre å spasera ballen i det åpne målet, 0-2 og enorme jubelscener frå bortelaget!

No hadde etterkvart heimelagets trenar fått nok. Han klaga på ei av avgjerslene frå den jamnt gode dommaren, og byrja også å trua dommaren med slag etter kampen. Då hadde ikkje kampleiaren noko anna val enn å visa trenaren vekk frå sidelinja. Dette gjekk etterkvart trenaren med på, men heimelagets frustrasjon forsvant ikkje då den hissige trenaren forlot området...

Minutter seinare kombinerte Sergej og Håvard fint på venstrekanten. Sergej kjem etterkvart til dødlinja og slår 45 grader ut til Håvard som får sendt i veg eit skot med venstrefoten før han vert meia ned av ein forsvarsspelar. Skotet gjekk over, men dommaren peika på straffemerket, noko som gjorde at enkelte av heimelagets spelarar nærmast eksploderte. Det heile endte i drapstruslar mot dommaren, to røde og fleire gule kort, alt til spelarar frå Titan. Folk frå sidelinja måtte kome inn på banen og dra ein av dei utviste spelarane av banen, før Jakob endeleg skulle få ta Fogn sitt straffespark. Jakob var som alltid sikker, og sette ballen ned til venstre, 0-3!

Resten av kampen vart meir eller mindre ein formalitet. Fogn spelte 11 mot 9 og fekk fleire gode sjansar til å auke leiinga, men bortelaget satsa ikkje alt framover med tanke på å halde buret reint i den andre enden. Dermed endte kampen med ein sterk 3-0 siger til Fogn, som jubla heftig etter kampslutt, medan enkelte av Titanspelarane igjen måtte haldast fysisk tilbake for ikkje å angripa dommaren...

Med dette er Fogn oppe i ti poeng etter fem spelte kampar. No er det ikkje kamp før fredag 20. juni, då eit anna topplag, Sunde 2, står på motsett banehalvdel på Fogn Stadion. Med siger i den kampen vil Fogn for alvor vere ein heit kandidat til å kjempa om opprykk til hausten!

Kampfakta:

Fogns lag:

Olav Østhus
Martin Østhus
Ivar Opsal
Sigve Bø
Pål Rune Grønås
Lars Olav Bøe
Jakob Bø
Johannes Hovda jr
Harald Østhus
Håvard Østhus
Sergej Kononov

Benytta innbyttarar:

Ørjan Klev Ladstein
Tobias Sunde

Mål: Sergej (2) og Jakob

Assist: Sigve, ukjent og Håvard

Gule kort: Ingen til Fogn...

Dugnad i Skinnvigå på laurdag!

Skinnvigå vert gjerne omtalt som Fogns flottaste badeplass, og det med rette! Her er det ei vakker, langgrunn sandstrand med eit fint belte av gras på oppsida. I tillegg er vika lun, slik at det er dei færraste vindretningane som "tek" skikkeleg her. Den største utfordringa knytta til Skinnvigå har vore adkomsten, som gjerne har vore vel "kronglete" for dei som kjem frå landsida. Dette vart det teke tak i i fjor, då fleire dugnadsøkter resulterte i ein meir eller mindre ferdig sti heilt frå drivhuset til Jon Olav Runestad, og ned i Skinnvigå. Denne stien, og kanskje sjølve badeplassen, treng no ein dugnad for å bli sett i god stand før "sesongen" tek til for alvor. Dette har grendalaget teke tak i, og kallar inn til dugnad på laurdag 31. mai frå klokka 10.00 og utover. Møt opp og parker ved drivhuset til Jon Olav. Grendalaget, som står som arrangør av dugnaden, byr på grilla pølser, kaffi og ein kakebit omlag midt i økta, så her er det berre å koma med friskt mot!

Det kan også nemnast at dette er den siste dugnaden før kommunen kjem og inspiserer sti og badeplass, med tanke på utbelating av nokre midler det vart søkt om for ei tid tilbake. Bli med og gjer ein innsats for at desse midlane kjem inn, og ikkje minst at vi får ein ny flott badesesong i Skinnvigå!

PS! Sjølv om mange gav si stemme til Skinnvigå i "kampen" om ein grill frå Gilde og Snøhetta, nådde ikkje vårt bidrag heilt opp. Til slutt kom vår badeplass på 148. plass i konkurransen, og vi måtte vere blant dei 100 første for å kome vidare...

På tur med biskopen

Biskop Erling Pettersen (foto: Stavanger Aftenblad)

Biskop Erling Pettersen (foto: Stavanger Aftenblad)

Else Jorunn Løland Vold og fleire med ho, tok turen til Sjernarøy på Kristi Himmelfartsdag. Bakgrunnen var biskop Erling Pettersens visitas, og Else Jorunn har skrive saka under til Fogn.org. Ottar Sandanger har bidrege med bilete. Tusen takk til begge to!

Vi har bispevisitas i disse dager, i Finnøy kommune og idag innebar det for oss fognbuer at vi tok skyssbåt med Helgøy Express kl. 0945 fra Sæbøvåg, og opplevde å ta imot nye reisende både på Judaberg, Halsnøy og Nord - Hidle, før vi endte ved den gamle kaien på Eik på Kyrkjøy i Sjernarøyene. Flokken vandra den gamle kyrkjestien og fikk øye på den gamle røde kyrkja over bakkekammen. En så vakker dag fikk vi, og kjente oss rike som fikk samles til gudstjeneste i ei kyrkje som har samla mennesker i årtider under skiftende vilkår. Biskop Erling Pettersen la ut ordet på en slik måte at vi fikk ta imot og kjenne oss tatt imot. "Til kvar einskild av oss er nåden gjeven, alt etter som Kristi gåve blir tilmålt. Difor heiter det: Han steig opp i det høge og førte bort fangar, og han gav menneska gåver. Men at han steig opp, vil ikkje det seia at han først hadde stege ned til det aller lågaste, til jorda? Han som steig ned, er den same som steig opp, høgt over alle himlar, for å fylla alt." Efesarane 4: 7 - 10. Med seg i gudstjenesten hadde biskopen klokker Kari Nordheim, kirketjener Anne Skogen, prost Kjetil Aano og sokneprest Terje Engstrøm. Fra kirka vandret vi de grønne stiene til Sjernarøytunet og sjelden har vi opplevd en slik raus kirkekaffe. Smørbrød, kaker, velvillig service og sangstund med både Alfred Hauge og Kolbjørn Hauge sine Sjernarøysanger. Bispen kunne ikke dy seg fra å dele ei bergensvise godt akompanjert av Nils Trygve Hauge på torader, som sammen med Kari Norheim førte oss gjennom denne stunda. Gode og mette og rike på trivelige opplevelser la vi på nytt av gårde, denne gang i Alfred Hauges fotspor. Else Norheim, som hadde en far som var venn med Alfred Hauge, husket at hun som barn erfarte at han var en av de voksne som lyttet til det de som barn hadde å fortelle. Det var ikke helt vanlig å oppleve, da barn vanligvis ikke skulle høres når voksne kom sammen! Med sin lange erfaring som Sjernarøybu i tillegg, gav Else Norheim oss innsyn i Alfred Hauge sitt liv, forfatterskap og tilknytning til de stedene han hørte til. Vi gikk rundt nullen og fikk inspirerende fortellinger, utdrag fra forfatterskapet og faktaopplysninger om både barndomsheim, hytta han bygde og stedene han var glad i. Fra Eik fikk vi på nytt Helgøyskyssen med Øyvind Sandanger ved roret, og i returen la han ferden gjennom det smale Hidlesundet, til ære for gjestene. Stas. Vi gikk trygt iland i Sæbøvåg, som de siste som forlot båtskyssen, og vil varmt anbefale deltakelse i visitasgudstjenesten i Hesby kyrkje førstkommende søndag.