Bilete frå 17. maifeiringa på Fogn

Det såg gjerne litt grått ut, reint vèrmessig frå morgonen av, men etterkvart slo sola seg igjennom skylaget og laga ei fin ramme for ein flott festdag på Fogn! Det aller meste skjedde "tradisjon tru", og bileta treng difor ikkje dei store forklaringane... Mange fotografar har vore i sving, og bileta under er knipsa av Else Jorunn Løland Vold, Silje Nordbø Østhus, Jakob Bø og Håvard Østhus. 

Bondeaksjonen sprer seg til Fogn!

Dei norske bøndene er ikkje nøgde med regjeringa for tida, og protesterer over det ganske land. No viser det seg at aksjonen også har spredt seg til Fogn og Bøsvingen, der førsteklassing Filip og femteklassing Kristian hadde teke oppstilling med kjeledress, traktor og plakat rett etter skulen, 16. mai!

Fogn.org vart tipsa om dette av Morten Sangedal (som har knipsa biletet til venstre), og tok turen opp til gutane for å snakke med dei om kvifor dei aksjonerte.

- Vi har laga denne plakaten med bilete av Erna Solberg, Siv Jensen og Sylvi Listhaug fordi dei ikkje gir oss pengar, forklarar Kristian. - Dei gir oss ikkje nok pengar Kristian, kjem det kjapt frå yngstemann Filip, før Kristian held fram. - Dersom bøndene ikkje får nok pengar, så er det kanskje ikkje fleire bønder på Fogn om nokre år. På spørsmål om kva som då vil skje, kjem det kontant frå Filip: - Då dør me, for ingen kan leva uten mat!

Begge brørne ser for seg å bli bønder når dei vert eldre, men berre dersom det vert "rettare for bøndene" som dei sjølv seier det. Aksjonen vil halda fram utover dagen, heilt til Erna Solberg tek plass på Brann Stadion ikveld, då har vi andre ting å gjere, avsluttar Kristian.

 

Program for 17. mai på Fogn

Programmet for årets 17. maifeiring på Fogn er klart, og også i år er det stort sett "same procedure as last year". Enkelte nye innslag finn vi likevel i programmet, mellom anna framføring av prolog ved flaggstanga 09.30 og sal av kjøttsuppe med "ein smak av 1814" under matøkta ved skulen. Programmet er under:

 

 

Program for 17. mai på Fogn, 2014

kl. 09.30: Samling ved flagget. Messing spelar. Framføring av prolog.-

kl. 10.30: Samling i kyrkja. Andakt ved Margrete Frafjord. Barnas tale av elevar. Toget returnerer til oppvekstsenteret når samlinga er over.

kl. 11.30: Matøkt. Ta med stolar og bord slik me pleier. Kiosksal - blant anna sal av kjøttsuppe med "ein smak av 1814".

kl. 12.30: Leiker for store og små.

kl. 14.30: Premieutdeling.

kl. 19.30: Folkefest for dei frå 8. klasse og oppover. Terje Engstrøm er festtalar i år. Inngongspengar er kr. 200 per person.

 

Vel møtt til ein festdag!

Markerte grunnlovas 200-årsjubileum med fagdag

Kvar vår plar det vera ein fagdag på skuledelen av Fogn oppvekstsenter. Då har ein gjerne ein heil dag med t.d. matematikk, gjerne sett frå ein litt anna vinkel enn vanleg. I år vart det ein ny vri på fagdagen, i og med at det er 200 år sidan grunnlova vart underskriven på Eidsvoll i 1814. Difor var det nettopp dette som var i fokus då elevane førre tysdag hadde fagdag. Kvar klasse fekk ulike oppdrag, og så vart dei ferdige produkta presenterte for resten av skulen i gymsalen når dagen gjekk mot slutten.

Elevane virka til å vere godt nøgde med dagen, og dei aller fleste meldte frå om at dei hadde lært ein eller fleire ting som dei ikkje visste før dei kom på skulen akkurat denne fagdagen!

2. klasse fekk i oppdrag å laga, og framføra ein song om 17. mai, noko dei gjorde med stil! Songteksten ser de under:

Melodi: Å huffameg - Tante Sofie)

Endelig er dagen her som vi har venta på
Vi går i tog med fine kler, masjerer litt, og så:
Is og brus og lykkehjul, og leik og godteri
Dette er vår beste dag, og vi har skulefri.

På skuleplassen har vi masse leiker, masse gøy.
På fotballbanen er det straffekonk og masse støy
Vi kastar pil og skyter blink og spring litt rundt omkring
Vi kjøper lodd på lykkehjul og vinner fire ting.

Grunnlova er god å ha og den må ingen ta
I Noreg er vi frie utan krigar nokon stad
Derfor vil vi feira dette landet, hipp hurra!
Vi går i tog og synger ut, og har det kjempebra. JA!


3. og 4. klasse skulle laga ein film der dei såg på nokre av endringane som har skjedd med grunnlova etter at den først var ferdig i 1814. Filmen, som er både filma og redigert på iPad, ser de under:

1. klassingane hadde høgtlesing og såg på bilete frå boka "Mina og løva", som handlar om ei jente som får vere med på mora si på Stortinget, og lærer om grunnlova der. Deretter fekk dei i oppdrag å fargelegge teikningar frå boka, og teikningane ser de i serien under:


Vann lokaloppgjer!

Dei tre målskårarane, Johannes, Ivar og Jakob jublar etter kampslutt.

Dei tre målskårarane, Johannes, Ivar og Jakob jublar etter kampslutt.

Fogn - Mastra 2: 3-0 (3-0). Etter å ha tapt knepent mot Finnøy i serieopninga, var det tid for revansj for A-laget i fotball då eit anna nabolag sto på motsatt banehalvdel, nemleg Mastra 2. Fredagens kamp var Fogns første heimekamp i årets seriespel, og for ein match det vart! Fogn hadde full kontroll i første omgang, og kunne skåra mange fleire mål enn dei tre det vart før dommaren blåste til pause. Både stenger og tverrliggar sto i vegen, men la oss ikkje dvele ved det som ikkje vart mål, la oss heller se nærmare på måla:

1-0: Corner frå venstresida etter massivt trykk mot bortelaget. Martin Østhus slår ein presis, innoverskrudd ball, som går over dei aller fleste, utanom Ivar Opsal som har lurt seg inn på bakerste stolpe. I duell med forsvaret tillet Ivar seg to forsøk på å få ballen over linja, og lukkast den andre gongen, 1-0!

2-0: Etter eit angrep trillar ballen bakover i 16-meteren til Mastra. Håvard Østhus får ei tå på ballen omlag samtidig som ein Mastraforsvarar tek både ballen og Håvard. Dommaren er klar i si sak: straffe! Jakob Bø stiller seg opp, tek eit kort tilløp, og plasserer ballen omlag så langt ut til venstre som det let seg gjera, 2-0!

3-0: Eit innlegg frå venstre vert klarert ut av feltet og inn i farleg område på ca. 25 meter. Der står Johannes Hovda jr og plukker opp "nedfallsfrukten", legg ballen til rette, og klemmer til med høyrefoten. Ballen fyk i mål til høgre for keeper, og den må ha truffe nettet i omlag same nettmaska som straffen til Jakob, 3-0!

I andre omgang tok Fogn "foten av gasspedalen", men kom til fleire store sjansar likevel. Nærast var nok Johannes Hovda då han traff stolpen etter eit raid og Sigve Bø då han heada like over etter eit fint innlegg frå høgre. Mastra hadde ingenting å fare med, noko som verkar rart etter at dei hadde vunne sine to første kampar, mellom anna mot Finnøy (3-1). 

Etter kampen var det god stemning både blant spelarar og publikum. Det er ikkje kvar heimekamp folket får sjå så fin fotball som Fogn viste i dag, særleg i 1. omgang. Når ein i tillegg registrerer at dette resultatet sender Fogn forbi Finnøy på tabellen, kan ein ikkje vere anna enn godt nøgd... 

Tilskodar Joar Sandanger sende ein mail til Fogn.org med både ein kommentar og ein filmsnutt med spelarropet etter kampen. Kommentaren kjem under, og videoen ser du i botnen av denne saka, saman med eit lite klipp frå den største sjansen i andre omgang. Takk til Joar!

"Kanskje naboane våre frå Rennesøy hadde i overkant sjølvtillit etter storsigeren mot Finnøy sist tysdag. På Fogn stadion luska dei nemlig slukøyra av banen i kveld etter å ha tapt 3-0 mot eit godt organisert og angrepsvillig Fognalag som gav oss tilskuarar topp underhaldning og fotballglede i nær 90 min.
Me takkar for kampen og ser fram til ein lovande sesong!"

Kampfakta

Fogns lag:
Trond Egil Sivertsen
Martin Østhus
Olav Østhus
Sigve Bø
Pål Rune Grønås
Ivar Opsal
Jakob Bø
Johannes Hovda jr
Håvard Østhus
Sergej Kononovs
Trond Arne Borgemyr

Reservar (alle benytta):
Kristoffer Runestad
Jon Østhus
Ørjan Klev Ladstein
Tobias Sunde
Vadim

Mål: Ivar, Jakob, Johannes
Assist: Martin, Håvard, Ingen
Gule kort: Pål Rune