OL-konkurransen er her!

Northug.jpg

OL er rett rundt hjørnet, og det er på tide å gjere det heile litt meir interessant. OL-tippinga kan bidra til nettopp dette, men det krevst litt innsats. 

På Fogn.org sin tippekonkurranse skal du tippe på alle øvelsane der Noreg har deltakarar. Du skal tippe kva som vert den beste norske plasseringa, og kva for norsk utøvar som gjer det best. Du får 3 poeng for rett utøvar, og 2 poeng om du tipper rett plassering (medalje, 4.-6. plass eller 7. plass el. dårligare). I tillegg får du 3 ekstrapoeng om du tipper nøyaktig rett medalje (gull, sølv eller bronse). 

Noreg har deltakarar i nærare 70 øvelsar, noko som gjer at det kan ta litt tid å fylle ut eit heilt svarskjema til denne konkurransen. Men hugs på at OL er kjekkare for dei som har tippa litt på førehand... 

Frist for å senda inn svar er klokka 23.59, fredag 7. februar.

Klikk her for å kome til skjema der ein fyller inn svar!

Støttekonsert i kyrkja

DSC_0157.jpg

Omlag 90 personar var på plass i kyrkja vår då søstrene Anne og Hege, samt vårt eige kyrkjekor gav oss ei flott konsertoppleving fredag kveld.
Arrangementet var ei utstrakt hand og ein støttekonsert til den lidande og forfulgte kyrkje i verda i dag.
Ole Lilleheim frå organisasjonen Åpne Dører viste filmsnuttar og fortalte om omfattande forfølgelse og trakassering av kristne i 133 land, derav born som også vert ramma hardt.
Sterkt å ta innover seg og ei påminning om kor godt me sjølve har det!
Takk for ein flott kveld og til Unni Østhus som var initiativtakar til arrangementet og "brennande" for saka!

Sjå nokre bilete og ein videosnutt frå kvelden under.

Tekst/video: Joar Sandanger. Foto: Håvard Østhus

Ut å ete på Fogn i helga?

Kjøttkaker.jpg

Sidan vi ikkje har nokon restaurant på Fogn, er det stor stas kvar gong Helselaget inviterer til middag på oppvekstsenteret. Dette er ein årleg tradisjon, og dette året skjer det søndag 2. februar. Då kan alle som vil koma til oppvekstsenteret, kjøpa seg middag, og få dessert og kaffi på kjøpet. Når ein i tillegg veit at det plar vera god oppslutning og stemning på desse middagane, bør ein ha ein god grunn for å halda seg vekke!

God middag frå klokka 13.00-15.00 på søndag!

Trygg is i nokre dagar?

Foto: Hans H. Bjørstad

Foto: Hans H. Bjørstad

Etter ein lengre periode med temperaturar rundt og under frysepunktet, ser det nå ut til å vere trygg is på enkelte av dammane på Fogn. Fogn.org veit at fleire har fått prøvd skøyteferdigheitene på Torvmyrå på Varland dei siste dagane. Tysdag vart det målt 12 cm tjukk stålis her, noko som er rundt seg grensa for trygg is. Det finnes ikkje nokon fasit på kor tjukk isen må vere for at den skal vere trygg, men det er vanlegvis snakk om mellom 10 og 15 cm. I og med at temperaturane vil halde seg nokså låge fram til laurdag, vil det sannsynlegvis verta mogeleg å gå på isen i nokre dagar framover. Samstundes ser det viktig å understreka at all ferdsel på islagte vatn skjer på eige ansvar. Sjølv om det er 12 cm enkelte plassar, er det ikkje nødvendigvis så tjukk is overalt. 

Dersom nokon er på isen, og vil dele eit blinkskot av eit bilete med oss på Fogn.org, tek vi gjerne imot dette på mail: fogngrendalag@gmail.com!

Sprekingar trossa vinden for topptur!

bilde 4.JPG

Ein skulle gjerne tru at ein søndagsstur til Ørnakulå ikkje ville slå så godt an, med tanke på ein kraftig austavind, overskya og ein gradestokk som sleit med å bestemme seg om den skulle vise raude eller blå grader. Men trass den noko sure ramma, var det omlag 30 fognbuar som tok ut på tur, og kom seg opp på Fogns høgaste topp, Ørnakulå! Dette var idrettslaget sin fellestur i januar, og så vil det etter planen bli ein ny tur den siste søndagen i kvar månad framover. Idrettslaget håpa i det lengste at det skulle kunne bli ein tur på isen denne søndagen, men den er ikkje trygg nok (enno), så ein slik tur vil vi kanskje få seinare i vinter?

Under er ein serie med bilete frå turen. Tusen takk til Jakob og Jørgen Bø jr som har knipsa og sendt inn bileta!

Aktivitetstilbod for born - Fogn IL

Zumba.JPG

Idrettslaget har mange aktiviteter for born, der dei fleste av dei har hatt ein pause dei siste månadane. No går vi mot lysare tider, og aktivitetane starter opp att. Alt dette finn du sjølvsagt i kalenderen vår, men under er all informasjonen samla på ein plass.

Til info bør det nemnast at fotballtreningane er inne i gymsalen i januar og februar, og så ute i bingen frå mars av.

 

 

Tysdag - kl. 17.30-18.30: Fotballtrening 2.-3. klasse. Rasmus og Pål er trenarar

Onsdag - kl. 17.30-18.30: Fotballtrening 1. klasse. Trond Egil, Gordon og Helene er trenarar.

Onsdag - kl. 18.30-19.30: Fotballtrening 4.-6. klasse. Foreldregruppe v/ Kristoffer er ansvarlege.

Torsdag - kl. 17.00-18.00: Hopp og sprett for 0-7 åringane i følge med vaksne. Mallin er ansvarleg.

Fredag - kl. 17.30-18.30: Friidrett 5.-7. klasse. Helge er ansvarleg.

Laurdag - kl. 12.15-12.45: Barnezumba t.o.m. 7. klasse. Monika er ansvarleg.