Sprekingar trossa vinden for topptur!

bilde 4.JPG

Ein skulle gjerne tru at ein søndagsstur til Ørnakulå ikkje ville slå så godt an, med tanke på ein kraftig austavind, overskya og ein gradestokk som sleit med å bestemme seg om den skulle vise raude eller blå grader. Men trass den noko sure ramma, var det omlag 30 fognbuar som tok ut på tur, og kom seg opp på Fogns høgaste topp, Ørnakulå! Dette var idrettslaget sin fellestur i januar, og så vil det etter planen bli ein ny tur den siste søndagen i kvar månad framover. Idrettslaget håpa i det lengste at det skulle kunne bli ein tur på isen denne søndagen, men den er ikkje trygg nok (enno), så ein slik tur vil vi kanskje få seinare i vinter?

Under er ein serie med bilete frå turen. Tusen takk til Jakob og Jørgen Bø jr som har knipsa og sendt inn bileta!

Aktivitetstilbod for born - Fogn IL

Zumba.JPG

Idrettslaget har mange aktiviteter for born, der dei fleste av dei har hatt ein pause dei siste månadane. No går vi mot lysare tider, og aktivitetane starter opp att. Alt dette finn du sjølvsagt i kalenderen vår, men under er all informasjonen samla på ein plass.

Til info bør det nemnast at fotballtreningane er inne i gymsalen i januar og februar, og så ute i bingen frå mars av.

 

 

Tysdag - kl. 17.30-18.30: Fotballtrening 2.-3. klasse. Rasmus og Pål er trenarar

Onsdag - kl. 17.30-18.30: Fotballtrening 1. klasse. Trond Egil, Gordon og Helene er trenarar.

Onsdag - kl. 18.30-19.30: Fotballtrening 4.-6. klasse. Foreldregruppe v/ Kristoffer er ansvarlege.

Torsdag - kl. 17.00-18.00: Hopp og sprett for 0-7 åringane i følge med vaksne. Mallin er ansvarleg.

Fredag - kl. 17.30-18.30: Friidrett 5.-7. klasse. Helge er ansvarleg.

Laurdag - kl. 12.15-12.45: Barnezumba t.o.m. 7. klasse. Monika er ansvarleg.

 

Barneveke? Kva er det?

Kristoffer Georg Aase skal ha andakt og opplegg på bedehuset når det no vert arrangert barneveke.

Kristoffer Georg Aase skal ha andakt og opplegg på bedehuset når det no vert arrangert barneveke.

I aktivitetskalenderen vår her på Fogn.org, står det at det frå onsdag - fredag denne veka skal vere barneveke på bedehuset. Det vil vere barnemøter klokka 18.00 desse tre kveldane. Då dette ikkje er ein (av dei mange) årlege tradisjonane på Fogn, er det kanskje nokon som lurer på kva dette eigentleg er for noko? Det er gutte- og jentelaget som arrangerer denne veka, og vi sendte ein mail med nokre spørsmål til Margrete Frafjord, som er hovudansvarleg for det som skal skje.  

Kvifor arrangerer de barneveke?
Målet med barneveke er at ungane på Fogn skal bli meir kjent med Jesus. Det er ein tøff verden der ute, og vi synest det er viktig at ungane blir kjent med ein Gud som elsker dei, ein dei kan komme til med alt.

Kva skjer på eit møte i ei barneveke?
På samlingane vil det bli andakt, leik, og mat. Vi får besøk av Kristoffer Georg Aase, som er barne- og familiearbeidar i NLM Region Sør-vest.

Har det vore arrangert liknande veker før på Fogn?
Det har vore barneveker på Fogn før, fleire gonger faktisk, med god oppslutning.

Kven kan kome på desse møta?
Alle er velkommen. Siden det er jente og guttelaget som arrangere dette er det lagt opp som et barnemøte. Men like så viktig at det er barn på "voksenmøter" er det viktig med voksne på barnemøter.

Vi ynskjer lukke til med barneveka!

Fogn.org på Facebook!

Skjermbilde 2014-01-12 kl. 20.59.21.png

No kan det bli enno lettare å halde seg oppdatert på siste nytt frå Fogn.org, i alle fall for dei av lesarane som er på Facebook, og som vel å "like" den nye Facebooksida vår. Dei som gjer det vil nemleg sjå i sin "nyhendestraum" på Facebook når Fogn.org legg ut nye saker. Det er og mogeleg å kome med innspel til Fogn.org på Facebooksida, på same måte som ein kan nytte anten "Kontakt oss" eller kommentarfeltet her på sjølve Fogn.org.

Førebels har vi eit mål om å få 100 "likes" på Facebooksida vår, noko som vil vera med og bidra til at det som skjer på Fogn når enno lengre ut...

Så oppfordringa til dei av dykk som er på Facebook er klar: Klikk HER, og så på "Lik dette" oppe til høgre på sida for å hjelpe oss å nå det første målet om 100 fylgjarar.

OL-tippinga nærmar seg...

Photo 10.01.14 20 38 50.jpg

Vinter-OL i Sotsji nærmar seg med stormskritt, og mange gler seg til meisterskapet. Dei siste åra har Fogn.org arrangert tippekonkurranse når det er store meisterskap, og det er tilfelle og med OL 2014. Vi vil vente med å legge ut sjølve tippekonkurransen til den norske troppen er bortimot klar, men vil alt no byrje oppladninga med eit lite intervju med ein av dei to som delte sigeren i førre konkurranse. Då det var VM på ski i 2013 delte Pål Rune Grønås og Leif Thorsen sigeren, og det er førstnemnde som har uttalt seg om den komande tippekonkurransen. Sjå videoen under,  og heilt i botnen av saka ser du heile resultatlista frå førre tippekonkurranse.

NR

1

1

3

3

3

6

6

8

9

10

10

10

10

14

15

15

17

17

19

20

20

20

23

23

23

26

27

28

29

29

Namn

Leif Thorsen

Pål Rune Grønås

Jørgen Bø dy

Jon Håkon Østhus

Karl-Tore Østhus

Simon Madland

Kjetil Sunde

Geir M. Økland

Tor Kristian

Ole Jakob Kjølvik

Paul Arne Aano

John Fredrik

Anne Østhus

Elisabeth Sandanger

Helge M Iversen

Tollef Byrkjedal

Ørjan Klev Ladstein

Håvard Østhus

Ivar Opsal

Bjørg Aase

Janne Aano Bø

Jakob Bø

Eirik Runestad

Julie Bø

Jostein Gard

Johan Eggebø

Josef Bø

Kristian Sandanger Iversen

Ole Johan Sandanger

Jon Olav Østhus

Poeng

68

68

66

66

66

64

64

63

62

60

60

60

60

59

57

57

56

56

55

54

54

54

53

53

53

52

51

48

42

42

Papirbretting? Flatvev?

Skjermbilde 2014-01-09 kl. 17.59.44.png

Finnøy husflidslag inviterer til fleire ulike kurs i vinter/vår. Dei har bede oss om å leggje ut ei oversikt av desse kursa. Som de vil sjå, vert det mellom anna arrangert kurs i papirbretting her på Fogn. Prisane i oversikta gjeld for medlem/ikkje medlem, og påmelding må skje innan 12. januar, altså nokså snart.

Påmelding skjer til:

 

Edvar Nåden (40407624/enaden@hesbynett.no)

Dagrun Bø (98677994/dagrun.bo@norgespost.no).


Kursinnhald

Trearbeid

 

Flatvev

 

Kontursaging

 

Papirbretting

Kurshaldar

Torleiv Hebnes

 

Dagrun Bø

 

Einar Eltervåg

 

Niole Krivicivene
Edita Baltrusaitene

Oppstart

13.01 kl.13.30

 

16.01 kl09.00

 

Med. jan

 

10. feb

Tid

40t

 

40t

 

8t

 

12t

Stad

Hobbystova

 

Vevstova

 

Hobbystova

 

Fogn skule

Pris

kr 900/1000

 

kr 900/1000

 

kr 400/500

 

kr 500/600


Årsmøte i Finnøy husflidslag vert tysdag 21. januar kl. 19.00 i Fleirbrukshallen.

Erna Wensink fortel om prosjektet "Finnøyullteppet" og viser spinning og filting av ulike typar ull frå Finnøy. 

Alle er velkommen til møte og kurs!