Siste rapport frå movemberaksjonen

Gjengen som var samla til bartefest, fredag 29. november.

Då var movemberaksjonen til Fogn.org over, og ein må kunne seie at det vart ein vellukka aksjon. Totalt har vi fått inn 5405 kroner til Kreftforeningen, og alle deltakarane har fullført med stil! Fredag 29. november var dei fleste mennene samla til ein bartefest for å markera avslutninga på aksjonen. Her var det mat, drikke, quiz, fotosession, sjakk, air-hockey turnering og god drøs! Det var også rom for ei aldri å lita evaluering, og det vart ikkje konkludert med at det vert ein liknande aksjon neste år...
Pengane til kreftforeningen vert overførte på fredag 6. desember, så dei som føler dei ikkje har bidrege nok, kan gi si gåve til aksjonskontoen 9722 54 70735.

Rapport får julemessa

Anders Sandanger, som er med og arrangerer messa, kunne melde om ein vellukka dag med jamn og god pågang av folk!

Laurdag 23. november vart, den etterkvart så tradisjonsrike, julemessa på Erås museum arrangert igjen. I løpet av dei fire timane messa varte kunne folk få kjøpt smykker, tauprodukter, porselensfigurar, treting, leiker, julekaker og mykje, mykje meir. I tillegg var det mange som nytta seg av tilbodet om å kjøpe seg middag på messa, noko som bidrog til mykje drøs og god stemning! 

Også i år arrangerte kulturgruppa i grendalaget utstilling under julemessa. Tidlegare har både gryteklutar og sokkar vorte utstilt, men i år var det bilete frå Fogn som sto i fokus. Elevane på skulen hadde laga og fotografert "landart" (landskapskunst), og resultata vart stilt ut under messa. I tillegg kunne dei som ville sende inn digitale bilete, og desse vart presentert på ein TV-skjerm gjennom heile dagen. Denne serien med bilete vil bli publisert på Fogn.org i løpet av den komande veka.

Vellukka reflekstur!

Fredag ettermiddag/kveld arrangerte Fogn IL reflekstur for alle som ville vere med! Over 20 personar møtte opp til start ved skulen, og gjennomførte turen som gjekk opp til Peråsen, vidare til Høgaste, Varhaug, og så ned til kyrkja.

Ein av deltakarane, Janne Aano Bø, tok bileta i denne saka, og gav ein kort rapport til Fogn.org. Janne kunne melde om ei fin oppleving, der dei litt eldre borna raskt rykka frå "hovudfeltet", medan dei litt yngre borna gjerne vart litt slitne. Det var ein flott tur, med masse refleks, lommelykt og stjerneklar himmel, avsluttar Janne!