Informasjon

Transient

Fogn er ei øy med omlag 350 innbyggjarar, og ligg i Finnøy kommune i Ryfylke. I tillegg til dei fastbuande er her og mange hytter, som gjer at befolkninga er mangedobla om sommaren. Fleire kjem og til Fogn i eigne båtar, og legg seg til i ei av dei mange lune vikane rundt øya. 

Fogn er særleg kjent for sine mange veksthus med tomatplanter, og omlag 15% av noregs samla tomatproduksjon kjem frå Fogn. Elles er det eit rikt næringsliv og fleire bedrifter i ulike bransjar finnes på øya. Fogn har og eigen butikk, barnehage og skule, med elevar opp til 7. klasse.

Det må også nevnas at me har ei ny kyrkje frå 1991, bedehus, museum, turstiar og diverse aktive lag, som idrettslag, misjonslag, speidarar, bondelag, ungdomslag og helselag.