Filmar frå 17. maifesten 2025
/Nok ein flott 17. mai på Fogn er over, og i tillegg til gode minner frå ein nydeleg dag, kan vi ta med oss nye filmar laga til folkefesten om kvelden!
Din portal til perla i Ryfylke!
Praesent commodo cursus magna, vel scelerisque nisl consectetur et. Curabitur blandit tempus porttitor. Fusce dapibus, tellus ac cursus commodo, tortor mauris condimentum nibh, ut fermentum massa justo sit amet risus. Cras mattis consectetur purus sit amet fermentum. Cras mattis consectetur purus sit amet fermentum.
Nok ein flott 17. mai på Fogn er over, og i tillegg til gode minner frå ein nydeleg dag, kan vi ta med oss nye filmar laga til folkefesten om kvelden!
kl. 09.15 Flaggheising ved skulen
ca. 09.30 Toget stiller opp ved skulen
ca. 10.15 Toget kjem til kyrkja.
Samling med song, barnas tale og andakt av Julia Vigdal Esperås
ca. 11.00 Toget returnerer frå kyrkja til skulen
ca. 11.30 Matøkt ved skulen. Sal av pølser, is++ i kiosken. Det er sett fram eindel
benker og bord, men det er fint om nokon tek med sjølv.
ca. 12.15 Godteposeløp for born under skulealder og aktiviteter for 1.-7. trinn
ca. 12.45 Ulike aktiviteter for alle
ca. 13.45 Straffekonkurranse på fotballbanen
ca. 14.30 Avslutningssamling med premieutdeling ved uteamfiet
kl. 15.15 På Eide: Kransnedlegging og historisk tilbakeblikk
19.00 Dørene opnar på skulen
19.30 Folkefest for alle frå 8. klasse og oppover. Song, mat, underhaldning og tale for dagen ved Tor Øyvind Skeiseid. Inngongspris på festen er 300 kroner per person.
Velkommen til å feire grunnlovsdagen på Fogn!
Laurdag 24.mai inviterer Helselaget til Taco for heile familien på Oppvekstsenteret klokka 1800.
Sist gong Helselaget arrangerte tacokveld var i 2019. For dei som hugsar det tenker me å gjera det på same måte, med buffet.
Påmelding på sms til Oddbjørg innan 15.mai, tlf: 94 12 92 33 og vipps Fogn Helselag 584610. Dette må gjerast samtidig, altså påmelding og betaling.
Prisar:
1 – 6 år gratis
1. - 7. klasse 100 kroner
8. klasse og oppover 175 kroner
Vær rask med påmelding, me har plass til 100 personar. Så det blir første mann til mølla......
Skriv gjerne kor mange vaksne, born og «gratisgjester»
Hjerteleg velkommen
Helsing styret.
Folkehelseveka i regi av Nasjonalforeningen for folkehelsen, blir avslutta med «innviing» av den nye turløypa på Sylsøy på sundag 11. mai!
Før påske gjekk tursti-gruppa i Grendalaget opp den nye turstien saman med grunneigar Christoffer Inge, dei flikka og rydda stien for å gjera den framkommeleg. Det gjenstår framleis ein del arbeid og betre merking av sjølve stien, men det er ingen problem å ta seg fram. Tvert imot, løypa går i lett terreng gjennom svært vakkert kulturlandskap.
Oppstart bak løa ved Anne May og Christoffer Inge kl 1400. Parkering ved den gamle vegen i Auglendsdalen.
Alle tek med seg eigen matpakke.
Håper at så mange som mogleg blir med.
Hugs å «logga» turen og send talet på kilometer som er tilbakelagt gjennom heile denne veka til meg (Oddbjørg på nr. 94 12 92 33) innan sundag kveld. Så er me med å samla kilometer til Norge på langs.
God tur!
Helsing Helselaget
Neste veke startar Folkehelseveka 2025 i regi av Nasjonalforeningen for Folkehelsen.
I den anledninga er alle lokallaga invitert til å vera med å konkurrera om kven som klarer å gå strekninga Nordkapp - Lindesnes i løpet av veke 19.
Det fungerer slik at du registrerer kor langt du har gått i løpet av veka og gir beskjed til meg på sms: 94 12 92 33 Oddbjørg. Så legg eg saman alle tala og sender dei til Nasjonalforeningen.
Usikker på kor langt du har gått?
Ein tommelfingerregel er at ein times gange i roleg tempo tilsvarer omtrent 3 km, mens vanleg gange er rundt 4 - 5 km. I raskt tempo kan det vera opptil 6 km. (Og så finnes det jo mange appar på telefonen som kan måla avstand heilt nøyaktig)
Nokre døme på vanlege turar:
Butikken – Ørnareiret 2,5km
Kyrkja – Ørnareiret 1,5km
Fogn rundt 9,6km
Det blir trekt éin vinnar blant lokallaga. På vinnarlaget blir alle deltakarane premiert med kvar sin turkopp.
Å gå på tur saman med andre skaper glede, trivsel og fellesskap.
Då er det berre å finna fram joggeskoa og komma seg ut å gå!
NB! Om du vil jogga, er det lov det også :)
Inspirert av eit “Pop-up grøftesalg” på Sæbø 1. mai, blir det eit “Pop-up bruktmarked” utanfor Fogn Oppvekstsenter, laurdag 3. mai kl. 14.00-16.00! Her kan dei som vil selgja og/eller bytta ting ha “butikkane” sine under halvtaket utanfor skulen, så sjølv om det kan koma litt regn skal dei stå tørrt.
Dei som ynskjer kan finna fram ting dei vil bli kvitt, ta det med til skulen, og rigga til sin “butikk”. Det står nokre bord utanfor skulen som kan nyttast, men det er ikkje veldig mange, så om folk vil vere sikra bord bør dei ta med eigne. Så er det kanskje unødvendig å informere om, men varer som ein ikkje blir kvitt, må tas med heim igjen…
Dette blir garantert ein sosial “happening”, og det er veldig kjekt om mange kjem, både selgjarar og kjøparar!
Powered by Squarespace