Arrangement i kyrkje og bedehus dei neste dagane

69571287_2274153212633226_8092530413655818240_n.jpg

Det skjer ein heil del i kyrkja og på bedehuset dei neste dagane. Alt ligg inne i kalenderen her på Fogn.org, men her kjem ei lita påminning:

Søndag 8. september kl. 11.00 - Møte på bedehuset
Indre Sjømannsmisjon avslutter si møteveke på bedehuset. Dagfinn Sandal er med som talar. Noko å bita i etter møtet.

Søndag 8. september kl. 18.00 - Bønn- og lovsangskveld i kyrkja
Ein kveld med bønn for øya vår og kommunen vår. Litt solosang, men mest allsang. Lokale krefter vil spele og vere forsangerar. Både barn og vaksne vil vera med. Anledning til forbønn.
Arr: Lokal komitè/ansvarskomitèen.

Måndag 9. september kl. 17.30 - Diverse barnelag i kyrkje og på bedhuset
Hobby og tru, for borna til og med 1. klasse, samlast i kyrkja. Andakt og aktivitetar.

Gutte- og jentelaget, for borna frå og med 2. klasse, samlast til felles oppstart på bedehuset. Andakt, leiker og mat.

NB! Vi minner også om at båten Elieser kjem til Sørvåg tysdag 10. og onsdag 11. september. Her vert det møte med utlodning klokka 19.00 begge kveldane.

Mange glimt frå Fognaløp og Fognameisterskap!

Bilde 01.09.2019, 14 47 45.jpg

Søndag 1. september var det igjen tid for det årlege Fognaløpet og Fognameisterskapet. Først ut var løpet, der ein også i år kunne velgja mellom ein heil og ein “halv” runde rundt øya. Lilly C vann jenteklassen og Josef Bø vann gutteklassen på den halve runden. Dei sprang på henholdsvis 30,02 og 23,38. På den heile runden gjorde fam. Iversen reint bord, ved Anna og Kristian Sandanger Iversen. Dei sprang på tidene 54,17 og 42,46.

Deretter var det tid for 60-meter, lengdehopp og kast med liten ball for barn i alle aldrar. Mykje god innsats, mange smil og særs god stemning!

Sjå ein fyldig serie med bilete under. Bileta er knipsa av Mallin Sandanger Iversen, Julie Bø, Jørgen Bø og Håvard Østhus.

Informasjon om kommune- og fylkestingsval

Valg-2019-vignett.jpg

Måndag 9. september er det klart for kommune- og fylkestingsval i heile Noreg. På Fogn er vallokalet som vanleg på Fogn oppvekstsenter, der ein også kan stemma i kyrkjevalet. Lokalet er ope frå klokka 13.00-18.00.

Nytt av året er at det skal vera elektronisk registrering av manntalslista, ikkje manuell registrering som tidlegare. For at det skal gå raskare og enklare å avgi stemme, er det difor ein fordel om folk har med seg valkortet som dei har fått i posten. Det vil sjølvsagt vere mogleg å stemme utan valkort, men det vil då ta hakket meir tid.

Velkommen til å bruke di stemme!

Fognameisterskap og Fognaløp til helga!

Fognaløpet 2013 1.jpg

Søndag 1. september går årets Fognaløp og -meisterskap av stabelen. Kl 13.00 går startskotet for 5 og 10 km løypa, og idrettslaget oppfordrer alle (uansett alder) som liker å springe eller gå fort til å bli med. Startavgift for dei over 16 år er 100,- det vert premiering til vinnarar i dame- og herreklasse på begge distansar. I målområdet vert det som vanleg god stemning, frukt og grønt!

Det tradisjonsrike Fognameistermeisterskapet for born i alle aldrar starter kl.14.30, og her er det premiering til alle. Velkommen til store og små!