Redaktøren takkar av

Kristian.jpg

Kristian Sandanger Iversen, som har vore redaktør for Fogn.org dei to siste åra, har no takka for seg, grunna at han har byrja som elev på skuleskipet Gann. Då vert det, naturleg nok, vanskeleg å fylgja opp den lokale nettsida vår.

Vi vil takka Kristian for den flotte jobben han har gjort dei siste åra, og ynskjer han lukke til på vidaregåande skule! Så skal vi ikkje sjå vekk frå at vi ser meir til Kristian i Fogn.org-samanheng i framtida!

Gamleredaktøren Håvard Østhus tek over ansvaret for Fogn.org i ein overgangsperiode, fram til ei meir permanent løysing er på plass. Dersom nokon har tips til kven som kan overta ansvaret, er det berre å tipse oss om dette!

Kulturbasar på Erås til helga

Bilde+01.09.2018,+16+29+09.jpg

På laurdag 24. august vert den 11. kulturbasaren i rekka arrangert ved Erås Museum. Museet opnar klokka 13.00, og så vert det basardel frå klokka 14.30. Inntektene frå basaren går til Elise Lunde sitt prosjekt i Bolivia, og det vert gitt informasjon om prosjektet før loddsal. Det vert også musikal og sal av kaker/kaffi og forundringspakkar.

Vi er takksame for gevinstar til basaren.

Alle er hjarteleg velkomne!

God stemning, trass varierande vèr!

Ottar

Den 31. utgåva av Fognamarsjen gjekk av stabelen søndag 18. august. I løpet av dei par timane marsjen vara, fekk deltakarane oppleva både sol og varme, regn og kulde, og det som måtte vera mellom der! Likevel stilte omlag 60 personar til start, deriblant 20 personar som gjekk for første gong, noko Fognamarsjgeneral Ottar Sandanger sette stor pris på!

Det er framleis to personar som har gått samtlege marsjar, nemleg Anders Sandager og Jakob Bø. Begge måtte prioritera knallhardt for å kunne stilla i år, slik at det framleis står “uavgjort” i toppen av “adelskalenderen”.

Under er nokre bilete frå arrangementet:

Klart for Fognamarsj på søndag!

Fognamarsj.jpg

Fognamarsjen 2019 blir arrangert søndag 18. august , med start frå skulen mellom kl 15.00 og kl 17.00 .
Rundt øya som før. Startkontingent kr 100,- pr deltakar. Maksimalt kr 300,- pr familie.
I år blir det for 31. gong. Anders og Jakob har gått alle dei 30 første, og fekk kvar sin ostehøvel med inskripsjon i fjor.
Over 200 av dei snaue 500 som har gått marsjen , har kun gått ein gong. Alle er sjølvsagt velkomne til å gå marsjen neste søndag, men me oppmodar dei med ein eller få deltakingar spesielt til å stilla til start i år.
Lurer du på kor mange gonger du og andre har gått Fognamarsjen, så klikk HER!

For Fogn i.l. Ottar Sandanger

Heiderleg cuptap for Fogn

IMG_2476.JPG

Fogn holdt stand i ein og ein halv omgang mot fjerdedivisjonslaget Skjold, men måtte til slutt ta til takke med eit heiderleg 7-4 tap mot fjorårets vinnar av Obos-cupen.

Nivåforskjellen mellom laga var tydeleg alt i god tid før kampen. For der Fognaspelerane ankom i enkle bilar og ein traktor frå 1982, kom Skjoldspelarane i ein leigd buss med sota vindauge. Bussen var såpass stor at den ikkje fekk plass på parkeringsplassen ved Fogn stadion, så det kunne tyda på at Fogn ikkje var dimensjonert for slike motstandarar. Men det viste seg å ikkje stemma, då kampen kom i gang.

Grunna divisjonsforskjellen fekk Fogn starta med tre straffar. Både Sondre Sandanger Sørheim og Jakob Bø sette sine straffar trygt i mål, medan Johannes Hovda viste litt meir storsinn mot dei langveisfarande gjestene, og sette sin straffe over mål. 2-0 før start der altså.

Skjoldlaget viste tidleg klasse og skåra 3 mål i løpet av det første kvarteret, men då Fogn fekk rista av seg sjokket, byrja dei også å kome på farlege visittar på bortelaget sin banehalvdel. Johannes Hovda var særs nære med eit langskot i stanga, og kort tid etter fekk Fogn utteling for den gode innsatsen. Jørgen Bø jakta på ein bakromspasning, og fekk til slutt pressa Skjoldforsvaret til å levere ei dårleg klarering. Denne hamna rett i beina på Håvard Østhus, som hadde ein nokså enkel jobb med å sette inn utlikninga til 3-3!

Den uavgjorte stillinga heldt seg både til pause og omlag til halvspelt andreomgang. Skjoldspelarane byrja å bli stressa og frustrerte, men fekk til slutt hol på byllen, noko som førte til den velkjente ketchup-effekten til 3-4. 3-5 og 3-6 i løpet av få minutter.

Like før slutt fekk Fogn eit hjørnespark som enda opp i ein heil del klabb og babb inne i feltet. Til slutt fekk Johannes Hovda kontroll på ballen og gjorde opp for straffebommen ved å banka inn reduseringa til 4-6!

Og med kampens siste spark på ballen sette Skjold inn sin siste fulltreffar, slik at det heile endte med ein 7-4 siger til bortelaget.

Etter kampen var det god stemning mellom laga, som stilte opp til fellesbilete. Under fotoseansen stilte bortelaget spørsmål om det var ein plass å handle på Fogn, sidan dei hadde lang ventetid til båten. Då tilbaud Fognkaptein og sjef på "Jokeren", Ivar Opsal, seg å opna butikken for motstandarane, sjølv om vi no var fleire timar over stengetid. Slikt kan berre skje på landet, og vert heilt sikkert eit godt minne for spelarane frå Haugalandet!

Cupbombe onsdag 7. august?

Fogn IL.jpg

Onsdag 7. august klokka 19.10 er det tid for 2. runde i Rogalandscupen i fotball, der Fogn skal opp mot 4. divisjonslaget Skjold. I fjor slo Fogn, som kjent, ut Finnøy frå nettopp Rogalandscupen, så ein skal ikkej sjå vekk frå at det kan kome ei ny cupbombe onsdag kveld!

Kampen startar med at Fogn får 3 straffar, sidan dei ligg 3 divisjonar under Skjold. Det er med andre ord viktigt å møte presis dersom ein ynskjer å få med seg heile dramaet, som altså startar med 3 straffespark!

Velkommen til Fogn Stadion, og til å heie dei mørkeblå fram i ein vanskeleg kamp mot sterk motstand frå Haugalandet!