Handle lokalt dag på laurdag!

På Lørdag er det Handle lokalt dagen! Fogn Handel / Joker Fogn sende ut følgjande pressemelding:

Hei.
På Lørdag er det  «Handle lokalt dagen" igjen. 
Butikksjef Ivar og Kristoffer stikker av til Barcelona, men Gunhild, Ingunn, Pål og Øyvind serverer kake, kaffi og saft. Me setter opp bord og benker ute. 
Det blir pilkast konkurranse for alle. 
Det blir garantert god drøs og stemning. Dette skjer imellom 12-14

Inne i butikken er Karen Marie og Karianne klar til å ta imot alle kunder.

Håpar på mykje folk og god stemning.

Velkommen til å bli med på ein feiring av butikken og alle våre kjekke kunder.

TV-aksjon på sundag

Søndag 21.oktober er det TV-aksjon. Me treng bøssebererar. På Fogn er det oppmøte ved Joker Fogn kl 15. Der får du utdelt bøsse. Målet er å ha 10 bøsser fordelt på øya, så fordeler me øya mellom oss. Gå gjerne inn her og les om årets aksjon. Viss du vil vere med å gå med bøsse er det bare å møte opp neste søndag klokka 15.00 eller gi eit vink til meg (Heidi Bø Sangedal) på førehand tlf: 47010909. Eg legg og ei liste i bua ved butikken.

Dess fleire me er dess kjekkare :) Fin anledning til å gå ein søndagstur saman. Inntektene går til Kirkens bymisjon. Og aksjonen har fått navn "Mindre alene sammen" 

Tidspunkt for innsamling på Fogn er altså søndag 21.okt. kl 15 - 18 (bøssene sendes til Finnøy 1820) 


Refleks reddar liv!

Refleks.jpg

Kvart år, den tredje torsdagen i oktober, markerer Trygg Trafikk refleksdagen over heile landet. Det har alt byrja å bli mørkt ute både om morgonen og kvelden, og refleks blir særs viktig! Difor har Fogn oppvekstsenter gjort det til ein tradisjon å dele ut refleks til både born og vaksne akkurat på refleksdagen. I tillegg har dei ekstra fokus på refleksbruk i morgonsamlingane i klasseromma og i barnehagen, og ser gjerne ein video som syner kor viktig det er med refleks. Den videoen som blir vist i år, kan de sjå ved å klikka HER.

Så vil vi oppfordra alle til å køyra forsiktig, ikkje minst utanfor skulen og langs skulevegen. Vi får kortare tid til å reagera, no når det er mørkt, så sjølv om ein alltid skal køyra forsiktig, gjeld dette ikkje minst i den tida vi no går inn i!

Odd Dubland på bedehuset i helga

Dubbi.jpg

Helga 19.-21. oktober kjem Odd Dubland til Fogn bedehus for å ha misjonshelg. Dubland er kjent for mange, både som malar, talar og songar.

På fredag og laurdag byrjar møta klokka 19.30, medan møtet på søndag er klokka 11.00. Det vert noko å bita i etter alle møta. Det vert også høve til å gi ei gåve til NLM sitt arbeid kvar dag.

Velkommen til Fogn bedehus!

Arr: Fogn Misjonsforsamling

Filippinsk mat i løa på Sæbø

Gloria Tveitane er oppvaksen på Filippinene. No bur ho på Finnøy, men mattradisjonane frå heimlandet likar ho å halde på. Etter uveret som herja heimlandet for ei tid tilbake, ynskte ho å hjelpe dei som vart ramma av orkanen. Ho laga til middag og dessert på filippinsk vis, i løa til Unni og Jon Olav Østhus. Pengane som kom inn, gjekk til trengjande på Filippinene. Gloria sender mat, frå Norge til dei som treng hjelp på Filippinene. Det var mange frammøtte og alle var einige om at dette var eit kjempetiltak!

Maten smakte aldeles nydelig.

Under kan du sjå bilete: