Kom på tacokveld!
/Styret i Helselaget har i år bestemt å kutta ut den tradisjonsrike sundagsmiddagen. I staden ynskjer me å prøva oss på eit nytt og spennande alternativ. Etter mange rundar med gode innspel, landa me på TACOBUFFÉT. Me skal laga ein variert og rikhaldig tacomeny med mange gode smakar, og som passar for alle. Etterpå blir det dessert, tilpassa menyen.
Laurdag 9.februar på skulen frå klokka 1800 – 2100, med open buffét mellom klokka 1800 og 1900.
Påmelding på sms til Oddbjørg tlf. 94 12 92 33, innan tysdag 5.februar
Pris:
Vaksne o/10 år 150 kroner
Born u/10 år 50 kroner
Familie maks 500 kroner
Du kan betala med vipps eller kontantar.
For dei som ønskjer blir det anledning til å spela forskjellige brett – og kortspel.