Rapportar frå Tour de Fogn 2017

Helga 23.-25. juni går Tour de Fogn 2017 av stabelen. Vi kjem til å oppdatere denne saka helga gjennom!

Fredag 23. juni - Prolog
Øs pøs regnvær hindra ikkje 20 tøffe syklistar å stilla opp på startstreken under prologen på årets utgåve av Tour de Fogn. Denne knapt 4 kilometer lange etappen tur/retur Pakkeriet - Misjonshumpen er ein kamp med klokka som fort blir til eit blodslit, og det vert ikkje lettare når asfalten er våt og regnet driv i ansiktet.

Per Steinsland, som måtte starte prologen halvannen time før "ordinær" start, sykla på 6:21, og sette med det standarden i herreklassen. Denne tida sto imot angrep frå mange sterke syklistar, og den vart ikkje slått før Ørjan Klev Ladstein kom susande i mål på tida 6:15. Sist startande, Anders Eike, gjorde eit solid forsøk på å slå Ørjan, men han måtte ta til takke med (nok ein) tredjeplass på prologen, med 6:29. Alle tre på pallen kjem altså frå andre øyar enn Fogn, i Finnøy kommune, men fognbuen kom i mål like bak. Trekløveret Ivar Opsal, Helge Magnar Iversen og Jakob Bø tok dei tre neste plassane på tidene 6:34, 6:34 og 6:35, så det er absolutt ingenting som er avgjort her!

I dameklassen var det kun to deltakarar. Heldigvis seier ryktene at det kjem ein tredje deltakar på laurdag, men på fredag var det kun Tora Sandanger og debutant Ragnhild Hartvedt som stilte til start. Ragnhild var også aller første syklist ut, og kom i mål på tida 8:22. Tora, som har sykla "Touren" mange gonger før, starta eit minutt etter Ragnhild, og klarte å kneppe inn på denne tida, slik at ho kom i mål på sterke 8:08, og vann med det prologen for damene!

I klassen 60+ var det også to deltakarar. Ryktene vil ha det til at Njål Hetlelid har trent hardt over lang tid for å vinne nettopp denne klassen i Tour de Fogn 2017. Njål sjølv snakka seg litt ned før start, og fortalte at sjukdom har forstyrra oppladinga, men det såg ikkje slik ut då han suste i mål på 8:08! Hans einaste konkurrent, Lasse Lunde, var ikkje mykje dårlegare, men måtte til slutt sjå seg slått med 7 sekunder, og kom i mål på 8:15. Det går altså mot ein spanande duell blant seniorane!

I år har vi, for første gong, ein deltakar på el-sykkel! Arne Torgersen leverte varene så til dei grader, og sykla historias raskaste prolog på Tour de Fogn! Med tida 5:33 hadde han til og med slått fjorårsvinnar Inge Holla med 9 sekunder, og då forstår ein at her har det gått fort! Men vil el-sykkelen klara seg godt over lengre tid? Det, og mykje meir, får vi svar på i morgon frå klokka 14.30, då det er fellesstart med to rundar rundt øya, i tillegg til eige barneritt etterpå!

Klikk HER for å sjå fullstendig resultatliste for Tour de Fogn 2017!

Under er nokre fleire bilete frå fredagens prolog, og ein videoreportasje frå Kristian Sandanger Iversen:

Idrettsdag på skulen!

Onsdag 21. juni var det klart for årets siste skuledag på Fogn oppvekstsenter. Slik det har vore dei siste åra, så vart denne dagen nytta til idrettsdag. Elevane fekk vere med på mykje forskjellig og var innom både gymsalleiker, kast med liten ball, lengde, 60-meter, tautrekking, stafett og fotball i løpet av dei 4 timane dei var på skulen denne dagen.

Den avsluttande fotballkampen mellom dei tilsette og elevane endte med ein solid 6-3 siger til elevane. Kampen "hadde alt" då det både var mange mål, store sjansar, straffespark og både gule og raude kort. Elevane vann til slutt heilt fortent, og kunne ta ein like fortent sommarferie like etter kampslutt! 

Klikk "les mer" for å sjå fleire bilete frå dagen!

Berre ei veke til Tour de Fogn, meld deg på!

Skjermbilde 2017-06-16 kl. 17.46.24.png

Fredag 23. juni startar den 7. utgåva av Tour de Fogn! Mange har alt meldt seg på, men det er framleis plass til fleire! Gå til meir informasjon og påmelding ved å klikka HER.

Kristian Sandanger Iversen har laga ein "påmeldingsfilm", som kan sjåast ved å klikka HER. Filmen viser klipp frå mange tidlegare utgåver av rittet, og det er ingen grunn til å tru at det skal bli mindre kjekt denne gongen! I år er det fleire spenningsmomenter. Kjem det til å kome nokre "kanoner" som Inge Holla, som meldte seg på og vann soleklart i fjor? Kjem Joker-laget, som de ser bilete av over, til å vere komplett med samtlige fire frå Fogn handel? Vil deler av rittet gå på grus, sidan vi ikkje veit når asfalteringsarbeidet rundt øya vert ferdigstilt? Og vil det endeleg bli ny rekord i talet på deltakarar i dameklassen?

Bli med på (eit av) sommarens vakraste eventyr, Tour de Fogn!

 

Glimt frå søndagsskuleavslutninga

Søndag 11. juni var det avslutning for søndagsskulen og søndagsringen på Fogn. Igjen hadde Helga og Ståle Østhus stilt sitt naust til disposisjon, og folk kom dit, både til lands og til vanns! Dei omlag 50 personane som hadde møtt opp, fekk sjå skodespel om den bortkomne sonen, syngja barnesongar og grilla og leika seg. Vèret må kunne seiast å ha vore heilt OK, særleg med tanke på at regnet venta heilt til arrangementet var neste slutt før det byrja å dryppa. 

Under er nokre fleire bilete:

Avslutningar i helga

Både guttelaget og søndagsskulen har opne arrangement som markerer sommaravslutning denne helga. 

Friluftsbasar fredag 9. juni kl. 18.00
Guttelaget sin friluftsbasar plar å vera på plenen utanfor bedehuset. Dersom det er dårleg vèr, flyttest basaren innandørs. Her vert det andakt av Magne Vatland, sal av pølser, lappar, kaffi og brus, i tillegg til loddsal med trekning av ulike gevinstar. 

Søndagsskuleavslutning søndag 11. juni kl. 14.00
Søndagsskulen og søndagsringen har sin avslutning på Selvåg, ved naustet til Helga og Ståle Østhus. Parkering ved hønsehuset deira. 
Det blir andakt, aktivitetar og grilling av medbrakt grillmat.

Alle er hjarteleg velkomne på begge arrangementa!